15.12. TO DAGAR TIL ENDELEG PÅMELDINGSFRIST, VI TRENG FLEIRE LAG!
Den 17. desember, om to dagar, går den endelege påmeldingsfristen for Grendacupen 2019 ut. Vi har i skrivande stund 29 påmelde lag, men ønskjer fleire i alle klassene! Husk at det viktigaste med Grendacupen er å delta, ikkje å vinne!
I ungdomsklassa for gutar og i dameklassa er det seks påmelde lag. Det er fullt mogleg å lage puljer som består av tre lag, men det aller beste hadde vore om to nye lag i kvar klasse meld seg på.
I herreklassa er 14 lag påmelde, det er to mindre enn i fjor. For å kunne lage jamne puljer i denne klassa treng vi to eller fire nye lag. Det er noko vi skal klare!
Ungdomsklassa for jenter er den klassa der vi er i aller størst behov etter fleire lag. So longt er det påmeldt tre lag her, men vi vil aller helst ha med tre til, slik at vi kan lage to puljer.
Ikkje gløym at det er fullt mogleg å etter-påmelde spelarar. Om ditt lag har fem spelarar som vil delta på Grendacupen so er det berre å melde på lag no, so kan heller fleire spelarar meldast på etterkvart!
So om du kjenner nokon som endå ikkje har meldt seg på er det berre å minne dei på at dei har to dagar å gjere det på. Og husk, det viktigaste er å delta!
Lenkje til påmeldingsskjema: http://grendacupen.hareidil.no/paamelding