28.12. Gruppe herre A ferdig

Ingen store bomber i denne gruppa. Dessverre rauk Even Hansrud akillessen, noko som truleg gjer at han mister heile sesongen for Hareid i 2011. Utruleg synd...

Tabell:

1. ;) 7 poeng
2.  Småstressa, 6 poeng
3. Holemix, 4 poeng
4. Pina det grætt!

28.12. Dei tre beste

Ein høgst uoffisiell og uavhengig jury meiner at dette er dei tre beste spelarane i herreklassen til no (klokka 16.09):
1. Ruben-Kenneth Brandal, Brokj
2. Jørund Johansen, Jalle
3. Alexander Paus, Tam IL To

28.12. Holemix og Carro e? til finalen i dameklassen

Dei innleiande kampane i dameklassen er no ferdigspelte. Carro e? vann begge sine kampar med ganske store siffer. Holemix går også til finalen, sidan dei vann den tette kampen mot Saud 4-3.

28.12. Morten passerte 100

dsc_0097.jpg

Før årets turnering stod Morten Moldskred med 99 nettkjenningar gjennom Grendacup-historia. I ;) sin første kamp i dag scora ikkje Morten, men han netta heile fire i andre kamp. Dermed vart han den tredje i Grendacup-historia med 100 mål. Den første som klarte det var Harald Åsland Riise, den andre André Skotheim. Etter kampen fekk Morten pokal for 100 mål med GC-leiar Kristian Angelsen.

28.12. Herre E er ferdig

Herre E vart ei spennande pulje. Brokj spelte uavgjort 1-1 i toppkampen mot Jalle, men vann gruppa på betre målskilnad. Tabellen vart slik:'

1. Brokj, 10 poeng
2. Jalle, 10 poeng
3. Gårsdagens fotballehelta, 6 poeng
4. Tam IL To, 3 poeng
5. Bizim Takim, 0 poeng

Bizim Takim rauk ut.

28.12. Ungdomsgruppa er ferdig

Mange gode kampar i ungdomsgruppa som nyst er ferdig. Det vart til slutt rein gruppefinale mellom Boksebretten han k og El Diablos, som El Diablos vann 4-3. Alle laga spelar semifinale i morgon, nummer 1 mot 4 og 2 mot 3.

Tabell:

1. El Diablos, 9 p
2. Boksebretten han k, 6 p
3. Solgutane, 3 p
4. Hareid 97, 0 p

28.12. Ruben herjar i Hareidhallen

Ruben-Kenneth Brandal er i storform.
Ruben-Kenneth Brandal er i storform.

Klokka er 11.24, og herregruppe E og ungdomspulja nærmar seg slutten. Laget som har imponert mest er heilt klart "Brokj". Dei har spelt tre kampar utan å sleppe inn mål, og Ruben-Kenneth Brandal er alt oppe i åtte nettkjenningar. Elles har "Jalle" vunne sine to kampar og bør ta andreplassen i denne gruppa. "Tam IL 2", "Bizim Takim" og "Gårsdagens fotballhelta" kjempar om dei 3.- og 4.-plassane. I ungdomspulja har "Boksebretten has K" tatt kommandoen med to av to sigrar.

28.12. Og vi er i gang...

Klokka er 10.02, og fire kampar er alt spelte. Vi kjem med resultat og bilete temmelege fortløpande.

27.12. Siste beskjedar før vi er i gang...

* Det kostar 30 kroner for vaksne og 20 kroner for born/honnør å vere tilskodarar under Grendacupen, melder Hareid IL sitt hovudlag, som står for billetteringa under cupen.
* Mange har uttrykt ønskje om at speaker opplyser om eventuelle scoringar i kampen mellom Tottenham og Newcastle i morgon.  Og ja, det skal vi sjølvsagt fikse. Det kan også hende at det kjem rapportar frå andre kampar i England.

27.12. Alt klart for Grendacup

Grendacup-styret på plass i Hareidhallen i dag (Tommy Torsvik, speakersjef, var framleis i Molde då biletet var teke). Bak frå venstre: Jon Arne Haram (kasserar), Kristian Angelsen (formann), Bobo Breivik (musikk-sjef), Kim Lillebø (skilt- og garderobesjef). Framme: Arthur Bakke Garnes (sekretariat-sjef) og Einar Orten Trovåg (IT-sjef).
Grendacup-styret på plass i Hareidhallen i dag (Tommy Torsvik, speakersjef, var framleis i Molde då biletet var teke). Bak frå venstre: Jon Arne Haram (kasserar), Kristian Angelsen (formann), Bobo Breivik (musikk-sjef), Kim Lillebø (skilt- og garderobesjef). Framme: Arthur Bakke Garnes (sekretariat-sjef) og Einar Orten Trovåg (IT-sjef).

Frå 18.00 til 20.30 i dag var Grendacup-styret pluss Espen Beiermann i Hareidhallen for å gjere alt klart til cup. Det har blitt rydda, rigga, montert, teipa, løfta, kopiert og så vidare for at det skal bli så lite som mogleg å gjere før cupen startar klokka 09.00 i morgon.
- Dette ser bra ut. Vi gler oss veldig. Det er som regel i overkant av 1500 menneske innom hallen i løpet av desse to dagane, og det blir neppe mindre i år, smiler GC-formann Kristian Angelsen i ein siste kommentar før cupen.

Hallen blir opna ca. klokka 08.20. Kampprogram og alt anna du treng å vite finn du under 2010 i menyen til venstre.

Lagbilete og andre bilete vil bli lagt ut på denne sida ved jamne mellomrom. Ca. ein gong i timen legg vi ut oppdaterte resultat. Etter kvar pulje er ferdig kjem vi også med oppsummeringar av dei.

PS. Som i fjor blir dei to tilskodarane som er til stades på flest kampar under cupen premierte. I fjor gjekk desse pokalane til Christian Mortk og Kurt J. Brandal. Noko som tørr å utfordre dei?

27.12. Grendacup-rankinga

Før julaftan hadde vi vurderingar av dei ulike gruppene. Her kjem ei ranking av laga, som ikkje tar hensyn til grupper, kven som kan møte kven då og då etc. Grunngjevinga til rankinga kjem i programheftet til Grendacupen som du får når du betaler for deg i inngangen.

27.12. Fotballformannen med kick off-tale

Fotballformann Ottar Røyset har dessverre ikkje høve til å vere i Hareidhallen under Grendacupen i år. I staden har han skrive eit skriv som hyller Grendacupen, og ønskjer alle deltakarane lykke til.

PS. Ottar har vunne Grendacupen to gonger sjølv, i 2002 med "Systembolaget" og i 2007 med Temporiddarane.

24.12. God jul!

Grendacup-komiteen ønskjer dykk alle ei fantastisk jul. No står det god mat på meyen dei neste dagane, så snakkast vi alle i hallen 4. dag jul.

Vi satsar også på å komme med "siste info" 3. dag jul her på sida.

22.12. Vurdering av Grendacup-gruppe E

Gruppe E er ei gruppe med fleire jamne lag. Det er berre 12 minutts kampar i grupper med fem lag, noko som gjer kampane endå meir spennande. Og kanskje er det ein fordel for dei laga med mange spelarar utan særleg kondis?

21.12. Vurdering av Grendacup-gruppe D

2433830805_0C106EDD33_Z.JPG

Gruppe D er ei ujamn gruppe. Mimregjengen på Gylne Tider er store favorittar, kanskje tidenes største favorittar, til å vinne ei innleiande pulje. Bak dei kjem tre unge lag som skal gjere opp om to ledige plassar i 1/8-finalane. Så spenning blir her for all del - bak GT.

20.12. Vurderingar av dame- og ungdomsklassane

I dameklassen føler vi oss ganske trygge på at fjorårsvinnarane vinn nok ein gong. Men heilt trygge kan vi ikkje vere, når Holemix har sett opp dameklassen som sitt nye satsingsfelt.

I ungdomsklassen trur vi heile 75 % av laga kan vinne...

19.12. Vurdering av Grendacup-gruppe C

Gruppe C byr på ein ekte italiensk duell mellom Il Tulipo Nero og Camorra. Det er også ein slags futsal-duell med Ivar André Aadland på det eine laget og Andreas Helvig på det andre. Ironisk nok er også begge lag representert med fleire store futsal-motstandarar.

Men ein skal heller ikkje kimse av dei to andre laga i gruppe C; tradisjonelle "Kræda" og bohemane på "Dryppenasene".

18.12. Vurdering av Grendacup-gruppe B

B-pulja er nok den tøffaste i år. Heldigvis går jo tre av dei fire laga vidare, men eitt skal ut. Og det kan nesten bli kven som helst. Laget vi tippar på 4.-plass kan like godt vinne heile turneringa.

18.12. Gjesteboka avslutta for i år

Vi legg med dette ned gjesteboka for denne gongen. Dette grunna fleire episodar der folk har rakka ned på ditt og datt anonymt, eller med andre sine namn. Vi får sjå om vi startar opp igjen Gjesteboka framfor neste Grendacup.

17.12. Vurdering av Grendacup-gruppe A

Gruppe A er faktisk ikkje så verst. Eit over snittet rutinert lag i ;), eit også ganske rutinert lag i Holemix, eit ganske ungt lag i Småstressa og eit lag med mange spørsmålsteikn: Pina d grætt!

Vi trur rutine blir viktig i denne gruppa. I alle fall om Morten Moldskred dukkar opp...

Forhånd.1...12131415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar