Skriv ut

01.01.2016. Mållistene for herreklassen også oppdaterte

(Du finn også dei ved å klikke på Historikk i menyen til venstre og deretter Samandrag.)

André Skotheim ligg framleis på topp på mål-adelskalenderen. No er han opp i 138 mål. Lars Roar Holstad vart den femte som passerte 100 mål romjula som var. Vi legg også merke til at Ivar André Aadland er ny mann på topp 15-lista, medan Peter Paus gjer comeback på same liste. André Egset Nupen er ute av lista for denne gong.

PS. Dett var dett frå arrangørane av Sparebank1 Grendacupen i denne omgang. Finn du feil i listene kan du kontakte oss på hareidsida@gmail.com. Vi takkar så mykje til alle involverte, og så satsar vi på at det blir cup også i 2016.