13.12. Frå dameklassen til ungdomsklassen

"Goldplay" har blitt flytta over frå dameklassen til ungdomsklassen. Det betyr at det blir seks vanlege damelag og fem ungdomslag for jenter. (Det er elles ingen lag som er etterpåmelde i dei klassane med ledige plassar.) Vi kjem med meir info rundt trekninga og arbeidet med kampoppsettet ein eller annan gong utover måndagen.

11.12. Og det enda på heile 38 lag (og merk; det kan bli endå eit par til...)

Det såg ut til å gå mot eit i beste fall middels år med tanke på påmeldingar. Men med heile 11 påmelde lag i løpet av torsdagen er vi heilt oppe i 38. Det er ikkje rekord (43 frå 2012), men fire fleire enn i fjor og godt over normalen. Ekstra gledeleg at vi har fått tilbake ungdomsklassen for jenter, som var fråværande i fjor. No har vi fire gode klassar, og det er berre å sjå fram til det som skal skje i hallen 28. og 29. desember.
Men merk dette:
Fredag morgon/føremiddag blir påmeldingsskjemaet lagt ut igjen, og det vil ligge der til måndag klokka 12.00. Dette fordi vi kan ta inn fleire lag dersom dette er 1 herrelag, 1 damelag eller 1 ungdomslag for gutar. Dette fordi 21 herrelag, 8 damelag og 8 ungdomslag for gutar vil betre logistikken klart i høve 20, 7 og 7. Ein eller annan gong etter måndag klokka 12.00, kanskje utpå kvelden, blir det seeding og trekning. Meir info om dette kjem seinare. Sjekk også posten under for info om eventuell endring av lagnamn og sjansen til å legge til fleire spelarar.

10.12. OBS!

Dersom det er lag som vil endre lagnamn, eller legge til spelarar frå troppen sin, kan det gjerast ved å sende mail til hareidsida@gmail.com innan klokka 12.00 måndag førstkomande. Det er uansett dei spelarane du melder på når du kjem til hallen seinast 45 minutt før lagets første kamp som er den gjeldande troppen. Men dersom du med tanke på seeding og den slags vil legge til spelarar, så har du altså sjansen til det. Etter måndag klokka 12.00 kjem ikkje redaksjonen til å gjere endringar i stallane som ligg her på sida under "2015". Etter klokka 12.00 måndag vil også - etter kvart - laga kome ut på mylivescore.no. 

10.12. Status tre timar før påmeldingsfristen:

Den enorme pågangen med påmeldingar i dag held fram. Tre nye lag har kome inn dei tre siste timane. 
* I herreklassen er det no 19 lag. Manglar altså berre eitt på 20...
* I dameklassen er det framleis seks.
* I ungdomsklassen er dei oppe i 11. Av dei er fire jentelag. Det betyr gledeleg nok at dei får si eiga pulje.
** Oppe i totalt 36 lag no. Blir det nærare 40 når fristen går ut ved midnatt?

10.12. Status seks timar før påmeldingsfristen går ut (ved midnatt):

* 18 herrelag. Her kunne vi svært gjerne tenkt oss 20 lag, slik det blir fem puljer med fire lag i kvar.
* Seks damelag. Her kan vi gjerne ta inn to til, slik det blir fire lag i kvar pulje.
* Ni ungdomslag. Av desse er sju gutelag og to jentelag. Vi kunne gjerne tenkt oss to jentelag til, slik dei i alle fall blir fire lag. Og aller helst eitt gutelag til, slik det blir fire i kvar pulje.
** Vi har no totalt 33 lag. I fjor deltok 34, så totalt sett ser jo dette bra ut:-)

06.12. Status per søndag (tidleg) kveld, fire dagar før påmeldingsfristen
Vi hugsar ikkje kva dette laget brukte å kalle seg, men dei har i alle fall ikkje meldt seg på Sparebank1 Grendacupen - per søndag kveld.
Vi hugsar ikkje kva dette laget brukte å kalle seg, men dei har i alle fall ikkje meldt seg på Sparebank1 Grendacupen - per søndag kveld.

* I herreklassen er det påmeldt 14 lag. Her må målet å få inn i alle fall 20 lag, og gjerne 24. Vi veit tradisjonsrike lag som Holemix og O2-snapparane enno ikkje er påmelde, og vi veit også om nokre andre lag i emning. Men vi stoppar ikkje påmeldinga her før det er kome opp i 24 lag. Så det er ikkje for seint å samle saman ein gjeng og melde seg på.
* I dameklassen er det påmeldt to lag. Her er det eit stort uutnytta potensial. Vi veit ingen av dei to tradisjonelle finalelag frå Ulstein-området er påmelde enno. Det same gjeld laget med røter i Hasundgot. Så her må det vere mogleg å kome opp i minst fem lag, og gjerne både seks og åtte.
* I ungdomsklassen er det påmeldt seks lag. To jentelag og fire gutelag. Det hadde vore ein stor fordel med minst fire eigne jentelag, så dei får ei eiga pulje. Om det ordnar seg spelar det slik sett inga rolle om det blir seks eller åtte gutelag (med tanke på logistikken).
** Påmeldingsfristen går ut torsdag klokka 23.59, og den er absolutt. Så her er det berre å hive seg rundt!

30.11. Svar på spørsmål

Vi har fått inn nokre spørsmål om det er lov for éin spelar å spele på to forskjellige lag, til dømes eitt ungdomslag og eitt herrelag. Svaret på det er nei. Ingen kan spele for meir enn eitt lag i Sparebank1 Grendacupen. 

28.11.15. Ein månad igjen til cupen blir sparka i gang!

Per kvelden 27. november er det påmeldt sju herrelag og tre ungdomslag (to gutelag og eitt jentelag). Det er altså mange som er seint ute med påmeldinga i år. Men det satsar vi på rettar seg opp innan kort tid. Fristen går altså ut 10. desember, men til før ein melder seg på til betre er det. Ein kan kome med nye spelarar (utover dei ein melder på her) når ein kjem til Hareidhallen seinast tre kvarter før lagets første kamp 28. desember, så lenge det er innafor regelverket, sjølvsagt...

09.11.15. Klart for påmelding!
Grendacup-general Kristian Angelsen og dagleg leiar Anita Waage.
Grendacup-general Kristian Angelsen og dagleg leiar Anita Waage.

Då har styret i Sparebank1 Grendacupen konstituert seg, og det er klart for påmelding til årets turnering. Det er ingen regelendringar i høve fjoråret. Det vil seie at vi håper å ha både herreklasse, dameklasse og eigne ungdomspuljer for gutar og jenter. Det blir opna for påmeldingar frå og med i kveld, måndag 9. november. Den absolutte påmeldingsfristen går ut 10. desember klokka 23.59. Hugs å lese gjennom "Reglar" i menyen til venstre NØYE før du melder på laget ditt. Påmeldingsskjemaet ligg også i menyen til venstre. 

29.10.2015. Og cup blir det i år også!

Kanskje inga bombe, men vi kan i dag offentleggjere at det blir Sparebank1 Grendacupen 28. og 29. desember i år også. Cupen har blitt arrangert kvar romjul sidan 1994. Og Hareid IL tok over arrangementet i 2000. Sidan 2009 har Kristian Angelsen vore cupgeneral, og det blir han i år også. 

Når det gjeld eventuelle regelendringar, klasseinndeling og den slags, så vil det kome informasjon her på sida om ikkje altfor mange dagane. Påmeldinga startar truleg litt ut i november. Så inntil vidare er det berre å smøre seg med tolmod, og eventuelt lese seg opp på tidlegare turneringar her på sida.

21.01.2015. Då er statistikken/historikken ferdig

Gå til Historikk og deretter Samandrag i menyen til venstre.

André Sundal Skotheim har tatt tilbake scoringstoppen!

06.01.2015. Historikk, mål-adelskalender etc.

Vi er i gang med oppdateringane av dette, og håper å vere ferdige i første del av januar.

Komplett målliste og topp 10-liste for ungdomsklassen ligg klar under "Historikk" og deretter "Samandrag" i menyen til venstre.

29.12. Fleire bilete: Semifinalar herre + alle finalar
29.12. Andre prisar
29.12. Toppscorarane og dei beste spelarane
29.12. Sølvlaga
29.12. Vinnarlaga

29.12. Vinnarar og prisar, Sparebank1 Grendacupen 2014

Vinnar herreklassen: Quidd (Ole Mondrad Alme, Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan Engen Grimstad, Preben Nedrelid, Benjamin Slettebakk, Martinus Warholm, Daniel Reite, Christer Adrian Mork, Nikolay Sundgot)
Sølv herreklassen: Skrettinghua
Beste spelar herreklassen: Ruben-Kenneth Brandal, Quidd
Toppscorar herreklassen: Espen Standal, Real venividivici - 13 mål

Vinnar dameklassen: Carro e? (Martha Helvig, Åslaug Helvig, Camilla Ervik, Andrea Sævik, Mari Vikanes, Ingeborg Garen, Synne Ryan, Caroline Overvåg)
Sølv dameklassen: Prinsessene og erta
Beste spelar dameklassen: Ragnhild Ertesvåg, Prinsessene og erta
Toppscorar dameklassen: Ragnhild Ertesvåg, Prinsessene og erta og Åslaug Helvig, Carro e? - 6 mål

Vinnar ungdomsklassen: Kolo Kolo (Ståle Pettersen, Peter Hasund, Isak Sundgot, Johannes Sundgot, Bam Hide, William Fjørtoft)
Sølv ungdomsklassen: Grendaboys
Beste spelar ungdomsklassen: Peter Hasund, Kolo kolo
Toppscorar ungdomsklassen: Peter Hasund, Kolo kolo - 14 mål

Fair play-prisen: The Pink Ladies
Draktprisen: O2-snapparane
Årets mål: Mikal Haanes, Skrettinghua
Tribuneslitaren: Edgar Fjelle
Årets prestasjon: Fredrik Aursnes, Skrettinghua

29.12. Bilete frå 8.delsfinalane i herreklassa (minus Arrangørlaget-O2-snapparane og Quidd-Dr. Snipsøyr og co.)
28.12. Lagbilete menn pulje A
Forhånd.12345678...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar