Skriv ut

23.12. Dei tradisjonelle Grendacup-vurderingane

960x.jpg

Like sikkert som det er 24. desember i morgon, så skal årets Grendacup-grupper analyserast grundig, utan humor og den slags fjas.

Dei tradisjonelle Grendacup-vurderingane, 2016

Av SHT

18 herrelag i år. For så vidt greitt nok. Men ein skulle gjerne sett det var fleire oldboys-prega-lag. Det ser ut som talet på unge spelarar som deltek i alle fall ikkje går ned, medan det blir færre og færre over 35 år som deltek. Er det ein trend so går an å snu?

Det mest innlysande med årets påmeldingar er at fjorårets vinnarlag RISK ikkje deltek. I staden har eit par av dei yngste Rise-karane gått inn på eit lag som kallar seg «Ullared», medan Torgeir Skeide og broren har laga seg eit eige lag (Amigos). Ulrik Wingsternes, som også spelte på vinnarlaget i fjor, er med på Vagn Scheide Mork sitt kjøpelag «Eit sjukt lag». Mork satsar altså alt på å vinne cupen for første gong sidan 1994.

Elles er som vanleg Holemix med, no for 15. året på rad – men utan 100-målsmannen Lars Roar Holstad. «Hus» er også eit lengelevande lag som også er med (i motsetning til Holemix hadde dei ein pause på eit par år for noko sidan). Eit lag som manglar i år er «Wimbledon». «Krædene» er heller ikkje med. La oss håpe dei kjem tilbake neste år. Vi legg elles merke til fleire nye konstellasjonar blant dei yngre. Fjorårets sølvlag «Kvil dej» er derimot intakt.

Gruppe A:

  1. Sei du det?

Christian Mork med nytt forsøk på å vinne herreklassen i Grendacupen. Har samla eit sterkt galleri. Men manglar keeper. Etter ei svak turnering i fjor trur vi revansjesuget kan vere ein fordel for Mork og Co. i år. Mork sjølv har opplevd det meste innan fotballen, inkludert å vere den desidert beste spelar i ungdomsklassen i Grendcupen gjennom tidene. Men herreklassen har han enno ikkje vunne. Sætrenes, Ringstad, Folkestad, Vattøy og ikkje minst C. Rekdal er sterke kort på dette nivået. Men undervurder aldri Erdal Aydin. Vi veit ikkje om han er i si beste form. Men vi kan aldri hugse at han har mista ballen før.

Sjå opp for: Skotfinta til Ola Kalvø Vattøy.

Profilen: Erdal Aydin.

Usikkerheitsmomentet: Kven skal stå i mål?

  1. Kvælartak

Også lag nummer to i denne pulja kan fort gå heilt til topps. Ja, dersom alle dei har meldt på faktisk har tenkt å spele, så vinn dei fort heile greia. Men då må Audun «Zorro-Kåre» Øvrelid vere ut på bana og ikkje på benken i år. Og den gamle Hjørungavåg-keeperen Kajan må finne flyten frå start av. Elles skal både Engen og Breivik vere botnsolide på dette nivået. Og Stranden og Ketheeswaran bør også kunne levere varene.

Sjå opp for: Klokka til Venthan Ketheeswaran. Går nøyaktig 11 minutt for seint.

Profilen: Runar Stranden.

Usikkerheitsmomentet: Kan henge seg for lett opp i dømminga. Påstod at dei rauk ut i fjor grunna eit kvelartak.

  1. Kvil dej

Å kvile seg. Det var akkurat det dette laget gjorde i gruppespelet i fjor. Tapte utruleg nok dei tre første kampane, før dei med siger i siste kamp tok seg vidare som beste firar. Imponerte ekstremt dag 2 med cupens beste spelar Øyvind Hagen i storslag, og med innespesialisten Kevin «Kaffi» Hestholm i mål (han med den grå keeperbrokja frå 1997). Dei andre karane gjorde også ein formidabel jobb. Hadde ikkje Joachim Røyset blitt utvist i semien kunne denne gjengen gått heilt til topps. Kva så i år? Omtrent same gjengen, men no er Nikolai Røyset tilbake etter x kneskadar og kan bidra meir. Dette kan eigentleg gå alle vegar. Vi tippar på ein roleg start på turneringa, som i fjor, så får dei ta det derifrå.

Sjå opp for: Laget vaknar seint i turneringa. Kan vere lurt.

Profilen: Arild Hånes.

Usikkerheitsmomentet: Held den grå keeperbrokja til Kaffi Hestholm ei turnering til?

  1. O2-snapparane

Lagleiar THS har byta ut glitter og glamour med meir kraft denne gongen. Har tatt inn staute karar som Kragset, Hasfjord og Vattøy denne gongen. Så det laget jamt over kan mangle på frekke finter og hælspark tek dei igjen med havregraut og armhevingar. Denne gruppa er tøff, og vi trur ikkje O2-snapparane vil kjempe i toppen. Men dei tek seg fort vidare som fjerde beste lag. PS. Isak Haanes vil sjølvsagt styrke dette laget veldig. Vi visste ikkje at det var O2-snapparar i Hødd-miljøet også.

Sjå OPP for: Remi Vattøy. Då snakkar vi heilt bokstavleg, altså.

Profilen: Lensmann Kragset.

Usikkerheitsmomentet: Blir det for mykje snapping under turneringa?  

  1. FC Hår Sår

Etter Holemix var AOT/EOT det laget som stilte flest år på rad i Grendacupen (ti år), men så la dei ned laget etter 2014. No er dei tilbake, men utan Paulsen, Helvig, Gaustad og gjengen som gjorde at dei vann gull både i 2009 og 2010. I år satsar dei på stort sett spelarar frå Hareid 2. Og det gir ikkje noko favorittstempel her. Per Ståle Nykrem kunne ha vore nyttig, men må stå over grunna skade.

Sjå opp for: Hårsår.

Profilen: Olav Hofseth (han har ikkje hårsår)

Usikkerheitsmomentet: Nei. (Det meste verkar sikkert med dette laget.)

Gruppe B:

  1. JKL

Truleg ikkje den aller beste JKL-overgangen, men bør nok vinne gruppe B, som ikkje er den aller sterkaste. Ruben-Kenneth Brandal og Ole Monrad Alme er ute av troppen. Antoni Gardshol er ein god erstattar. Og både Nikolay Sundgot og Daniel Reite er undervurderte innespelarar. Christer Adrian Mork kan gjere ein god jobb som målvakt. Kor god form Ørjan Engen Grimstad er i per dato er vi derimot usikre på. Totalt sett er vi usikre på om laget er ein gullkandidat i år. Men denne gruppa skal dei vinne.

Sjå opp for: Sterkt samhald.

Profilen: Den alltid like undervurderte utespelaren Daniel Reite. (Både han og N. Sundgot kunne ha vore kvalifiserte for FC Hår Sår.)

Usikkerheitsmomentet: Richard Valde.

  1. BJY

Før i tida var ingenting anna enn gull godt nok for Espen Beiermann, Peter Paus og Nupen-brørne ++. No er det gått nokre år. Og det kan sjå ut som kvartfinale er ei vel så fornuftig målsetjing. Når det er sagt kjem det framleis til å vere ekkelt å møte BJY i enkeltkampar. Og vi trur dei kan gjere eit godt gruppespel. Men vi trur ikkje det blir særleg meir enn kvartfinale dag to.

Sjå opp for: Rutinen.

Profilen: Robert Breivik. Han med to ulike fotballstrømper.

Usikkerheitsmomentet: Ei tida va, men hjelper det no?

  1. Hus

Sjølv om Hus er eit noko yngre lag enn BJY, er også dette laget prega av ein del spelarar som har vore betre før enn no. Ikkje noko gale i det. Men vi trur at Hus skal vere greitt nøgde om dei til dømes kjem på andre- eller tredjeplass i denne gruppa, og så går til kvartfinalen dag to.

Sjå opp for: Stian Myrene. Er visst nok i 17 gonger betre fysisk form enn for eit par år sidan. Det gjeld ikkje alle andre på dette laget. (Sjølv om Joachim Moldskred vart observert joggande rundt Grimstadvatnet her ein dag.)

Profilen: Gunnar Johann Ringstad.

Usikkerheitsmomentet: Bjørn Vegard Bjåstad.

  1. Slim fresh

Slim fresh har sine styrkar offensivt, der dei kan kombinere aggressivitet, medløp og frekke finter med godt pågangsmot, godt samhald og mykje overskot. Defensivt går det meir på lykke og fromme. Skal Slim fresh bli betre enn nummer fire i denne gruppa må dei skjerpe inn organiseringa.

Sjå opp for: Feda.

Profilen: Asadullah.

Usikkerheitsmomentet: Reza.

Gruppe C:

  1. Amigos de Parque

I likskap med Vagn Scheide Mork har Torgeir Skeide valt å hente inn folk han kjende ein eller annan gong for lenge sidan, men som han framleis hadde telefonnummeret til (eventuelt MSN-adressa til). «Amigos» har eit sylskarpt mannskap med kvalitet over heile linja. Ein femmar med til dømes V. Skeide, T. Skeide, Viddal, Amundsen og Johansen skal kunne vinne denne turneringa.

Sjå opp for: Det meste.  

Profilen: Emil Viddal. «Speller».

Usikkerheitsmomentet: Kjøpelag? Kan slå feil ut med lite samspelt gjeng.

  1. Les Rimme Rock

Sølvlaget frå 2014 gjer eit nytt forsøk. Ikkje alle på laget er på toppen av karrierane sine, men Aursnes er såpass bra han kan spele for både to og tre. Mikal Haanes er ein glimrande innespelar om han er i slag. Det same kan vi seie om Martin Longva. Brukbart mannskap elles. Les Rimme Rock er ein joker i årets Grendacup-flora. Kan bli alt frå finale til åttandedelsfinale.

Sjå opp for: Fire utlendingar på laget. Luktar diskvalifikasjon. (Om dei ikkje oppdagar det i tide.)

Profilen: Mikal Haanes.

Usikkerheitsmomentet: Sjekk «Sjå opp for».

  1. Eit sjukt lag

Åra går, og det er no 22 år sidan Vagn Scheide Mork vann Grendacupen for første og siste gong. Sidan den gong har han prøvd ei rekkje ulike metodar på å vinne cupen. Han har stilt meir eller mindre eit reint a-lag frå Hareid, han har vore på lag som har henta inn futsal-spelarar frå Trondheim – og han har til og med gjort eit par forsøk med «Wimbledon». I år er det tilbake til kjøpelag-taktikken. Mork har skaffa seg ein del spelarar som han har høyrt om, men ikkje kjenner. I tillegg kjem den lokale filtball-spesialisten Aadland, og gamle travarar som Ytre-Hauge og Wingsternes + to utlendingar som ikkje er utlendingar likevel (velkomen heim igjen, Hiwa og Hazhir!). Vi trur fort «Eit sjukt lag» kan vinne heile cupen, men dei er for lite samspelte til å hevde seg ei god pulje dag 1.

Sjå opp for: Alle. Rett og slett eit stjernegalleri.

Profilen: Ivar André Aadland.

Usikkerheitsmomentet: Kjøpelag? Kan slå feil ut med lite samspelt gjeng.

  1. SLAV

Ungt og lovande, men godt nok? Tida vil vise. Med litt flyt kan også dette laget vinne denne gode pulja. Men vil dei bli felt av manglande rutine? Sivert Piertoh (sonen til faren) er ein av dei mest lovande keeperane på øya. Rekdal og Sundgot er unge, lovande spelarar i Hødd-systemet. I tillegg kjem ei rekkje unge bra Hareid-spelarar, inkludert Ben Buntu – som var med litt på Hareid (2) også i haust, sjølv om han budde i Fosnavåg. Buntu er eit monster av ein spelar på sitt beste, men kan vere ustabil. «SLAV» er eitt av dei store usikkerheitsmomenta i turneringa.

Sjå opp for: Håvard Knudsen Bjåstad.

Profilen: Ben Buntu.

Usikkerheitsmomentet: Ben Buntu.  

  1. Hareid mottak

Hareid mottak har sine fordelar i at dei er samspelte, har spelarar med ganske gode tekniske ferdigheiter – og andre som kan kome inn og snu kampbiletet (ikkje dermed sagt kva veg). På minussida manglar dei rutine og generell taktisk kunnskap/erfaring. Som vi såg med eit likande lag i fjor kan dei lage trøbbel for fleire lag med lette føter og godt mot. Men det skal ikkje halde til avansement.

Sjå opp for: Hassan.

Profilen: Farhad.

Usikkerheitsmomentet: Hafiz.

Gruppe D:

  1. Ullared

Eit lag som truleg ikkje ville vunne nokon av dei andre gruppene, men gruppe D er open og utan nokon stor favoritt. Ullared har nokre svært unge lovande spelarar. Så spørst det om dette er eit år for tidleg? Tja. Bendik Rise spelte jo på vinnarlaget i fjor. Elias Flø er landslagsspelar på sitt nivå. Og så er her fleire lovande unge frå Hareid, som Øvrelid og Bigset. Har også ein lovande keeper i Rikard Osnes. Nei, vi trur ikkje Ullared går til topps i turneringa. Men dei kan gå langt.

Sjå opp for: Kvaliteten i laget.

Profilen: Jon André Skarshaug.

Usikkerheitsmomentet: Humørspelarar?

