Skriv ut

10.12. OBS! Påmeldingsfristen er utsett

Vi har fått eit par tilbakemeldingar frå eit par lag som treng litt meir tid på seg for å sjå om dei skal stille lag eller ikkje. Vi har valt å vere imøtekomande og utsetter no påmeldingsfristen til fredag 12. desember klokka 14.00. Denne fristen er absolutt.

Den same fristen gjeld for å melde på nye spelarar (evt. stryke spelarar), eller skifte lagnamn, for laga som allereie er påmelde. Det vil seie at det ikkje går an å skifte lagnamn etter 12. desember klokka 14.00.

Hugs at det er spelarane du melder på med penn og papir seinast 45 minutt før lagets først kamp som er ditt offisielle lag. Men for å spare komiteen for ekstraarbeid med mylivescore, samt å gi oss best mogleg innblikk i ditt lag før seedinga og trekninga (laurdag), så gjer vel i å ha mest mogleg klart innan fredag 12. desember klokka 14.00.

Når det gjeld påmelding av lag, trykk deg inn på menyen til venstre. For endring av lagnamn og spelarar, bruk mailadressa hareidsida@gmail.com (som blir sjekka eit par gonger i løpet av døgnet).

PS. Per onsdag klokka 12.00 er det 29 påmelde lag. Vi skulle gjerne hatt i alle fall to damelag og tre herrelag til, for å få eit best mogleg kampoppsett. Ein ungdomsklasse med åtte lag er for så vidt ideelt. Då blir det to grupper a fire lag. Men det er heller ikkje noko problem å ha ni lag, då med tre grupper a tre lag.