
Fristen er ute, men...
I det påmeldingsfristen gjekk ut klokka i kveld hadde vi 22 herrelag, 5 ungdomslag og 3 damelag.
Men i eit håp om å få med 1 damelag og 1 ungdomslag til, så held vi ope for forsinka påmeldingar. Dei må vere inne SEINAST klokka 12.00 i morgon onsdag.
Påmelde lag per 15. desember: 30
"Steik kor go vi e", "Bizim Takim", "Random Select", "Eit brukbart lag", "Holemix", "Slå å gå", "Dei som vann i fjor!", "^^", "Null Stress", "Tam IL", "The Invictus", "La Cosa Nostra", "Attrus", ";-)", "Eiliv og gutta", "Reina", "Glade Gutar`10", "FC ?", "Krympegasskollektivet", "T. kRiise", "Venthan og co" og "Kræda e færdig jåtta" har meldt seg på i herreklassen, medan "No skal mot spele mot", "Goalgetters", "Papp og papir", "G4m3rz" og "Gutta fra Vik" er påmelde i ungdomsklassen.
Tre damelag er klare: "Alle skal få", "Matprat.no" og "Julejentene".
Grendacupen 2009
Like sikkert som ribba ligg på bordet julaftan og ribbefeittet går ned på høgkant saman med rabbestappa, så blir Grendacupen arrangert i Hareidhallen 28. og 29. desember. Det har framfor årets cup blitt gjort nokre regelendringar:
- Det er i år lov å nytte seg av fire "utlendingar". Det vil seie folk som ikkje bur på Hareid no, eller ikkje har gjort det i minst tre år tidlegare.
- Spelarar som er aktive i Hareid IL i 2009 (junior/a-lag/HIL 2) blir rekna som hareidsdølingar.
- Dei som har spelt 50 kampar eller meir for Hareid sitt a-lag (jamfør adelskalenderen, ligg under historikk på fotballsida), blir rekna som hareidsdølingar.
Regelendringane er no også lagt uti venstremargen.
Det er no mulig å melde på sine lag! Påmeldingsfrist 15. desember.
Merk at eit lagnamn berre kan innehalde 20 bokstavar. Dette for å ikkje gjere statistikkarbeidet umogleg.
Meldt på eit lag, og bli med du også!
Mvh
Einar Orten Trovåg
Sekretær, Grendacup-styret.
GRENDACUPEN 2008
Statistikken er ferdig oppdatert.
Ingen endringar i toppscorartittelen.
Harald Åsland Riise, Eva Janne Holstad og Christian Mork kan framleis titulere seg som mestscorande i Grendacupen gjennom tidene.
Vinnarane 2008
Damer: BordEllen Ungdom: FC Ongt Herrer: Kæm lede
Toppscorarar vart Christian Mork 29 mål i ungdomsklassa, Andre Skotheim og Lars Roar Holstad 13 mål i herreklassa og Astrid Elde 10 mål i dameklassa.
Beste spelarar vart Roy Inge Brandal i herreklassa, Christian Mork i ungdomsklassa og Marta Helvig i dameklassa.
Her er nokre som har sett farge på turneringa siste åra.

Holemix anno 2007

Fast Inventar 2007
Forhånd.1...15161718 |