23.12. Under lupa, gruppe F: Nytt familieselskap?

GRUPPE_F.JPG

Gruppe F inneheld lag med rolege og sindige spelarar. Nokre trivest i familieselskap. Andre driv førebyggjande ruspolitikk. Atter andre har igjen sikta seg inn på italiensk mafiamerksemd, sjølv om det ikkje funka tilstrekkeleg i fjor. 

1. Familieselskap

Påmelde spelarar: Asgeir Aursnes, Georg Aursnes, Fredrik Aursnes, Eirik Heltne, Vegard Heltne, Geir Heltne. Ansvarleg: Fredrik

Om laget: Vi går utifrå at Aursnes- og Heltne-familiane har hatt mange selskap i haust for å feire at Fredrik, Eirik og Vegard vart norgesmeistrar med Hødd. Både Fredrik og Vegard starta finalen. I dette selskapet har Fredrik også drege med seg brørne Georg og Asgeir. Georg har mange sesongar bak seg både på Hareid og Hødd, medan Asgeir var Hareid-keeper på siste halvdel av 90-talet og litt inn på 00-talet. Geir er søskenbarn av Fredrik, Eirik og Vegard. Familieselskap har av dei aller beste startoppstillingane i turneringa. Det kan kanskje bli litt tøft utover dag to med berre éin innbytar, men samtidig skal i alle fall høddarane vere godt trena. Vi trur Familieselskap vinn denne gruppa knapt framfor SCU. Så får vi sjå om det blir nytt gullselskap ut på kvelden femte dag jul.

Profilen: Kanskje eit litt kjedelig val, men vi går for Fredrik Aursnes her. Ikkje fordi han er tidenes yngste norgesmeister, norgesmeister nummer 1000 totalt, eller for den del tidenes yngste Hareid-spelar. Men på grunn av denne saka. Fredrik veit kvar han kjem frå.

2. Sacra Corona Unita

Påmelde spelarar: Audun Orten Trovåg, Håkon Orten Trovåg, Anders Gaustad, Kjetil Steinsvik Paulsen, Fredrik Muren, Lars Andreas "Laffen" Dahlen Folkestad, Ola Kalvø Vattøy, Alexander Nevstad, Georg Eikrem Olsen, Einar Orten Trovåg, Andreas Helvig (hjelpetrenar). Ansvarleg: AOT

Om laget: EOT og AOT stiller lag for åttande gong på rad, nest flest etter Holemix. Laget vann Grendacupen i 2009 og 2010. I fjor vart det exit i kvartfinalen. Paulsen og Gaustad har vore med nesten alle åra, og stiller igjen. I høve fjoråret manglar Henrik B. Banne, Åge Møgster og Andreas Helvig (skadd). Helvig blir nok eit stort tap. Han vart kåra til turneringas beste i 2010. Inn kjem Olsen, Vattøy, Muren (søskenbarn til Paulsen) og Nevstad. Åtte av dei ti på dette laget har spelt 3.-divisjonsfotball i 2012. Det inkluderer faktisk EOT, men ikkje AOT (delvis aktiv på Lokomotiv Oslo) og Gaustad (fotballpause). Dette skal vere eit jamt godt lag med mange alternativ, men Familieselskap har fleire ekstraordinære ferdigheiter, i alle fall i ei startoppstilling.

Profilen: Alexander Nevstad, mannen med minst fire postadresser totalt i Bergen, Ålesund og Ulstein. Aldri godt å vite kvar i landet han er, men var alltid i nærleiken i haust når Hareid A, Hareid 2 eller Hareid junior trengte folk. Unnskylding for å fare på damebesøk?

3. Ho stoppakje å dryppe

Påmelde spelarar: Jan Kristian Korsnes, Henrik Roppen, Antoni Gardshol, Audun Scheide, Bjørnar Sunde Gjerde, Håkon Lonbakken, Eirik Brandal, Martinus Warholm. Ansvarleg: Jan Kristian

Om laget: Nasa drypp framleis, slik ho har gjort dei tre siste åra. Dette er om lag den vanlege Dryppe-gjengen. Kaptein Antoni ”Dryppenasa” Gardshol og Roppen junior skal mure igjen bak, medan Audun Scheide (tidlegare superspiss på Hødd junior) og tekniske Bjørnar Sunde Gjerde skal gjere veg i vellinga offensivt. Breidda i laget er god, med Hjørby-karane Korsnes, Brandal og Warholm som gode alternativ. I mål har dei stødige Håkon ”Otta” Lonbakken. Ho stoppakje å dryppe er eit heilt greitt og vel så det lag. Kan overraske i enkeltkampar mot laga nemnt over, men er i utgangspunktet det tredje beste laget i gruppa.

Profilen: Ingen tvil om at det må vere Håkon ”Otta” Lonbakken. Aldri godt å seie om han er på Otta, bak kassa på Bunnpris eller i heimen på Bigset. Men det er som regel ein av dei plassane. Har laget skaffa seg ein backup i tilfelle Otta må til Otta i romjula?

4. Torstein og Co.

Påmelde spelarar: Torstein Holstad Sivertsen, Emil Hareide, Fredrik Sundal, Marius Solheim Vartdal, Sveinar Øvrelid, Anders Egge Brandal og Kirti Ramachandran. Ansvarleg: Torstein

Om laget: Torstein melde først på seks spelarar. Så melde han av alle sett vekk frå seg sjølv og Emil Hareide, og supplerte med fem nye spelarar. Den sist påmelde utgåva av Torstein og Co. ser ut som den beste. Både Vartdal, Øvrelid og Sundal spelar på Hasundgot i 5.-divisjon. Dei må dra lasset her saman med Torsteins andre utvalde. Om laget blir samspelt kan dei overraske mot til dømes Ho stoppakje å dryppe. Men det naturlege her er å setje Torstein og Co. opp på 4.-plass.

Profilen: Det må sjølvsagt vere Torstein Holstad Sivertsen. Ifølgje sikre kjelder frå Ytstepøbben (som har god utsikt) er Torstein den på Søre Sunnmøre som oftast går på solarium. Går han snart lei av at alle spør om han har vore i Syden?

5. Fjern den pilsen

Påmelde spelarar: Bjørn Magnus Andersen, Daniel Pedersen, Vegard Røyset, Dani Moldskred, Martinus Moldskred, Anders "Slakky" Øiestad, Odd Ivar Torset, Vebjørn Kvalvik, Cato Veien, Sindre Angelsen. Ansvarleg: Daniel

Om laget: Publikumsfavorittane er tilbake, no med ein ny og spissa tropp. Oppmann Daniel Pedersen har vraka karar som Ørjan ”Bohemen” Røyset og Robert ”Skinnjakka” Øvrelid for å få plass til andre publikumsfavorittar. Ikkje minst tekniske Vebjørn Kvalvik og Haddal-spelaren Cato Veien (som først var meldt på Torstein og Co.) Anders ”Slakky” Øiestad scora laget einaste mål i fjor og får fornya tillit. Det same får hurtigtoget Vegard Røyset. Bjørn Magnus Andersen har stått på Haddal i år. Han må nok levere om Fjern den pilsen skal gå vidare. Laget er noko ujamt med tanke på avansement til sluttspelet. Men overrask oss gjerne.

Profilen: Blant mange profilar går vi for Daniel Pedersen. Laurdag (i går) skulle Fjern den pilsen ha trening i regi Pedersen. Dette var noko han hadde snakka om lenge, og oppmøtet var greitt nok. Men etter fem minutts spel fann Pedersen ut at han var trøytt og sliten, og la seg ned på ein benk i Hareidhallen for å sove ut. Vi håper han er hakket kvikkare under Grendacupen. 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar