Skriv ut

Landslagspelar klar for Grendacupen!

Lagbilete av Sygjing frå 2018
Lagbilete av Sygjing frå 2018

I dag har eit nytt lag meldt seg på Grendacupen 2019, og det består ikkje av kven som helst!

Laget er "Sygjing", eit klassisk Grendacup-lag som har deltatt gong etter gong dei siste åra. Dei har ei stamme som består av Hareid-spelarar, men dei har også med nokre spelarar frå andre klubbar. Ein av desse tre spelarane legg vi spesielt merke til, nemleg Parfait Bizoza. Han har tidlegare spelt for AaFK 2 og Herd. Denne sesongen har Parfait Bizoza representert OBOS-liga klubben Raufoss, der han har spelt 27 av 30 kampar. Takket vere ein svært god sesong i OBOS-ligaen blei han i haust belønna med plass i A-landslagstroppa til Burundi til kampane mot Marokko og Den sentralafrikanske republikk no i november.

Eg har dessverre ikkje full oversikt over kva spelarar som har deltatt på Grendacupen gjennom dei 25 tidlegare åra, men eg blir overraska om det er mange tidlegare deltakarar som har vore tatt ut til eit A-landslag før. 

Vi håper at påmeldingane fortset å straume inn slik som no, spesielt i Dame -og ungdomsklassa.

Skreve av Anders Hüttner Pilskog