28.12. Lagbilete damer, pulje H
28.12. Lagbilete menn pulje B og E
28.12. Lagbilete menn pulje D og ungdom pulje G
28.12. Lagbilete menn pulje C og ungdom pulje F

27.12. Endringar i kampoppsettet II

Sparebank 1 Grendacupen: Til laga i gruppe B og E. Sidan laget "Snart helg" måtte trekke seg er det gjort nokre mindre justeringar i kampoppsettet mellom 14.10 og 17.07. For laga i gruppe B blir det to kampar i staden for tre, men 20 minutts kampar, slik alle får nesten nøyaktig lik kamptid. Sjekk mylivescore.no.

25.12. Endringar i kampoppsettet

Andymedboner FC måtte dessverre trekke seg frå ungdomsklassen grunna mange skadar. Det blir derfor tre lag i den første ungdomspulja. Desse får dermed spele 18 minutts kampar innleiande.

Dette har igjen ført til nokre endringar for den første herrepulja som skal i aksjon - mtp kamptider.

Sjå endeleg kampoppsett her.

NB. Hugs å møte opp i sekretariatet 45 minutt før første kamp for å registere ditt lag. Ta med 100 kroner per spelar. Vi minner om at det er dei spelarane du melder på med penn og papir som er ditt offisielle lag, og ikkje dei du har meldt på før 10. desember. For laga i den første ungdomspulja og den første herrepulja held det å møte opp i sekretaritatet 30 minutt før første kamp. Alle kan melde på nye spelarar undervegs i turneringa (men ingen kan bruke meir enn 10 totalt innanfor gjeldande regelverk). Men då må du melde deg i sekretariatet og betale 100 kroner per nye spelar. Ingen får spele utan å vere registert og betalt for. 

VEL MØTT!

23.12. Ny redaksjonskomité

Sperebank 1 Grendacupen har i år fått ny redaksjonskomité. Den består av Per Inia Brekke, Ulrich Kurseth, Hiwa Alipoor og Hazhir Alipoor. Dei får hovudansvaret for mylivescore, samt foto både her på sida og på Hareid IL sin facebookprofil 28. og 29. desember. Så det blir plattformer å følgje turneringa på i år!

Elles skal spelarane på a-laget, damelaget og Hareid 2 bidra på ulike måtar gjennom turneringa.

23.12. Bygdedyret sine Sparebank 1 Grendacupen-vurderingar
god_jul_hareid_il_jpg.jpg

For første gong på ca. ti år blir det ikkje Grendacup-vurderingar a la EOT. Men ein anonym skribent som vil bli kalla "Bygdedyret" har sendt inn ei rangert liste over dei ti beste herrelaga som han/ho meiner er dei største favorittane.

18.12. Kampoppsettet er no ferdig

Alle lag får anten 39 eller 40 minutts speletid innleiande. Dei puljene med fire lag spelar 3 x 13 minutt. Puljene med fem lag spelar 4 x 10 minutt.

Kampoppsettet ligg her.

Skulle det vere spørsmål inn mot cupen kontakt dagleg leiar Anita Waage eller cupgeneral Kristian Angelsen.

EOT, som har vore sekretær for cupen siste åra, er ikkje med i år.

17.12. Kampoppsettet noko forseinka

Det som ligg ute på Mylivescore.no er enno berre eit utkast.

Det blir gitt beskjed når kampoppsettet er ferdig og offisielt.

16.12. Nytt lag

Etter trekninga kom det eit ekstra lag i herreklassen, "Z". Dette laget søkte om å få bli med trass i at fristen var gått ut, og fekk det godkjent, sidan kampoppsettet ikkje var påstarta enno. Etter trekning går "Z" inn i gruppe A. Arbeidet med kampoppsettet har no starta, og det blir gitt beskjed her på sida når det er ferdig.

13.12. Trekninga er ferdig

Ungdom pulje A: Grendaboys, Sevi CS, AndymedBonerFC, Underdogs United.

Ungdom pulje B: Kolo Kolo, Skeide FC, Måltjuvane, Fair play.

Menn pulje A: Gomerhuset, Spellagå, O2-snapparane, Arrangørlaget.

Menn pulje B: Quidd, Snart helg, X, Vi prøva igjen.

Menn pulje C: Real Ven., Los Pollos H., Bizim Takim, HUS.

Menn pulje D: AOT&EOT, Andreas Fure m. fl., Ken trenge innbyttara?, Holemix.

Menn pulje E: ?, Røyskattane, Skrettinghua, Dr. Snipsøyr.

Det var ikkje seeding i ungdomsklassen. Det var eitt seeedingsnivå i herreklassen (seeda lag står først, tre beste frå i fjor + to beste på papiret ut frå påmelde spelarar).

Som tidlegare nemnt kjem kampoppsettet over helga ein gong.

13.12. Klart for trekning

Då er påmeldingsfristen ute. Vi har fått inn 20 herrelag, åtte ungdomslag og fem damelag. Det blir trekning for herreklassen og ungdomsklassen. Trekninga går i dag (laurdag).

Kampoppsettet kjem på mylivescore.no innan onsdag.

12.12. OBS!

Fristen til Sparebank1 Grendacupen har no gått ut. Men sidan eit par har spurt om utvida frist, held vi ope for eitt herrelag til og eitt damelag til innan i morgon klokka 14.00. Ta kontakt på hareidsida@gmail.com ved spørsmål.

10.12. OBS! Påmeldingsfristen er utsett

Vi har fått eit par tilbakemeldingar frå eit par lag som treng litt meir tid på seg for å sjå om dei skal stille lag eller ikkje. Vi har valt å vere imøtekomande og utsetter no påmeldingsfristen til fredag 12. desember klokka 14.00. Denne fristen er absolutt.

Den same fristen gjeld for å melde på nye spelarar (evt. stryke spelarar), eller skifte lagnamn, for laga som allereie er påmelde. Det vil seie at det ikkje går an å skifte lagnamn etter 12. desember klokka 14.00.

Hugs at det er spelarane du melder på med penn og papir seinast 45 minutt før lagets først kamp som er ditt offisielle lag. Men for å spare komiteen for ekstraarbeid med mylivescore, samt å gi oss best mogleg innblikk i ditt lag før seedinga og trekninga (laurdag), så gjer vel i å ha mest mogleg klart innan fredag 12. desember klokka 14.00.

Når det gjeld påmelding av lag, trykk deg inn på menyen til venstre. For endring av lagnamn og spelarar, bruk mailadressa hareidsida@gmail.com (som blir sjekka eit par gonger i løpet av døgnet).

PS. Per onsdag klokka 12.00 er det 29 påmelde lag. Vi skulle gjerne hatt i alle fall to damelag og tre herrelag til, for å få eit best mogleg kampoppsett. Ein ungdomsklasse med åtte lag er for så vidt ideelt. Då blir det to grupper a fire lag. Men det er heller ikkje noko problem å ha ni lag, då med tre grupper a tre lag.

 

07.12. Påmeldingsstatus tre dagar før fristen går ut

Siste frist til å melde på lag til Sparebank1 Grendacupen er onsdag kveld klokka 22.45. Status per søndag klokka 16.45 er denne:
* Ungdom: Åtte gutelag så langt. Det er tangering av den gamle rekorden. Vi kan gjerne ta imot 12 lag i denne klassen, så her er det berre å hive seg rundt. Dessverre er det ingen påmelde jentelag så langt. Dersom det skulle bli mindre enn fire jentelag får laga sjølve bestemme om dei vil spele med gutane eller damene. Men det beste er altså ei eiga pulje med minst fire jentelag.
* Damer: To lag så langt. Vi ser at fleire "faste" lag ikkje har meldt seg på enno, så her bør det bli fire, fem eller seks lag vil vi tru.
* Menn: 12 lag så langt. Faste lag som Holemix, HUS, Krædene, Johs og Co., Robin Jackson og Co., og dei som vann i fjor er ikkje påmelde enno. 20 lag i denne klassen kan passe fint.
(Vi ser at det nye laget O2-snapparane har med seg ein verdsmeister på laget, men ikkje verdsmeister i fotball. Og "Snart helg" har sjølvaste Martin Ødegård - med å og ikkje aa - på laget. Elles ser vi at Ivar André Aadland og Christian Mork har slått seg saman og laga eit lag som fort kan bli dei store favorittane til romjula. Og "Wimbledon"-gjengen til Hareide/Øvrelid-klanen har slått til med eit par overraskande signeringar.)

01.12. Ni dagar igjen til påmeldingsfrist

Per måndag føremiddag er det meldt på ti lag; fire herrelag, fire ungdomslag og to damelag. Så her trengst det mange fleire lag, og vi ser gjerne at påmeldingane kjem så tidleg som mogleg i god tid før fristen 10. desember:-)

11.11. NO kan du melde på lag til Sparebank 1 Grendacupen!

I menyen til venstre finn du påmeldingsskjema. Med jamne mellomrom legg vi ut dei påmelde laga under 2014 i menyen til venstre. 

Ta kontakt på hareidsida@gmail.com om det er spørsmål knytta til påmelding.

29.10. Siste info om Sparebank1 Grendacupen 2014

* Reglane for herre- og dameklassane blir dei same som i fjor. 
* For ungdomsklassane (satsar også i år på eigne klassar for gutar og jenter) er reglane noko justerte i høve i fjor. Sjekk under Reglar i menyen til venstre.
* Det er no bestemt at påmeldinga i år er mellom 12. november og 10. desember. Det betyr at det seinast 12. november dukkar opp eit påmeldingsskjema under Påmelding i menyen til venstre.
* Det er ikkje sett eit endeleg styre for Grendacupen i år. Men Anita Waage (dagleg leiar), Kristian Angelsen (Grendacup-general) og Einar Orten Trovåg (Grendacup-sekretær) kjem til å spele sentrale roller. I tillegg kjem andre trufaste støttespelarar til å vere med. Dessutan er det oppretta ei facebook-gruppa kalla "Grendacup-engasjement 2014" for å få fleire til å engasjere seg for at årets utgåve av Grendacupen blir den beste så langt.

24.10.2014. Ja, det blir Grendacup i år også:-)

Meir info om evt. nye reglar og påmelding kjem rundt 1. november.

Påmeldinga startar truleg 10. eller 15. november.

Forhånd.123456789101112131415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar