Reglar for påmelding 2019

Grendacupen blir avvikla i Hareidhallen 28. og 29. desember

Det er Fotballgruppa i Hareid idrettslag som er arrangør.

Grendacupen er ei innandørsturnering i fotball, der den overordna målsetjinga er å ha "fotballmoro" på tvers av klubb- og aldersgrensene.

Kampar
Dei innleiande kampane går over 1 x 15 minutt.

I finaleomgangane aukar speletida til 1 x 20 minutt. (Speletid per kamp kan reduserast ved behov.) 

Namn
Ein del av sjarmen med Grendacupen er at spelarane kan danne nye lag frå år til år, og gi desse namn.

Toleransegrensene er vide, men vi vil be deltakarane om å ikkje bruke namn som kan verke krenkande og støytande.

Maks tal på bokstavar i eit lagnamn er 20 bokstavar, for å gjere det enklare for statistikkførarane.

Arrangøren føreheld seg retten til "omdøyping" av namn på lag.

Grendacupen har vore avvikla sidan 1994. Årets utgåve er den 26.i rekka. 

Klassar                       Det vert avvikla kampar i fire klasser: senior menn, senior kvinner og ungdom jenter og ungdom gutar.

Påmelding
Bruk linken "Påmelding" i menyen til venstre.
Påmeldinga skal innhalde namn på laget, klasse, kontaktperson med mobilnr, mailadresse og spelarar med fødselsår. 

Fristen for påmelding er 10. desember!

Senior menn
(f. 2003 og før):
Maksimum 10 påmelde spelarar pr. lag.
4 utespelarar + målvakt på bana om gongen.
Påmeldingsavgift 1000,-kr pr lag.

 "Utlendingsregel"
* Eit herrelag kan nytte inntil tre "utlendingar"

* Ein utlending er ein spelar som ikkje har budd minst tre år i Hareid kommune.
* Eller ikkje har spelt minst 50 kampar (a og/eller b) for Hareid (jamfør adelskalenderen).
* Dei som har spelt kampar for Hareid a-lag, Hareid 2 eller Hareid junior i inneverande sesong, og står framleis i Hareid IL Fotball ved sesongens utløp blir rekna som hareidsdølar.
* Dei som er medlemmer i den offisielle Grendacup-komiteen (styret) opplyst på nettsida under aktuelt årstal er heller ikkje utlendingar.

Senior kvinner
(f. 2003 og før):
Maksimum 10 påmelde spelarar pr. lag.
4 utespelarar + målvakt på banen om gongen.
Påmeldingsavgift kr 1000,- per lag.

Ingen "utlendingsregel"

Ungdomsklasse
(f. 2004, 2005, 2006, evt. også 2007.):
Maksimum 10 påmelde spelarar pr. lag.

4 utespelarar + målvakt på banen om gongen.
Påmeldingsavgift kr 800,-  per lag.
Ingen "utlendingsregel".

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar