28.12. Dag 1 er over

Kim-Tore Husøy er toppscorar i herreklassen etter første dag.
Kim-Tore Husøy er toppscorar i herreklassen etter første dag.

Etter 12 og ein halv time med forfriskande fotball og svært høgde tilskodartal er dag 1 av Sparebank1 Grendacupen 2016 over.

Ein kjapp gjennomgang:

* I gruppe C (menn) var det fire lag som i grunnen alle gjorde det godt. Ikkje heilt uventa gjorde Fredrik Aursnes og Les Rimme Rock det aller best og vann gruppa. Det unge laget SLAV var også positive og tok tredjeplassen i gruppa. Verken Amigos eller Eit sjukt lag stilte like sterke lag på papiret som dei hadde meldt inn på førehand. Medan Amigos heva seg etter kvart og tok andreplassen i gruppa, vart det berre fjerdeplass for Vagn Scheide Mork og Eit sjukt lag.

Men det treng ikkje om å bety at dei går ut tidleg.

* For ganske uventa vann eit skade- og sjukdomsråka Hus gruppe B. Og det betyr at dei skal møte Eit sjukt lag allereie i åttandedelsfinalen. Kim-Tore Husøy varta opp med sju scoringar for Hus, flest av alle i herreklassen dag éin. JKL skuffa noko og vart nummer tre i gruppa. BJY heva seg etter ein dårleg start og vart nummer to. 

JKL får det nok tøft når dei skal møte Amigos i åttandedelsfinalen. Men ingenting er umogleg. BJY kan sikkert også lage ein del trøbbel for dei unge og lovande karane på SLAV. Men Slav må nok finne seg i å vere favorittar i den åttandedelsfinalen.

* Går vi tilbake til gruppa A, var det tre lag som skilte seg ut. Av desse var det Sei du det? som gjorde det aller best og vann alle kampane sine. Christian Mork og Co. var akkurat gode nok kvar einaste kamp. Og slikt brukar å love godt framfor sluttspelet. Slik sluttspelkartet ser ut kan det fort bli ein høginteressant kvartfinale mellom Sei du det? og Amigos.

Vi trur fort det kan bli tre lag frå gruppe A i kvartfinalane. Kvælartak bør slå Vi prøva igjen!, medan Kvil dej bør kunne hamle opp med Holemix, sjølv om Holemix neppe gir seg utan kamp.

Vi kan også ta med at O2-snapparane etter ein heroisk sluttspurt sikra seg fjerdeplassen i gruppa. Torstein Holstad Sivertsen og Co. kan dermed starte planlegginga av åttandedelsfinalen mot Ullared.

* Ungdommane på Ullared vann nemleg som venta gruppe D. Sjølv utan Bendik Rise, ein av fjorårets beste spelarar i denne turneringa, leverte Ullared varene. Slår dei O2-snapparane i morgon tidleg får dei kvartfinale mot SLAv eller Bjy. Vi begynner å lukte lukta av semifinale...

***

Går vi over til ungdomsklassen for gutar tok fire av fem lag seks poeng eller fleire. Altså fekk vi her oppleve mange tette og interessante kampar. Sunnmøre Hybeid var hakket betre enn dei andre og vann alle kampane sine. Dei blir nok også favoritt til å vinne heile turneringa, men sjå opp for fleire andre gode lag.

Merk også at ingen scora fleire mål enn Andreas Grimstad frå Class of 2003 i dag, uansett klasse og kjønn. Og laget hans kom på fjerdeplass i gruppa.

***

I ungdomsklassen for jenter går alle laga vidare til dag to. Og alle fire lag tok også minst tre poeng i dag. Herdavika ser ut som det skarpaste laget, men bak er det heilt ope.

***

I dameklassen gjekk det noko lunde som forventa. Nederlaget vann som venta den eine gruppa. Thea Vattøy Kristensen på dette laget scora flest mål i dameklassen i dag. I den andre gruppa var Dei andre omtrent like suverene. Vi tippar fort desse laga møtest igjen i finalen. Vi merkar oss elles at Eva Janne Holstad, tidenes toppscorar i dameklassen, gjorde comeback med tre scoringar for Holemix. 

***

Mykje er usikkert. 

Men det sikre er at morgondagen blir uhyre spennande. 

Det blir full fres i hallen frå klokka 09.25. Vel møtt!

Kampoppsett dag 2 og livescore.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar