28.12. Lagbilete damer, pulje I
28.12. Lagbilete menn, pulje C
28.12. Lagbilete damer, pulje J
28.12. Lagbilete ungdom gutar, pulje H
28.12. Lagbilete menn, pulje B
28.12. Lagbilete ungdom jenter, pulje H
28.12. Lagbilete ungdom gutar, pulje G
28.12. Lagbilete menn, pulje A
22.12. God jul!

Då skulle det meste vere på plass før årets utgåve av Sparebank1 Grendacupen, og arrangørane tek seg no nokre dagar med "vanleg" jul før hallen blir rigga 27. desember. For dei som vil trene i hallen før rigginga, sjekk Hareid IL sin facebook-profil. Inntil vidare ønskjer vi alle som har eit forhold til Sparebank1 Grendacupen ei retteleg god jul!

21.12. Artikkel om Sparebank1 Grendacupen 2015 i Vikebladet Vestposten

Les den her.

19.12. "Bygdedyret" sine semitradisjonelle cup-vurderingar
bygdedyr1.jpg
18.12. Ei lita endring i oppsettet
Ei lita endring: 80 % av laget til Team Handball kunne ikkje spele kampar om kvelden, og dei stod i fare for å trekke laget, så vi måtte trekke eit anna useeda lag dei kunne byte gruppe med, og det vart Reunited.
Vi håper dette ikkje medfører problem for nokon. Oppdatert kampoppsett ligg ute.
16.12.2015. Kampoppsettet

Kampoppsettet for både 28. og 29. desember er no klart. Du finn det her.

For kamptider dag 1, sjekk posten frå i går (den som heiter "Trekninga er ferdig"). 

Kamptidene dag 2 blir på 15 minutt, minus finalane, som går over 18 minutt. Uavgjorte kampar i sluttspelet går til "sudden death".

Det blir berre to minutt pause mellom kampane dag 1, så alle laga må vere klar så fort den førre kampen er over. Dag 2 blir det tre minutt mellom kampane. I tillegg er det lagt inn eit par femminuttarar, i tilfelle ein må ta litt inn på oppsettet om fleire kampar går til sudden death.

PS. Alle laga blir oppmoda om å stille i drakter, eller skjorter av same farge. Ved fargelikskap spelar bortelaget i vestar. Kan også minne om at det blir kåra beste drakter i turneringa.

PS 2. No som kampoppsettet er i boks blir det ikkje allverda med nyheiter her på sida neste par dagane. Men vi jobbar med å få nokon til å kome med vurderingar av dei ulike klassane og puljene. Følg med rundt 20. desember om vi har klart å få det på plass. 

 

14.12. Trekninga går tysdag

Like før klokka 12.00 måndag vart turneringskomiteen kontakta av ein person som ønskte å melde på to ekstra lag, eitt herrelag og eitt damelag. Det har turneringssleiinga godkjent, under føresetnad at spelarlistene er oss i hende klokka 16.00. Det betyr at det blir seeding og trekning i morgon, tysdag. 

Forhånd.1234567...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar