7.12. VI NÆRMAR OSS PÅMELDINGSFRISTEN - TRE NYE LAG ER PÅMELDT
Den 10. desember, om berre tre dagar, er den siste dagen ein kan melde på lag til Grendacupen 2019. Vi håper og trur at mange fleire lag meld seg på før den tid. Det vi hvertfall veit er at i løpet av dei siste dagane har tre nye lag meldt seg på. To i ungdomsklassa, og eit i herreklassa.
I ungdomsklassa er dei to nyaste laga "90% Trash" og "amoM eoJ". Laget "90% Trash" består av spelarane Daniel Jacobs, Andreas Knardal, Christoffer Ottesen, Iben-Andre Breivik, Nidal Shahoud, Estifanos Micael og Mulue Berihu.
På laget "amoM eoJ" finn du Daniel Hüttner Pilskog, Emil Hasund, Benjamin Riise Erdal, Iver Sjåvåg, Eivind Kolve, Torstein Kristoffersen Aam og Magnus Kolvik.
Det siste laget som har meldt seg på i herreklassa er nok eit klassisk eit, nemleg "Kvil dej". Det laget består av spelarane Nikolai Røyset, Joackim Røyset, Øyvind Hagen, Kevin Hestholm, Georg Rise Gaasø, Eirik Heltne, Arild Hånes, Thomas Østrem og Espen Langlo Driveklepp.
Vi har både plass og eit ønskje om mange fleire lag i alle klasser, men spesielt i jenteklassa treng vi fleire lag. So om du kjenner nokon som endå ikkje har meldt seg på eit av årets høgdepunkt so er det berre å fortelje dei at dei har tre dagar på seg!
Lenkje til påmeldingsskjema: http://grendacupen.hareidil.no/paamelding