Skriv ut

26.12. PRESENTASJON AV PULJENE - DEL 1

hus_2018.jpg

No er det berre to dagar til Grendacupen 2019 byrjar, og det er med det på høg tid å presentere dei ulike puljene. I dag skal vi gå gjennom dei fire herrepuljene, og i morgon blir ungdoms- og damepuljene presenterte. 

Til årets Grendacup er det 15 påmelde herrelag. Dei er delt opp i fire puljer, tre av dei består av fire lag, medan den siste pulja består av tre lag. Vi skal ta ein nærmare kik på kvar og ein av dei.

Pulje A: Her finn vi laga Karanje, Kvil Dej, Kjellaug og 99 Pace. Den store favoritten i denne pulja er nok Karanje, som i fjor gjekk heile veien til semifinala. Laga Kvil Dej og Kjellaug er nok dei to største utfordrarane i kampen om gruppesigeren, medan 99 Pace må finne seg i å vere "underdog" i denne gruppa.

Pulje B: I denne pulja finn vi laga SLAV, Sygjing, Holemix og Godt og Blandet. Vi meinar at dette er den klart jamnaste gruppa. Rett og slett dødens gruppe. På desse laga finn ein blant anna Eliteserie-spelarar, landslagsspelarar og solide 4. Divisjons-spelarar. Her er det svært vanskeleg å tippe kven som endar som gruppevinnar, men blant dei fire laga var det SLAV som gjekk lengst i fjor, då dei gjekk til semi-finala.

Pulje C: Her finn vi laga Yx, KHB, o2-Snapparane og Despacito. I denne pulja er nok den regjerande vinnaren Yx, som då gjekk under namnet Torkelvegen, favorittar til å ende på 1. plass. Men vi trur at dei møter stor motstand mot KHB som består av ein gjeng svært rutinerte Grendacup-spelarar. Laga o2-Snapparane og Despacito trur vi ikkje klarer å hamle opp med KHB og Yx, men kven veit, cup er jo faktisk cup.

Pulje D: I denne gruppa finn vi dei tre laga Sei du det?, Gyazo og HUS. Dei kjem til å spele ein dobbelserie for å kompensere for at dei berre er tre lag. Det er svært vanskeleg å spå kven som kjem til å ende som puljevinnar her. For i fjor gjekk Sei du det? heile veien til finala, men Gyazo vann på andre sida Nattcup i Ulsteinvik for berre nokre dagar sidan, og eit rutinert HUS-lag skal ein heller aldri undervurdere. So denne pulja blir nok bli svært jamn. 

I morgon kjem som sagt ein kort presentasjon av dame- og ungdomslaga når vi fortset å telle ned til årets siste store høgdepunkt!

For å lese meir om laga og puljene, trykk her: https://live.mylivescore.no/t/769/fixtures