Skriv ut

27.12. PRESENTASJON AV PULJENE - DEL 2

knm_helge_ingstad_2018.jpg

No er det berre ein dag til Grendacupen 2019 byrjar! Det er difor på høg tid at vi presenterar puljene i dame- og ungdomsklassene.

Det er påmeldt seks damelag, sju gutelag og tre jentelag i dei ulike klassene. Det gjer at vi får to puljer for damene og gutane, og ei pulje for jentene.

Pulje E (damer): Her finn vi laga Egenverdi, Ressignert og Godt og Blanda. Den store favoritten i denne pulja er nok Egenverdi, sidan dei vann Nattcupen i Ulsteinvik for berre nokre dagar sidan. Men vi trur dei vil møte sterk motstand mot både Ressignert, som vann Grendacupen for jenter i fjor, og mot Godt og Blanda.

Pulje F (damer): Denne pulja består av Holemix, Comeback og Liggeunderlaget. I fjor vann Holemix heile turneringa, so dei må nok sjåast som favorittar. Men vi trur dei kan møte sterk motstand mot dei to andre laga i pulja, spesielt frå Comeback som har med seg mange gode spelarar. 

Pulje G (gutar): Her finn ein laga Joe Mama, Olavius og utleningane, Mæhmed valgte laget og Haudeverk. Dei to store favorittane i denne pulja er Joe Mama og Olavius og utleningane. Dei to laga har med seg fleire veldig gode spelarar, der fleire av dei spelarar på ulike kretslag. Mæhmed valgte laget og Haudeverk må nok finne seg i å vere "underdogs" i denne pulja, men det kan godt hende dei overraskar.

Pulje H (gutar): Denne pulja består av Gongspærre, Tapins og 99 DRIBLING. Her er Gongspærre den store favoritten ettersom dei er regjerande vinnarar. Men denne pulja består av tre veldig gode lag, der dei ulike laga både har med kretslagsspelarar og nokre landslagsspelarar. So her tørr vi å garantere at det blir spennande og interresante kampar!

Pulje I (jenter): I pulja for jenter finn vi dei tre laga Tikka Mo Salah, Bananklysa og Null Kondis. Den store favoritten her er utan tvil Tikka Mo Salah, med Hared IL sitt stortalent, Hilde Årsbog Bjåstad, i spissen. Kampane mellom Bananklysa og Null Kondis tørr vi ikkje å spå, for dei trur vi blir svært jamne.

Då er alle dei ni puljene presenterte, og alt skal då vere klart for den store morgondagen!