20.12. Under lupa, ungdomsgruppene: Sigrande løyndom, eller?

VICTORIOUS_SECRET_SMALL.JPG

Ungdomsgruppene er dei mest spennande i årets Grendacup, i alle fall for vårt panel. For her deltek fleire lag og mange spelarar som vi har lite eller ingen kunnskap om. Mange av dei skal vi sikkert sjå for første gong. Likevel har vi prøvd oss på ei slags uhøgtideleg rangering.

Gutegruppe 1 (G)

Det ser ut som begge gutegruppene er opne i år, med mange aktuelle finalekandidatar. Dette er altså ein klasse for spelarar i alderen 13 til 15 år, dei som går på ungdomsskulen. Volda-laget Superstars FC blir knappe favorittar i denne gruppa. Eit liknande lag gjekk til semifinalen i fjor, og går kanskje minst like langt i år? Katastrofe består av spelarar som neste år skal utgjere Hareid sitt gutelag. Mange av dei har alt spelt der i år. Desse vil heilt sikkert hevde seg godt. Victorious Secret blir i denne rangeringa straffa av at vi veit heller lite om dei. Dette er eit Hødd-basert lag, og dei er sikkert gode...

1. Superstars FC
Spelarar: Lars Erik Telseth, Martin Ove Roseth, Ole Martin Ose, Mathias Kolås, Sindre Mathisen, Sondre Hjorthaug, Sivert Bjørneset, Ole Kristian Høydal
2. Katastrofe
Spelarar: Nikolai Hatløy, Sander Moldskred, Andreas Rise, Jonas Brandal, Isak André, Håvard Øvrelid, Fredrik Lonbakken, Fredrik Brukbakk, Supi Ramachandran
3. Victorious Secret
Spelarar: Iver Vattøy, Nawid Ahmadi, Emil Mork, Rikard Osnes, Thinusan Jogaraya, Magnus Fiskerstrand

Gutegruppe 2 (H)

Max Uflaks blir favorittar i denne gruppa. Dette er noko lunde den same gjengen som tapte finalen i fjor. Desse karane har vunne KM og eit uoffisielt NM med Hødd. Gutta krutt består av smågutespelarar frå Hareid, men fleire av dei spelte gutefotball i 2012. Ein lovande gjeng som vil kjempe om andreplassen i gruppa med FC Allstars. Sistnemnde blir litt straffa hardt i rangeringa fordi dei berre har meldt på fem spelarar. Vi veit at Simon Holstad Grimstad er ein lovande kar, som var fast på gutelaget til Hareid trass i at han var første års smågutespelar. Emil Grimstad Isaksen slektar truleg til tidlegare Godset-spelar Krister Isaksen. Og Ulrik Sylte er kanskje sonen til Tommy?

1. Max Uflaks
Spelarar: Daniel Skare Haanes, Isak Skare Haanes, Håkon Brautaset, Markus Gjerde, Eirik Sæter, Sander Kanestrøm, Sivert Pieroth
2. Gutta krutt
Spelarar: John Henrik Kvalsund, Arthur Gjerde, Joakim Warholm, Olav Håberg, Sigve Hide, Håvard Bjåstad
3. FC Allstars
Spelarar: Simon Holstad Grimstad, Emil Grimstad Isaksen, Asbjørn Vattøy, Johannes Sundgot, Ulrik Sylte

Jentegruppa (I)

Heilt ærleg. Vi har så godt som ingen informasjon om desse laga. Anna enn at Smårips er Hareid-basert, Oldest but with no brains er Hasundgot-basert (med tidlegare Hareid-spelar Georg Aursnes som primus motor), Goldplay er Herd-basert (tidlegare Hareid-spelar Gunnar Rens Hareide bak spakane) og at The Losers kanskje er Ulstein-basert (eller Hasundgot)?

Tabellforslaget blir derfor tilfeldig:

1. Smårips
Spelarar: Nora Arnesen, Silje Coughlan, Sofie Bakkejord Mork, Therese Holstad, Runar Mork Røyset, Lone Sofie Bigset Gjerde, Oda Djupvik, Martine Leine Rafteseth, Oline Bjåstad Nesset, Tuva Eilertsen
2. Oldest but with no brains
Spelarar: Andrea Aursnes, Thea Solvåg, Marthe Solvåg, Anna Hatløy, Stine Garshol, Amalie Lauvaas, Erle N Strand, Andrine Vikebakk
3. Goldplay
Spelarar: Emilie Slyngstad, Eline Kjersem Hareide, Frida Hareide, Vilde Ødegård Pettersen, Astrid Oline Roppen, Anna Haddal, Linn Holst Dyrnes, Johanne Grytten
4. The Losers
Spelarar: Aurora Dimmen Bratli, Rikke Hatlø Amundsen, Viktoria Stridh, Marte Holm, Andrine Garshol, Victoria Riise Erdal, Karoline Skeide Gundersby, Marie Nygjerde Ulstein, Jennie Gjersbakk

NB. Dei to beste gutelaga i kvar gruppe går til semifinale. Dei to beste jentelaga går rett til finalen.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar