06.01.2014. Gløymte FC Ongt

I oversikta under gløymde vi å ta med at også FC Ongt, med Christian Mork i spissen, vann ungdomsklassen to år på rad. Det skjedde i 2007 og 2008.

04.01.2014. Grendacup-moment

Her kjem vi med nokre Grendacup-moment etter 20 år med verdas kjekkaste inneturnering.

Takk for denne gong. Vi satsar på cup også i 2014!

31.12. Alt oppdatert

Då har vi lagt inn årets målscorarar i herreklassen, samt alle toppscoraroversiktene gjennom tidene (sjekk under historikk og samandrag).

Ta kontakt om de finn feil.

30.12. Målscorar ungdom og damer

Vi har no lagt ut oversikt over målscorarane i ungdomsklassane pluss damelklassen under 2013 i menyen til venstre. Ser de feil, kontakt oss på hareidsida@gmail.com.

Vi satsar på å ha klar lister over målscorarar for menn i løpet av eit par dagar.

30.12. Tabell ungdom jenter

I denne klassen fekk alle seks poeng etter fire kampar kvar (med nesten identisk målforskjell), og det vart litt rot med tabelloppsettet til slutt. Det rette skal vere: 1. Smårips. 2. Goldplay. 3. Eit jentelag (Tigers). Men vi er ikkje verre på det at både Goldplay og Eit jentelag (Tigers) skal få sølvpokal, sidan det var så jamt.

30.12. Andre bilete
30.12. Fair play-prisane
29.12. Toppscorarane
29.12. Dei beste spelarane
29.12. FOTO: Dei fire vinnarlaga

29.12. Dett var dett

Årets vinnarlag:
Menn: Pers (A. Nupens sjuande GC-siger, flest av alle)
Kvinner: Carro e? (Femte siger på rad, heitte Alle skal få første året)
Ungdom gutar: Superstars (andre året på rad)
Ungdom jenter: Smårips
Sølv:
Menn: Are og Sildestimen (faktisk fjerde sølvet deira på rad)
Kvinner: Prinsessene og erta (tredje sølv på rad)
Ungdom gutar: Stars and stripes
Ungdom jenter: Goldplay og Jentelaget Tigers.
Bronse menn: Delt mellom La Stidda og Halen frå Holen
Toppscorarar:
Menn: Ola K. Vattøy (La Stidda)
Kvinner: Caroline Overvåg (Carro e?)
Ungdom gutar: Sveinung Tilseth (Superstars)
Ungdom jenter: Anna Haddal (Goldplay)
Beste spelarar:
Menn: Ole Magnus Melchior (Pers)
Kvinner: Ragnhild Ertesvåg (Prinsessene og erta)
Ungdom gutar: Håvard Øvrelid (Stars and stripes)
Ungdom jenter: Therese Holstad (Smårips)
Fair Play-prisane:
Menn: Arrangørlaget
Kvinner: Stjerner i sikte
Ungdom gutar: Underdogs United
Ungdom jenter: Goldplay
Andre prisar:
Årets mål: Anders H. Øiestad (Are og sildestimen) Presist i vinkelen frå distanse. Heile hallen jubla.
Tribuneslitaren: Filip A. Moldskred (andre året på rad)
Beste drakter: Stars and stripes (ungdom gutar) og Prinsessene og erta (damer)

Bilete frå cupen kjem når vi har landa.

Takk til alle som bidrog for to fantastiske dagar i hallen. Grendacupen har no blitt arrangert 20 gonger. Og vi går vel for 20 til?

29.12. Dag 2 live

Følg turneringa live her.

28.12. Då var dag 1 over

Etter om lag 14 timar med nærast kontinuerleg fotball set vi strek for dag 1 av årets utgåve av Grendacupen. Vi har hatt ein kjempedag med godt humør, spennande kampar, overraskingar og godt sosialt samvære. Takk til alle som har bidrege, både på og utanfor parketten.

I morgon står dag 2 for dør.
* Dette er 1/8-finalane i herreklassen: Familieselskap - HUS, Pers - Steed, La Stidda - Rota S., La Furia A. - Los Pollos H., Are og sildestimen - Holemix, Arrangørlaget - Hareide, Halen frå Holen - Boca Juniors, Miro og Co. - HVBSK.
* Semifinalar damer: Carro e - Oss frå Hareid, Prinsessene og erta - Stokeman Ladies.
* Semifinalar ungdom gutar: Stars & stripes - Den heilage ande, Superstars FC - Galaxy.
* Ungdom jenter spelar serie også i morgon. Ei svært spennande pulje der det står heilt likt etter dag 1. Alle laga har tre poeng.
* Med andre ord; mykje å sjå fram til. I tillegg skal vi ha showkamp i morgon. Og det blir delt ut ei rekkje prisar.

28.12. Lagbilete laurdag kveld
28.12. Fleire bilete (under kampen Steed - F*** du skal jer me d?)
28.12. Lagbilete menn gruppe B + Prinsessene og erta
28.12. Fleire bilete
28.12. Grendacupen x 20

Grendacupen fyller 20 år denne gongen. To mann har spelt alle turneringane. For den bragda fekk Vagn Scheide Mork og Tommy Torsvik kvar sin pokal av fotballformann Stian Runne Brandal.

28.12. Ymse frå hallen (under kampen Stars & Strips - Underdogs 4-3)
28.12. Lagbilete menn A og D + ungdom gutar A
Forhånd.1...45678910...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar