10.12. Siste frist

I kveld klokka 23.59 går påmeldingsfristen til Grendacupen ut. 

NB. Når det gjeld etterpåmelding av spelarar, eller endringar av lagnamn etc., må det sendast til hareidsida@gmail.com innan torsdag 12. desember klokka 21.30. Etter dette er det for seint å skifte lagnamn. Spelarane som er påmelde innan dette tidspunktet legg grunnlaget for seedinga. Det går an å kome med andre spelarar etter 12. desember, men då meldast det inn i hallen éin time før lagets første kamp - og ikkje på nettet.

08.12. To dagar igjen til påmeldingsfristen

Per søndag kveld klokka 22.25 har det kome inn 17 herrelag, tre damelag og seks ungdomslag. Vi veit der kjeme nokre fleire lag til i herreklassen. Også minst eitt damelag er på veg inn. Blant ungdommane er fire av laga reine gutelag, medan to er jentelag. Det betyr at vi treng minst to jentelag til for at kjønna skal få kvar si pulje. Det er altså tid igjen til å røske saman eit lag.

03.12. Hareide er på plass

Tysdag 10. desember går påmeldingsfristen til Grendacupen ut. Dei siste dagane har påmeldinga tatt seg opp. Det er no på plass 12 herrelag, fire ungdomslag og tre damelag. Men det er framleis god plass til fleire lag i alle klassar. Så det er berre å samle ein gjeng og melde på! 
PS. I dag melde laget "Hareide" seg på. Alle på laget heiter Hareide til etternamn. For å toppe heile greia manglar dei vel berre Åge og Knut Arild (biletet)?

02.12. Hugs påmeldingsfristen 10. desember

Så langt har vi fått inn 10 herrelag, tre damelag og to ungdomslag.

NB. Eventuelle endringar på laglistene kan sendast til hareidsida@gmail.com fram til 19. desember. 

27.11. To nye herrelag i går

I går vart det meldt på to nye herrelag. "Are og Sildestimen" er nesten nøyaktig den same gjengen som har tapt finalen dei tre siste åra. "Steed" er eit Grendacup-lag med lange tradisjonar, sjølv om det begynner å bli nokre år sidan dei vann sist.

Vi er no oppe i sju herrelag, eitt damelag og eitt ungdomslag. Vi håper så mange som mogleg melder seg på i god tid før fristen, slik komiteen får starta arbeidet med å planlegge turneringa. 

22.11. Ut og inn

"Alipoor og Co.", som var det første herrelaget som melde seg på i år, har trekt laget. Men i dag fekk vi inn eit nytt lag; "Boca juniors" - med Venthan Ketheeswaran som spelande trenar og oppmann.

Så langt har sju lag meldt seg på totalt. Det er ikkje mykje, men det kjem vel eit renn snart?

10.11. Påmeldinga er i gang

I dag tidleg opna vi for påmeldingar til årets turnering, og det har allereie kome inn fire lag; tre i herreklassen og eitt i dameklassen.
* "Carro e?" har vunne dameklassen dei tre siste åra og er nok ein av favorittane i år også.
* "Alipoor og Co." har nesten ingen utlendingar på laget.
* "Lasse og Geir" har ingen som heiter Lasse eller Geir på laget. Men laget deltek i Grendacupen for niande året på rad. Dei vann i 2009 og 2010.
* "Halen frå Holen" minner oss om laget som har vore favorittar mange år på rad, men aldri vunne. No har dei fjerna nokre eksterne stjerner. Og då blir det vel suksess?

07.11. Påmeldinga startar søndag 10. november

Det er ingen regelendringar i høve fjoråret. Les deg opp på reglane i menyen til venstre. Vi tek imot inntil 24 herrelag, åtte damelag og ti ungdomslag (totalt). Vi håper å som i fjor ha både ein eigen jente-ungdomsklasse og ein gute-ungdomsklasse. 

Påmeldinga er open frå 10. november til 10. desember. Det blir ikkje høve til å etterpåmelde lag i år.

Hugs reglane om lagnamn. (Maks 20 bokstavar. Ikkje namn som kan verke støytande. Men humor er sjølvsagt lov:)

28.10.2013. Grendacup for 20. gong

Det blir Grendacup i Hareidhallen også i år, som vanleg 28. og 29. desember. Dette er 20. gongen turneringa blir arrangert, noko som sjølvsagt skal markerast på eitt eller fleire vis. Påmeldinga i år skjer mellom 10. november og 10. desember. Vi skal kome med meir info når det nærmar seg. Men klassane blir dei same som i fjor:
* Menn
* Kvinner
* Ungdom gutar
* Ungdom jenter
Så då er det berre å begynne å setje saman lag! (Vi oppdaterer reglane før påmeldingsfristen, men det er ikkje snakk om vesentlege forandringar.)

01.01. Målscorarlistene er oppdaterte

Vi har no lagt inn alle målscorarane for 2012 (som du finn under 2012 i meyen til venstre). Det er viktig at de gir beskjed (trovaag@gmail.com) om de ser eventuelle feil.

Vi har også oppdatert mål-adelskalenderane. Desse finn du under Historikk i menyen til venstre. Gå vidare til Samandrag.

Vi merkar oss at Morten Opsahl Moldskred har tatt over tetplassen i herreklassen. André Skotheim låg på topp før turneringa som var, men scora ikkje. Morten netta 16 gonger og er dermed oppe i 127 totalt (Skotheim har 124). I dameklassen er situasjonen uendra på topp tre, men Martha Helvig har gått opp på fjerdeplass. I ungdomsklassen (no for gutar) var det faktisk ingen endringar på topp 10.

Det var det for denne gong. Vi håper å arrangere tidenes Grendacup i 2013, noko som vil vere den 20. utgåva av turneringa. 

30.12. Hazhir sine bilete frå slutten av dag to

29.12. Dett var dett: Grendacupen vart eit storarta familieselskap

Om ikkje alle, så mange av vinnarane. FOTO: SONDRE ÅKERVIK
Om ikkje alle, så mange av vinnarane. FOTO: SONDRE ÅKERVIK

Og då tenkjer vi ikkje berre på at Familieselskap vann herreklassen i år. Men den enorme publikumsoppslutninga rundt arrangementet, alle positive folka som har bidrege på ulike måtar - og alle dei gode minna vi kjem til å sitje att med. Fleire bilete og mykje anna kjem seinare, men her er prisvinnarane:

28.12. Dag éin vel gjennomført

Det har vore ein lang dag med nærare 70 kampar og eit stramt tidsskjema, men vi har klart å komme oss gjennom dag éin utan forseinkingar, alvorlege hendingar eller andre uhell. Godt jobba! Alle klassane har vore spennande. Ikkje minst i den nye ungdomsklassen for jenter, der det vart avgjort på scora mål kven som gjekk vidare (tre lag med fem poeng). I den eine ungdomsklassen for gutar enda alle laga med tre poeng, og målforskjellen avgjorde. Når det gjaldt kven som vart beste trearar i herreklassen, enda både trear 3, 4 og 5 med same målforhold. Færrast scora mål sende Barbarians ut. Nokre lag har skuffa. Andre lag har overraska positivt. Igjen gjorde Verdilause menn (Wimbledon) alle spådommar til skamme. Også Alipoor-gjengen har levert varene og tatt ein 2.-plass i si gruppe. Det blir mange godbitar i åttandelsfinalane. Mellom anna skal 2010-vinnarane (Sacra Corona Unita) ut mot 2011-vinnarane (Bra cup). Det blir også spennande å følgje rekordhungrige Morten Moldskred og Inspectionistas, dei mange norgesmeistrane på Rett å slett Dyr - og ikkje minst knusande overlegne Familieselskap. For å nemne nokre. Dameklassen verkar også open, men at Las Locas og Carro e? skulle vinne sine grupper var vel ikkje veldig overraskande.

Følg med på MYLIVESCORE.

Og vel møtt laurdag.

28.12. Hallen opnar klokka 08.55 laurdag (i morgon)

Første kamp startar 09.30. 

28.12. Bilete gruppe E og F menn + Superstars

28.12. Bilete gruppe D

28.12. Bilete frå den andre ungdomspulja og den andre damepulja

28.12. Bilete gruppe C menn

28.12. Bilete gruppe B menn og ungdom jenter

28.12. Bilete gruppe A menn, gruppe A damer og ungdom gutar A

Forhånd.1...6789101112...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar