29.12. GRENDACUPEN 2019 OPPSUMMERT (+BILETESERIE)

Vinnarane av jenteklassa og draktprisen, Tikka Mo Salah.
Vinnarane av jenteklassa og draktprisen, Tikka Mo Salah.

Då er årets Grendacup avslutta, og vi meinar at det nok ein gong har vore ein kjempesuksess! Her prøvar vi å oppsummere turneringa kort.

I løpet av dei to siste døgna har Hareidshallen vore staden der ting har skjedd. Her har vi fått oppleve kampar frå morgon til kveld. Nokre av kampane har vore nervepirrande heilt til slutt, andre har enda med målkalas og overkøyring. Men felles for alt det som har skjedd i Hareidshallen denne helga er at det vore innblanda mykje følelsar; glede, spenning, lettelse, skuffelse, sinne og tilhøyrigheit. Det er alt det her som gjer Grendacupen til Grendacupen.

Difor erklærar vi Grendacupen 2019 som ein suksess, sjølv om det alltids er ting som kan forbetrast til komande år.

Vi takkar alle frivillige, spelarar, sponsorar, dommarar og tilskodarar for å gjere det heile mogleg.

*No over til den sportslege oppsumeringa.

Herre

Vinnar:  Karanje ståande som vinnarar etter at dei slo SLAV 5-1 i finala.

Beste spelar: Håkon Grimstad Thormodsæter, Kjellaug

Toppscorar: Nils-Erik Engen med 11 mål, Karanje.

Fair Play-prisen: Kjellaug 

Vakrast mål: Gustav Bjørlykke, SLAV

Dame

Vinnar: Egenverdi vann etter at dei slo Holemix 5-2 i finala

Beste spelar: Vilde Voll Hareide, Holemix.

Toppscorar: Delt toppscorar mellom Hanna Holstad Grimstad(Holemix) og Anna Nerland Aahjem(Egenverdi) med 10 mål kvar.

Fair Play-prisen: Holemix

Ungdomsklassa - gutar

Vinnar: Gongspærre etter at dei vann 10-3 i finala not Tapins.

Beste spelar: Christian Mork Breivik, Gongspærre.

Toppscorar: Syver Skeide, Gongspærre.

Fair Play-prisen: Olavius og utleningane

Ungdomsklassa - jenter

Vinnar: Tikka Mo Salah etter at dei vann finala mot Bananklysa med 8-3.

Beste spelar: Andrea RønningTikka Mo Salah.

Toppscorar: Hilde Årsbog Bjåstad, Tikka Mo Salah.

Fair Play-prisen: Bananklysa

Draktprisen: Tikka Mo Salah

Nok ein gong takkar vi alle som har vore med å bidratt til at Grendacupen 2019 blei ein suksess!

|

27.12. PRESENTASJON AV PULJENE - DEL 2

knm_helge_ingstad_2018.jpg

No er det berre ein dag til Grendacupen 2019 byrjar! Det er difor på høg tid at vi presenterar puljene i dame- og ungdomsklassene.

Det er påmeldt seks damelag, sju gutelag og tre jentelag i dei ulike klassene. Det gjer at vi får to puljer for damene og gutane, og ei pulje for jentene.

Pulje E (damer): Her finn vi laga Egenverdi, Ressignert og Godt og Blanda. Den store favoritten i denne pulja er nok Egenverdi, sidan dei vann Nattcupen i Ulsteinvik for berre nokre dagar sidan. Men vi trur dei vil møte sterk motstand mot både Ressignert, som vann Grendacupen for jenter i fjor, og mot Godt og Blanda.

Pulje F (damer): Denne pulja består av Holemix, Comeback og Liggeunderlaget. I fjor vann Holemix heile turneringa, so dei må nok sjåast som favorittar. Men vi trur dei kan møte sterk motstand mot dei to andre laga i pulja, spesielt frå Comeback som har med seg mange gode spelarar. 

Pulje G (gutar): Her finn ein laga Joe Mama, Olavius og utleningane, Mæhmed valgte laget og Haudeverk. Dei to store favorittane i denne pulja er Joe Mama og Olavius og utleningane. Dei to laga har med seg fleire veldig gode spelarar, der fleire av dei spelarar på ulike kretslag. Mæhmed valgte laget og Haudeverk må nok finne seg i å vere "underdogs" i denne pulja, men det kan godt hende dei overraskar.

Pulje H (gutar): Denne pulja består av Gongspærre, Tapins og 99 DRIBLING. Her er Gongspærre den store favoritten ettersom dei er regjerande vinnarar. Men denne pulja består av tre veldig gode lag, der dei ulike laga både har med kretslagsspelarar og nokre landslagsspelarar. So her tørr vi å garantere at det blir spennande og interresante kampar!

Pulje I (jenter): I pulja for jenter finn vi dei tre laga Tikka Mo Salah, Bananklysa og Null Kondis. Den store favoritten her er utan tvil Tikka Mo Salah, med Hared IL sitt stortalent, Hilde Årsbog Bjåstad, i spissen. Kampane mellom Bananklysa og Null Kondis tørr vi ikkje å spå, for dei trur vi blir svært jamne.

Då er alle dei ni puljene presenterte, og alt skal då vere klart for den store morgondagen!

|

26.12. PRESENTASJON AV PULJENE - DEL 1

hus_2018.jpg

No er det berre to dagar til Grendacupen 2019 byrjar, og det er med det på høg tid å presentere dei ulike puljene. I dag skal vi gå gjennom dei fire herrepuljene, og i morgon blir ungdoms- og damepuljene presenterte. 

Til årets Grendacup er det 15 påmelde herrelag. Dei er delt opp i fire puljer, tre av dei består av fire lag, medan den siste pulja består av tre lag. Vi skal ta ein nærmare kik på kvar og ein av dei.

Pulje A: Her finn vi laga Karanje, Kvil Dej, Kjellaug og 99 Pace. Den store favoritten i denne pulja er nok Karanje, som i fjor gjekk heile veien til semifinala. Laga Kvil Dej og Kjellaug er nok dei to største utfordrarane i kampen om gruppesigeren, medan 99 Pace må finne seg i å vere "underdog" i denne gruppa.

Pulje B: I denne pulja finn vi laga SLAV, Sygjing, Holemix og Godt og Blandet. Vi meinar at dette er den klart jamnaste gruppa. Rett og slett dødens gruppe. På desse laga finn ein blant anna Eliteserie-spelarar, landslagsspelarar og solide 4. Divisjons-spelarar. Her er det svært vanskeleg å tippe kven som endar som gruppevinnar, men blant dei fire laga var det SLAV som gjekk lengst i fjor, då dei gjekk til semi-finala.

Pulje C: Her finn vi laga Yx, KHB, o2-Snapparane og Despacito. I denne pulja er nok den regjerande vinnaren Yx, som då gjekk under namnet Torkelvegen, favorittar til å ende på 1. plass. Men vi trur at dei møter stor motstand mot KHB som består av ein gjeng svært rutinerte Grendacup-spelarar. Laga o2-Snapparane og Despacito trur vi ikkje klarer å hamle opp med KHB og Yx, men kven veit, cup er jo faktisk cup.

Pulje D: I denne gruppa finn vi dei tre laga Sei du det?, Gyazo og HUS. Dei kjem til å spele ein dobbelserie for å kompensere for at dei berre er tre lag. Det er svært vanskeleg å spå kven som kjem til å ende som puljevinnar her. For i fjor gjekk Sei du det? heile veien til finala, men Gyazo vann på andre sida Nattcup i Ulsteinvik for berre nokre dagar sidan, og eit rutinert HUS-lag skal ein heller aldri undervurdere. So denne pulja blir nok bli svært jamn. 

I morgon kjem som sagt ein kort presentasjon av dame- og ungdomslaga når vi fortset å telle ned til årets siste store høgdepunkt!

For å lese meir om laga og puljene, trykk her: https://live.mylivescore.no/t/769/fixtures 

|

15.12. TO DAGAR TIL ENDELEG PÅMELDINGSFRIST, VI TRENG FLEIRE LAG!

dm_grendacup_2017.jpg
|

11.12. TI LAG NYE LAG PÅMELDE SISTE DØGNET - MEN VI VIL HA FLEIRE, OG FLYTTAR FRISTEN FEM DAGAR FRAM 

alle_vinnarane_gc_2012.jpg

I løpet av det siste døgnet har heile ti nye lag meldt seg på. Vi er med det oppe i 29 påmelde lag. Eit imponerande antal med tanke på at det berre var 19 påmelde for 28 timar sidan. Men ettersom det i fjor var 37 påmelde lag har styret bestemt at fristen blir forlenga for å prøve å nå eit liknande antal.

Fristen er med det satt til tirsdag den 17. desember. 

Då har dokke som endå ikkje har meldt på lag fem dagar til for å gjere nettop det! 

I herreklassa har vi i skrivande stund 14 påmelde lag, to dårlegare enn i fjor. So 16 lag er eit antal vi absolutt skal klare å slå!. So langt er det påmeldt 6 damelag, akkurat like mange som i fjor, so herifrå kan det berre gå oppover. Når det kjem til ungdomsklassa so er det her vi har mest forbetringspotensiale. For per dags dato er det seks påmelde gutelag, og tre jentelag. Her ønskjer vi mange fleire lag, både blant gutar og jenter. So om du kjenner nokon som endå ikkje har meldt seg på gjeld det å fortsette å mase, for det virkar!

Girri, girri!

|

10.12. TO NYE LAG ER PÅMELDE, PÅ DET EINE FINN VI EIN VISS SERIEMEISTER - 8 TIMAR IGJEN

Torkelvegen 2018
Torkelvegen 2018

No straumar påmeldingane til årets store høgdepunkt inn. Sidan forrige oppdatering for fire timar siden har to nye lag meldt seg på - og det er ikkje kven som helst du finn på desse laga. På "Yx" spelar nemleg både ein av Eliteseriens beste spelarar, i Fredrik Aursnes, og den som nok har Grendacup sin beste kondisjon, Ådne Andersen (i sterk konkurranse med Sondre Holstad).

Det andre laget, "Karanje", består av spelarar som spelar fast både i 2. og 3. Divisjon. Laget består nemleg av: Venthan Ketheeswaran, Audun Øvrelid, Nils-Eirik Engen, Stig Andor Engen, Ole Mondrad Alme, Amund Kleven Rasmussen, Isak Skare Haanes, Sveinung Fernando Veiseth og Martin Mork Breivik.

Ei fullstending liste over "Yx" får du her: Ådne Andersen, Aksel Bakken, Kjetil Knotten, Fredrik Aursnes, Asgeir Aursnes og Olav Haug Vikebak.

Vi fortsetter å mase. No gjeld det å fortsette å like og dele alt slik at alle forstår at dei må melde seg på. Vi er no oppe i 25 påmelde lag, so det virkar!

Girri, girri!

 

|

10.12. FIRE NYE LAG PÅMELDE OVER NATTA - 12 TIMAR IGJEN

Fjorårets Grendacup-vinnarar i jenteklassa, no under namnet "Ressignert".
Fjorårets Grendacup-vinnarar i jenteklassa, no under namnet "Ressignert".

No er dagen er her, den 10. desember, dagen då påmeldinga går ut.

I går var det eit stort engasjement på Facebook, der svært mange var flinke til å like og dele. Dette har vore til stor hjelp, for i løpet av natta har fire nye lag meldt seg på Grendacupen 2019. To lag i dameklassa, og to lag i herreklassa. Det gjer at vi no er oppe i totalt 23 påmelde lag, ti av dei i herreklassa, og seks av dei i dameklassa. Seks lag i dameklassa er det same antalet som vi tilslutt hadde under fjorårets Grendacup, so i den klassa ligg vi svært godt an! I herreklassa og ungdomsklassa( spesielt blant jentene)  manglar vi fortsatt ein del lag for å komme opp i same antalet som i fjor. Men om påmeldingane fortset å straume inn slik som no har vi god tru på at det skal bli bra mange lag i alle klasser!

Dei fire laga som har melde seg på dei siste 12 timane er "Ressignert", "Liggeunderlag", "Kjellaug" og "o2-Snapparane". På laget "Ressignert", som forøvrig vann Grendacupen i ungdomsklassa i fjor, finn vi spelarane: Louise Goksøyr UlsteinLisa Skotheim, Nathalie Aasemyr, Linnea Nesse, Plamedie Buntu, Thea Svoren, Kaja Thunem og Andrine Teigene.

Det andre damelaget, "Liggeunderlag", består av følgjande spelarar: Kristiane Worren, Helene Sjåstad Kleppe, Andrine Øvrelid, Marte Skodjevåg Sundgot, Matilde Sundgot Fjørtoft, Mathea Eikrem Flatin, Camilla Gjengedal, Henrikke Antonsen, Sandra Moldskred og Amalie Koppen.

Herrelaget "Kjellaug" består av fem spelarar, dei er som følgjer: Mattias Grimstad, Markus Rise-Grimstad, Håkon Grimstad Thormodsæter, Øystein Grimstad Thormodsæter og Andreas Grimstad.

Det seinaste laget som har meldt seg på er "o2-snapparane", der finn vi spelarane Torstein Holstad Sivertsen, Stian Brandal, Kristoffer Flø, Anders Egge Brandal, Markus Kristiansen, Sebastian Moldskred Kleven og Ulrich Kurseth.

No er det berre å fortsette å mase på alle dokke kjenner som endå ikkje har meldt på lag, då blir det mange lag!

|

9.12. BERRE EIT DØGN TIL PÅMELDINGSFRISTREN GÅR UT - NO GJELD DET Å MELDE PÅ LAG

alle_vinnarane_gc_2012.jpg
|
hus_2018.jpg

8.12. TO NYE LAG PÅMELDE DEI SISTE 24 TIMANE

Vi nærmar oss påmeldingsfristen for Grendacupen med stormskritt. I går var det tre dagar igjen, og då er det sjølvsagt berre to dagar igjen i skrivande stund. Men berre sidan i går kveld har vi fått inn to nye påmeldingar. Denne gongen er begge dei to laga påmelde i herreklassa, og vi snakkar om to klassiske Grendacup lag. Det er nemleg laga "Sei du det?" og "HUS".

På "Sei du det?" finn du spelarane Ola Kalvø VattøyØyvind HagenOle-Andre Ringstad, Lars-Andreas Folkestad, Runar Stranden, Christian Karlsbakk, Christian Mork og Odd-Magne Brandal. Ein rutinert Grendacup-gjeng som virkeleg veit kva det heile går ut på.

Det same kan ein seie om "HUS", det laget består nemleg av følgjande spelarar: Joakim Moldskred, Stian Myrene, Svein Inge Nesset, Kim-Tore Husøy, Bjørn Vegard Bjåstad, Benjamin Reite, Georg Olsen, Frank Robert Moldskred og Fredrik Abrahamsen. 

No byrjar antal påmelde lag å bli betre, men vi treng framleis mange fleire lag i alle dei fire klassene, so her er det berre å hive seg rundt!

Lenkje til påmeldinga: http://grendacupen.hareidil.no/paamelding 

|

7.12. VI NÆRMAR OSS PÅMELDINGSFRISTEN - TRE NYE LAG ER PÅMELDT

kvil_dej_2018.jpg

Den 10. desember, om berre tre dagar, er den siste dagen ein kan melde på lag til Grendacupen 2019. Vi håper og trur at mange fleire lag meld seg på før den tid. Det vi hvertfall veit er at i løpet av dei siste dagane har tre nye lag meldt seg på. To i ungdomsklassa, og eit i herreklassa.

I ungdomsklassa er dei to nyaste laga "90% Trash" og "amoM eoJ". Laget "90% Trash" består av spelarane Daniel Jacobs, Andreas Knardal, Christoffer Ottesen, Iben-Andre Breivik, Nidal Shahoud, Estifanos Micael og Mulue Berihu.

På laget "amoM eoJ" finn du Daniel Hüttner Pilskog, Emil Hasund, Benjamin Riise Erdal, Iver Sjåvåg, Eivind Kolve, Torstein Kristoffersen Aam og Magnus Kolvik.

Det siste laget som har meldt seg på i herreklassa er nok eit klassisk eit, nemleg "Kvil dej". Det laget består av spelarane Nikolai Røyset, Joackim Røyset, Øyvind Hagen, Kevin Hestholm, Georg Rise Gaasø, Eirik Heltne, Arild HånesThomas Østrem og Espen Langlo Driveklepp.

Vi har både plass og eit ønskje om mange fleire lag i alle klasser, men spesielt i jenteklassa treng vi fleire lag. So om du kjenner nokon som endå ikkje har meldt seg på eit av årets høgdepunkt so er det berre å fortelje dei at dei har tre dagar på seg!

Lenkje til påmeldingsskjema: http://grendacupen.hareidil.no/paamelding 

|
SLAV 2018
SLAV 2018

3.12. TRE NYE LAG PÅMELDE - EIN AV SPELARANE SKAL SPELE CUPFINALE TIL HELGA

No er det berre sju dagar igjen til påmeldingsfristen for eit av årets store høgdepunkt.

Sidan forrige oppdatering har tre nye lag meldt seg på årets Grendacup. Dei tre laga er Godt og blanda, Tapins og SLAV. Det er faktisk eit lag i kvar klasse. Godt og blanda er påmeldt i dameklassa, og der finn du spelarane: Natalie Birkhol, Cecilie Skeide, Astrid Andersen, Marita Myrvågnes, Sigrid Pedersen, Maria Juul Hansen, Anne-Liv Holstad og Karoline Breivik.

I ungdomsklassa for gutar er det nyaste laget Tapins, eit lag der du både finn spelarar frå Hareid og frå andre klubbar, og dei seks spelarane på laget er: Odin Bakke-Hareide, Oliver Aske, Iver Husø Johansen, Bendik Frøysa, Ørn Flø og Sebastian Løvoll.

Det nyaste laget i herreklassa er SLAV, eit klassisk lag som er med år etter år. Men til årets Grendacup har dei med ein spelar som skil seg litt ut i forhold til resten. For medan dei fleste av SLAV sine spelarane spelar i dei lavare divisjonane, so er det faktisk ein av dei som spelar fotball på heilt øverste nivå i Noreg. I år har han nemleg spelt 21 kampar i Eliteserien, og skora tre mål. Og ikkje nok med det, for til helga skal han spele cupfinale på Ullevåll mot Viking. Mannen vi snakkar om er ein som tidlegare har budd på øya, nemleg Torbjørn Kallevåg. 

So longt er det altso to spelarar frå Norges øverste divisjonar som er påmelde Grendacupen 2019, men vi ventar alle på den tredje, ein viss seriesmester frå Hareid...

Og for deg som endå ikkje er seriemestar i Eliteserien. Vi ventar minst like mykje på at du og ditt lag skal melde dokke på eit av årets store høgdepunkt!

Påmeldingsfristen er 10. desember.

|

28.11. TO NYE UNGDOMSLAG PÅMELDT

"Hareidsjentene" i 2018, mange av dei kjem i år til å spele på laget "Bananklysa!".
"Hareidsjentene" i 2018, mange av dei kjem i år til å spele på laget "Bananklysa!".

I løpet av ein kveld meldte to nye ungdomslag seg på årets Grendacup. I jenteklassa meldte laget "Bananklysa!" seg på. Laget består av følgjande spelarar: Ottine Bjørlykke, Ragna Rise Grimstad, Sarah Garnes, Oline Røyset, Borghild Holstad, Synne Wetterhus Jensen, Malin Bøe Velsvik og Andrea Holstad Grimstad.

I ungdomsklassa for gutar er det nyaste laget "Olavius og utleningane". På det laget finn du spelarane: Olavius Bjåstad Vikebakk, Martin Håheim Elveseter, Jack Alme, Ferdinand Irving, Sebastian Berntsen og Eirik Bjørnevik.

Det er berre å fortsette å melde på lag, påmeldingsfristen er 10. desember!

|

24.11. Fjorårets vinnarar er påmeldt!

knm_helge_ingstad_2018.jpg

Då er årets første lag i ungdomsklassa-gutar påmeldt, og vi har med det lag i alle dei fire klassene. Og det er ikkje kven som helst som har meldt seg på Grendacupen 2019. Det er nemleg fjorårets vinnarar, då kalla "KNM Helge Ingstad". I år går dei under namnet "Gongspærre", og består av følgjande spelarar: Jena Jeyathas, Nikolass Brandal, Syver Skeide, Andreas Televik, Oliver Ottosen og Kyrre Meinseth.

Vi ønskjer dei lykke til, og håper at alle andre tek å meld på lag so fort som råd!

|

21.11. Første ungdomslag påmeldt

Bilete frå finala i jenteklassa i fjor, der fleire av spelarane på Team Meight no deltek i år igjen, denne gangen under namnet Tikka Mo Salah.
Bilete frå finala i jenteklassa i fjor, der fleire av spelarane på Team Meight no deltek i år igjen, denne gangen under namnet Tikka Mo Salah.

No går påmeldinga unna! Dei siste dagane har stadig fleire lag meldt seg på eit av årets store høgdepunkt i Hareid-fotballen, Grendacupen. I går blei årets første ungdom- og jentelag påmeldt, "Tikka Mo Salah". Eit lag beståande av spelarar frå fleire ulike klubbar, men med Hareid si svært talentfulle Hilde Årsbog Bjåstad i spissen. Les meir om kva fleire spelarar som er med på laget i underkategorien "2019".

|

20.11. Nytt damelag påmeldt, og det er eit av dei klassiske!

Holemix 2017
Holemix 2017

I går blei årets andre damelag påmeldt. Først ut var "Egenverdi", men no er også det klassiske Grendacup-laget Holemix påmeldt. Laget består av Therese Hareide Holstad, Katrine Holstad, Frida Voll Hareide, Vilde Voll Hareide, Hanna Holstad Grimstad, Shaajeena Jeyathas, Arnhild Åsmo Bigset og Silje Håndlykken Holstad. 

No ventar vi berre på at Holemix i herre-klassa også melder seg på!

Og alle andre lag! 

Påmelding her

|

16.11. No er årets første damelag påmeldt!

dm.jpg

Fram til no har det berre vore herrelag som har meldt seg på Grendacupen 2019, men no har det første damelaget også meldt seg på. Laget heiter "Eigenverdi" og består av spelarane Andrine Nevstad, Vilde Sundal, Jenny Gjerde, Anna Aahjem, Kethleen Lorenzo og Oline Sundgot. 

No håper vi fleire damelag meld på lag so fort som mogleg!

Landslagspelar klar for Grendacupen!

Lagbilete av Sygjing frå 2018
Lagbilete av Sygjing frå 2018

I dag har eit nytt lag meldt seg på Grendacupen 2019, og det består ikkje av kven som helst!

Laget er "Sygjing", eit klassisk Grendacup-lag som har deltatt gong etter gong dei siste åra. Dei har ei stamme som består av Hareid-spelarar, men dei har også med nokre spelarar frå andre klubbar. Ein av desse tre spelarane legg vi spesielt merke til, nemleg Parfait Bizoza. Han har tidlegare spelt for AaFK 2 og Herd. Denne sesongen har Parfait Bizoza representert OBOS-liga klubben Raufoss, der han har spelt 27 av 30 kampar. Takket vere ein svært god sesong i OBOS-ligaen blei han i haust belønna med plass i A-landslagstroppa til Burundi til kampane mot Marokko og Den sentralafrikanske republikk no i november.

Eg har dessverre ikkje full oversikt over kva spelarar som har deltatt på Grendacupen gjennom dei 25 tidlegare åra, men eg blir overraska om det er mange tidlegare deltakarar som har vore tatt ut til eit A-landslag før. 

Vi håper at påmeldingane fortset å straume inn slik som no, spesielt i Dame -og ungdomsklassa.

Skreve av Anders Hüttner Pilskog

|

11.11.2019 Tre lag påmeldte etter første dagen!

Årets første lag som meldte seg på, Gyazo. Her på lagbiletet frå ifjor.
Årets første lag som meldte seg på, Gyazo. Her på lagbiletet frå ifjor.

I dag, den 11. november, opna påmeldinga til Grendacup 2019. Iløpet av dei første timane har heile tre lag meldt seg på, noko vi er svært fornøgde med!

Dei tre påmeldte laga er: Gyazo, KHB og Kirishan FC. Dei er alle påmeldte i klassa Senior Herrer. Kva spelarar som er på dei ulike laga kan du lese meir om i underkategorien "2019".

No håper vi at påmeldingane fortsette å strøyme inn, spesielt i Dame- og Ungdomsklassene. Desto før du melder på lag, desto betre! (Det er ingen problem å etterpåmelde enkeltspelarar)

Girri, girri!

|

I morgon startar den 25. Utgåva av Grendacupen

skjermbilde_2018-11-29_kl_11_48_24.png

I morgon, 28. Desember, 08:00 sparkast fyrste kampen i gong. Opningskampen går i mellom SLAV og Fotball kos. Etter det går det slag i slag fram til 23:50, der siste to lag ut er Holemix og Hold my beer.

Herreklassa er inndelt i fire puljar, der det er fire lag i dei to fyrste puljane, og fem lag i dei to siste puljane.

I pulje A finn vi laga ”Kvil Dej”, ”Sygjing”, ”Ex On The Pitch” og ”O2-Snapparane”. I utgangspunktet bør ”Kvil Dej” stikke av med gruppesigeren, men man skal ikkje sjå bort i frå at ”Sygjing” bit godt i frå seg, der bla. William V. Bigset er kjent for å vere ein slepen innespelar. I tillegg er det verdt å merke seg at Grendacupen sin toppscorar igjennom tidene, André Skotheim, er påmeldt ”Ex On The Pitch”.

Pulje B inneheld fjorårets vinnarar (med nytt namn) ”Torkelvegen” med Fredrik Aursnes i spissen, ”Quidd”, ”Holemix” og ”Hold my beer”. ”Quidd” skal i følgje jungeltelegrafen ha fått forsterka laget, og fått med seg blant anna Vagn S. Mork i mål. ”Holemix” har påmeldt stort sett samme laget som alltid, medan ”Hold my beer” fort kan bli ein overrasking med spelarar som Kim-Andre Alvestad og ringreven Kurt Haddal.

I den tredje herrepulja (Pulje C) har vi laga ”Smultringen has ole k”, ”SLAV”, ”Bort me K!”, ”Vi prøva igjen” og ”Fotball kos”. ”Smultringen has ole k” er stort sett same lag som fjorårets finalistar ”Kvælartak”. Det ryktast elles om eit skadeprega ”SLAV”, men Håvard Bjåstad i spissen. Dei vil nok uansett klare å bite godt i frå seg. ”Bort me K!” har blant anna målfarlege August J. Brandal. ”Vi prøva igjen” er eit halvt familielag, med hærførar Arthur ”The tank” Hareide i spissen. ”Fotball kos” har mange ukjende namn, og må nok få inn fleire lokale spelarar for å kunne stille til start.

I den ferde og siste, Pulje D finn vi laga ”Sei du det?”, ”Gyazo”, ”HUS”, ”Black and white” og ”VENTIS”. Her kan det fort bli kamp om fyrsteplassen. ”Sei du det?” har fleire gode innespelarar i tillegg til at ”Gyazo” nylig vann årets nattcup i Ulsteinhallen. Her blei også Henrik H. Holstad kåra til turneringas beste spelar. ”HUS” stiller som vanleg i år igjen med stort sett same gjeng, medan ”Black and white” og ”VENTIS” fort kan overraske.

I dameklassa er det fire lag påmeldt. Dette er ”Erta Berlin”, ”Holemix” ”ikketapåme” og ”Lea og gjengen”. ”Erta Berlin” er ei slags utgreining av fjorårets vinnarar, i tillegg til litt påfyll. ”Holemix” har med Eva Janne Holstad, som er den mestscorande dama gjennom Grendacupen sine 25 år. Både ”ikketapåme” og ”Lea og gjengen” vil også kunne bite godt i frå seg.

For ungdom gutar er det to puljar med fire lag. I Den fyrste puljen finn vi ”The Van Curse”, ”KNM Helge Ingstad”, ”Benduskhan FC” og ”Kjøyr”. I den andre puljen er ”Goal Diggerz”, ”Underdogs”, ”Kjempen og dei små hjelparane” og ”Julekroppen IL”.

For ungdom jenter er det to puljar med fire lag i eine og tre lag i den andre. I den første puljen finn vi ”Wasted potentional”, ”Bambi på isen”, ”Miniputtane” og ”Gjør ting vi ikke kan”. I den andre puljen er ”Gaasø&co”, ”Team Meight” og ”Hareidsjentene”.

For å sjå fullt oppsett, tidspunkt for kampar, motstandarar, spelarar, mål osv. Kan du besøke mylivescore.no og søke opp "Grendacupen" eller du kan trykke her.

Møt opp i morgon for spenning, fotballglede og kanskje ei pølse i kiosken!

1234...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar