27.12. Turneringa LIVE

Følg alle måla i alle kampane på MYLIVESCORE.

Her legg vi også inn sluttspelkampane når det er klart kven som skal møte kven.

23.12. God jul!

FUNNY_SANTA_BUDDIES.JPG

Grendacup-styret ønskjer alle spelarar, dommarar, leiarar, publikummarar og andre interesserte ei retteleg god jul. Vi kjem tilbake med siste Grendacup-nytt etter eit par dagar med juleferie. 

23.12. Rankinga

Tradisjonen tru har vi laga ei uformell ranking for herreklassen. Rankinga tek ikkje omsyn til kven som møter kven i gruppespelet, kven som ligg an til å møte kven i sluttspelet etc. Rakninga er både basert på tidlegare merittar, påmelde spelarar og magekjensle.

23.12. Under lupa, gruppe F: Nytt familieselskap?

GRUPPE_F.JPG

Gruppe F inneheld lag med rolege og sindige spelarar. Nokre trivest i familieselskap. Andre driv førebyggjande ruspolitikk. Atter andre har igjen sikta seg inn på italiensk mafiamerksemd, sjølv om det ikkje funka tilstrekkeleg i fjor. 

22.12. Under lupa, gruppe E: Kan Tam IL dominere i bra cup?

GRUPPE_E.JPG

Gruppe E inkluderer eit lag der Grendacupens to mestscorande spelarar skal kjempe om den same spissplassen, eit lag som vann i fjor, eit Tam IL-lag utan tamilar, og eit lag med både nordmenn og tamilar.

21.12. Treningstider i Hareidhallen i jula

Ta kontakt med fotballstyret for lån av nøkkel. Her kjem dei booka tidene.

20.12. Under lupa, gruppe D: Kan verdilause menn funke?

VERDIL_SE_MENN.JPG

I gruppe D kan faktisk alle slå alle. Men ein fersk norgesmeister skal og bør slå spelarar som kallar seg verdilause! Kanskje dei meiner verdilause på overgangsmarknaden. Kva veit vi. Vi håper dei ikkje føler seg så langt nede som i Jokke-songen.

20.12. Under lupa, ungdomsgruppene: Sigrande løyndom, eller?

VICTORIOUS_SECRET_SMALL.JPG

Ungdomsgruppene er dei mest spennande i årets Grendacup, i alle fall for vårt panel. For her deltek fleire lag og mange spelarar som vi har lite eller ingen kunnskap om. Mange av dei skal vi sikkert sjå for første gong. Likevel har vi prøvd oss på ei slags uhøgtideleg rangering.

19.12. Under lupa, damegruppene: Inga nåde!

LAS_LOCAS_2_BY_MTERRY4_D4RL46H.JPG

Dameklassen i Grendacupen har blitt betre både kvantitativt og kvalitativt. Faktisk er dette den tøffaste klassen av dei alle, sidan "berre" 50 % av laga går vidare til dag to. Her blir det inga nåde...

19.12. Ikkje heilt under lupa

I vår vurdering av Holemix i går nemnde vi kjapt at dei manglar keeper no som Stig Engen er skadd. Men det gjer dei slett ikkje. Keeperen er til og med påmeldt, og heiter Andreas Dimmen Sæther. Han er son til Geir Sæther, som bur på Holstad. Sjølv er Andreas Vålerenga-keeper, og vart faktisk NM-meister tidlegare i haust.

Dermed er vi oppe i no ferske NM-meistrar som skal delta i Grendacupen; Mork, Kleppe, Brandal, Grimstad, Haanes, Aursnes, Heltne, Heltne, Standal og Sæther.

Sjå videointervju med sistnemnde her.

18.12. Under lupa, gruppe C:
"We are the people your parents warned you about"

Lovlause motorsyklistar, ein god porsjon kommunisme, Erik Hoftun og Grendacupens mest tradisjonsrike lag (av dei nolevande) er noko av det gruppe C kan tilby.
Lovlause motorsyklistar, ein god porsjon kommunisme, Erik Hoftun og Grendacupens mest tradisjonsrike lag (av dei nolevande) er noko av det gruppe C kan tilby.

Holemix har gull, sølv og bronse frå tidlegare. Hoftun IL har rutine. Bandidos har mopedar. Og Kim Jong-IL har om ikkje anna eit artig lagnamn. Bli med inn i gruppe C.

18.12. Under lupa, gruppe B: Glede for de menneskene

GRUPPE_B.JPG

Gruppe B er ei av dei klart betre. Her finn vi både utlendingar og folk som gjerne skulle ha vore det. I tillegg til både barbararar og folk som ikkje brukar førjulsstria til å stresse.

18.12. Alle premiane

* Medaljar:
- Dei fire vinnarlaga
* Pokalar:
- Dei fire vinnarlaga
- Sølv og bronse i herreklassen
- Sølv i dame og ungdom G
- Toppscorar alle fire klassar
- Beste spelar alle fire klassar
- Årets mål
- Årets prestasjon
- Beste drakter
- Tribuneslitaren (årets tilskodar)
* Diplom
- Beste Fair Play-lag i alle fire klassar

18.12. 43 lag i Grendacupen!

(Eller 45 om vi tek med "jubileumslaga") Sjekk mail som er sendt ut til lagleiarane.

17.12. Under lupa, gruppe A: Dyrisk og rullings i heimen

I gruppe A finn vi Rett å slett Dyr, Krædene, Hus og eit familieakademi.
I gruppe A finn vi Rett å slett Dyr, Krædene, Hus og eit familieakademi.

Vår førehandsmeldar tvilar på at dei aller største bombene dukkar opp i gruppe A. Men det blir fleire interessante kampar og ikkje minst ei rekkje ortodokse og mindre ortodokse profilar å oppleve. Bli med inn i gruppe A.

16.12. Treningar i Hareidhallen før Grendacupen

Som tradisjonen er får Grendacup-komiteen myndigheit til å setje opp treningstider for alle som vil frå skulane er slutt og fram til Grendacupen, det vil seie frå 22. desember til 27. desember (klokka 14.00, pga rigging til cup etter det). Ein kan tinge tid på same måte som i fjor: Ta kontakt med Einar Orten Trovåg. Når nokon har booka tid legg vi dette ut på Hareid IL sin facebookprofil.

14.12. Kampoppsettet

Vi har no vonleg plukka ut alle feila frå kampoppsettet, som du finn her

14.12. EOTs tradisjonelle Grendacup-vurderingar

Rhino Thue er kjent for å vere hårsår. Men er EOT det same i sine tradisjonelle Grendacup-vurderingar i år?
Rhino Thue er kjent for å vere hårsår. Men er EOT det same i sine tradisjonelle Grendacup-vurderingar i år?

EOTs tradisjonelle Grendacup-vurderingar har vore eit fast innslag på Hareid-sida og Grendacup-sida i mange, mange år (sidan 2004?). Også i år har EOT lova oss nokre ord om kvar gruppe. Han skal også plukke ut profilar på mange av laga, samt komme med kurios fakta og historikk du på ingen måte treng om å vite.
Målsetjinga er å få lagt ut følgjande grupper til følgjande dagar:
* 17. desember: Gruppe A, menn
* 18. desember: Gruppe B, menn
* 19. desember: Gruppe C, menn
* 20. desember: Damepuljene
* 21. desember: Gruppe D, menn + ungdomspuljene
* 22. desember: Gruppe E, menn + gruppe F, menn
* 23. desember: Rankinga

14.12. Informasjonsskriv

Skrivet vi legg ved her er ein mail som er sendt ut til alle lagleiarar. Har du ein mistanke om at in lagleiar ikkje er så ofte på mail, be vedkommande lese dette.

Forhånd.1...78910111213...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar