Skriv ut

9.12. BERRE EIT DØGN TIL PÅMELDINGSFRISTREN GÅR UT - NO GJELD DET Å MELDE PÅ LAG

alle_vinnarane_gc_2012.jpg

No er det berre litt over eit døgn til påmeldingsfristen for Grendacupen 2019 går ut. So no gjeld det å melde på lag so fort som råd!

I skrivande stund har vi 19 påmelde lag. Åtte av dei i herreklassa, fire i dameklassa og sju i ungdomsklassa. Vi ønskjer sjølvsagt mange fleire lag i alle klasser.

Difor treng vi di hjelp! Lik og del dette innlegget med alle du kjenner! Desto fleire som får vete om årets siste store høgdepunkt, desto fleire lag meld seg på Grendacupen 2019.

Om du vil vere med å spele, men ditt lag enten saknar ein spelar eller to, eller om du rett og slett ikkje har funne deg eit lag endå. Legg då igjen ein kommentar i kommentarfeltet og vis at du ønskjer å spele Grendacupen 2019!

På den måten håper vi at mange fleire finn seg eit lag dei kan vere med på!

*

I løpet av dagen har eit nytt lag meldt seg. Det er damelaget "Comeback" og består av Martha H Omdal, Camilla Ervik, Caroline Overvåg, Ragnhild Ertesvåg, Andrea S Rødseth, Victoria Røren, Synne Dale Ryan og Johanne Helvig.