  1. Holemix

Holemix stiller i år utan 100-målsmannen Lars Roar Holstad. Sist dei gjorde det gjekk det faktisk veldig bra. Så kor stort saknet er står igjen å sjå. Vi må rekne med at både Simon og Mathias no har tatt igjen gamlekarane på laget når det kjem til kvalitet. Men Joar og Hallvar skal halde eit bra nivå framleis dei også. Holemix gjer det ofte godt når ingen forventar noko av dei. Og ofte dårleg når folk begynner å snakke om at dei endeleg skal vinne cupen igjen. I år er det tiårsjubileum for Holemix sitt einaste Grendacup-gull. Men det blir ikkje reprise i år. Men det kan bli ein ny semifinale, til dømes.

Sjå opp for: Får Mathias og Simon sine Grendacup-gjennombrot?

Profilen: Magnus Holstad.

Usikkerheitsmomentet: Tor Henning Holstad Sigbjørnsen (Vi beklager at vi først trudde der stod Tor Henning Andersen, og vi meinte han ville vere eit spørsmålsteikn i mål for dette laget. Så såg vi at der ikkje stod Andersen, men Sigbjørnsen. Potejto, potato.)

  1. Vi prøva igjen!

Endå eit forsøk frå eit lag som eigentleg har gjort det bra i Grendacupen fleire gonger; i alle fall i gruppespelet – før dei har slokna litt tidleg dag 2 eit par gongar. På sitt beste er dette eit lag som er svært låke å møte. Er du forsvarsspelar og har ballen i føtene gler du deg ikkje akkurat til at Arthur Hareide kjem i 110 kilometer i timen mot deg. Denne mr. Hareide er truleg ein av dei raskaste fotballspelarane i kommunen. Men han er langt frå den beste til å bremse… Elles må vi seie at vi kjenner alle på dette laget like godt. Kanskje er nokre av dei ukjende såpass gode at Vi prøva igjen! kan nå både ein kvart og ein semi? Vi tvilar. Men vi tvilar ikkje på at dette laget vil lage trøbbel for fleire lag denne turneringa.

Sjå opp for: Arthur Hareide. (Ta med leggskinn.)

Profilen: Ahilen Thuraisingam.

Usikkerheitsmomentet: Tore Hareide.

  1. Black Kings

Thanusan Tharumalingam er nok Hareid kommunes beste fotballspelar, om vi målar kvalitet per centimeter. Black Kings minner oss jamt om «Fun club», dei som spelar fotball i Hareidhallen fredagskveldane og volleyball ein annan plass i kommunen søndagar. Laget skulle derfor vere svært samspelte innan ei rekkje idrettar. Så spørst det kor langt dei kan kome seg o ei turnering som denne? Vi har ikkje lyst til å undervurdere dei. Men tvilar på det blir særleg meir enn ein åttandedelsfinale.

Sjå opp for: Ajeevan Amirthalingam. Spesielt god på småmål.

Profilen: Thanusan Tharumalingam.

Usikkerheitsmomentet: Alle kan legge om til tamilsk og dermed forvirre motspelarane.

Og kven vinn så turneringa?

Dei største favorittane blir «Amigos», «Sei du det?», «Eit sjukt lag», «Kvælartak» og «Ullared». Bak der kjem eit outsider-sjikt med «Kvil dej», «Les Rimme Rock» og «JKL». Med andre ord står det mellom nesten halvparten av laga.

Til slutt kan vi minne om at vi har tatt feil før. (Men det har ikkje skjedd ofte.)

*

Kva så med dameklassen? I år blir det i alle fall ei stor forandring når det kjem til kven som vinn cupen. Martha Helvig har nemleg vunne dei sju siste åra (tangerte rekorden til Grete Rise). Grunna fødslar og slikt kan ho ikkje spele denne gongen. Dermed får vi eit nytt vinnarlag. Kanskje blir det «Nederlaget»? Ragnhild Ertesvåg og Co. har tatt sølv i denne klassen mange gonger. Eit anna forslag kan vere «Dei andre». Laget ser ut til å vere ei blanding mellom Hasundgot-spelarar og nokre frå Hødd (inkluert Hareid-jenta Therese Holstad). Det kan bli ein del jamne kampar i denne klassen i år, men vi trur dei fire andre laga ligg litt bak desse. Like fullt er det artig at du ekte Grenda-lag; Holemix og Overå og Pilskog Velforeining, stiller i år.

*

Begge ungdomsklassane består av fire lag. Her ser det ut som det er mange lovande lag som deltek. Redaksjonen har blitt for gammal til å ha full kjennskap til dagens ungdom, og spår rett og slett to jamne grupper.

Lykke til, alle saman. Og god jul!