30.12. Oppdatert statistikk for dame- og ungdomsklassane: Holstad auka i tet
Vi har no oppdatert statistikken for dameklassen og ungdomsklassane. (Herreklassen blir vi vonleg ferdige med i løpet av nyttårshelga.) Vi legg merke til at Eva Janne Holstad gjorde comeback og auka i tet på mål-adelskalenderen i dameklassen.
Holstad scora fire denne turneringa og er oppe i 69 totalt. Næraste utfordrar Martha Helvig deltok ikkje denne gongen.
Vi legg elles merke til at både Caroline Ertesvåg og Ragnhild Ertesvåg no er oppe i 50 scoringar.
Ungdomsklassen for jenter er for fersk til at vi har laga ei topp ti-liste. I ungdomsklassen for gutar var det heller ikkje i år nokon nye som kom inn på topp ti-lista (har forsvarsarbeidet blant ungdomslaga blitt betre siste åra?).
For å sjå fullstendige mållister for desse klassane, i tillegg til topp ti-listene gjennom tidene, gå til Historikk i menyen til venstre. Velg deretter Samandrag.
Eventuelle feil kan rapporterast inn til hareidsida@gmail.com.