29.12. GRENDACUPEN 2019 OPPSUMMERT (+BILETESERIE)
Då er årets Grendacup avslutta, og vi meinar at det nok ein gong har vore ein kjempesuksess! Her prøvar vi å oppsummere turneringa kort.
I løpet av dei to siste døgna har Hareidshallen vore staden der ting har skjedd. Her har vi fått oppleve kampar frå morgon til kveld. Nokre av kampane har vore nervepirrande heilt til slutt, andre har enda med målkalas og overkøyring. Men felles for alt det som har skjedd i Hareidshallen denne helga er at det vore innblanda mykje følelsar; glede, spenning, lettelse, skuffelse, sinne og tilhøyrigheit. Det er alt det her som gjer Grendacupen til Grendacupen.
Difor erklærar vi Grendacupen 2019 som ein suksess, sjølv om det alltids er ting som kan forbetrast til komande år.
Vi takkar alle frivillige, spelarar, sponsorar, dommarar og tilskodarar for å gjere det heile mogleg.
*No over til den sportslege oppsumeringa.
Herre
Vinnar: Karanje ståande som vinnarar etter at dei slo SLAV 5-1 i finala.
Beste spelar: Håkon Grimstad Thormodsæter, Kjellaug
Toppscorar: Nils-Erik Engen med 11 mål, Karanje.
Fair Play-prisen: Kjellaug
Vakrast mål: Gustav Bjørlykke, SLAV
Dame
Vinnar: Egenverdi vann etter at dei slo Holemix 5-2 i finala
Beste spelar: Vilde Voll Hareide, Holemix.
Toppscorar: Delt toppscorar mellom Hanna Holstad Grimstad(Holemix) og Anna Nerland Aahjem(Egenverdi) med 10 mål kvar.
Fair Play-prisen: Holemix
Ungdomsklassa - gutar
Vinnar: Gongspærre etter at dei vann 10-3 i finala not Tapins.
Beste spelar: Christian Mork Breivik, Gongspærre.
Toppscorar: Syver Skeide, Gongspærre.
Fair Play-prisen: Olavius og utleningane
Ungdomsklassa - jenter
Vinnar: Tikka Mo Salah etter at dei vann finala mot Bananklysa med 8-3.
Beste spelar: Andrea Rønning, Tikka Mo Salah.
Toppscorar: Hilde Årsbog Bjåstad, Tikka Mo Salah.
Fair Play-prisen: Bananklysa
Draktprisen: Tikka Mo Salah
Nok ein gong takkar vi alle som har vore med å bidratt til at Grendacupen 2019 blei ein suksess!