Skriv ut

31.12. Fullstendige mållister og toppscorarlister totalt er oppdaterte for klassane damer, ungdom gutar og ungdom jenter (ikkje toppscoraroversikt her enno, grunna at klassen er framleis er noko ung)

Du finn listene ved å trykke deg inn på Historikk i menyen til venstre og deretter Samandrag.

For ungdom gutar klarte ingen av dei som scora i mål i år å kome seg inn på topp 10-lista. 

På toppscorarlista for damer var det ingen nye på topp 10-lista, men nesten alle på den lista både spelte og scora turneringa som var - og nokre av dei byta plass på lista. Eva Janne Holstad ligg framleis på topp, men ikkje trygt, sidan Martha Helvig ligg berre to mål bak.

Oppdaterte målliste og toppscorarliste for herreklassen kjem i løpet av nokre dagar.

Inntil vidare; godt nytt år!