Kampoppsettet for både 28. og 29. desember er no klart. Du finn det her.
For kamptider dag 1, sjekk posten frå i går (den som heiter "Trekninga er ferdig").
Kamptidene dag 2 blir på 15 minutt, minus finalane, som går over 18 minutt. Uavgjorte kampar i sluttspelet går til "sudden death".
Det blir berre to minutt pause mellom kampane dag 1, så alle laga må vere klar så fort den førre kampen er over. Dag 2 blir det tre minutt mellom kampane. I tillegg er det lagt inn eit par femminuttarar, i tilfelle ein må ta litt inn på oppsettet om fleire kampar går til sudden death.
PS. Alle laga blir oppmoda om å stille i drakter, eller skjorter av same farge. Ved fargelikskap spelar bortelaget i vestar. Kan også minne om at det blir kåra beste drakter i turneringa.
PS 2. No som kampoppsettet er i boks blir det ikkje allverda med nyheiter her på sida neste par dagane. Men vi jobbar med å få nokon til å kome med vurderingar av dei ulike klassane og puljene. Følg med rundt 20. desember om vi har klart å få det på plass.