22.12. Vurdering av Grendacup-gruppe E

Gruppe E er ei gruppe med fleire jamne lag. Det er berre 12 minutts kampar i grupper med fem lag, noko som gjer kampane endå meir spennande. Og kanskje er det ein fordel for dei laga med mange spelarar utan særleg kondis?

1. Brokj

Påmelde spelarar: Christer Adrian Mork, Preben Nedrelid, Ruben-Kenneth Brandal, Ørjan E. Grimstad, Oskar Gunnarstein, Fredrik Muren, Benjamin Slettebakk, Nikolay Sundgot, Daniel "tc" Reite, Emil Valaas Viddal

Vurdering av laget: Fjorårets semifinalistar + tre Hødd-spelarar; Viddal, Brandal og Grimstad. Det luktar det svidd av. Både Emil og Ruben er av dei fire-fem beste innespelarane som deltar i denne cupen, og Gunnarstein og Muren viste seg positivt fram i fjor. Daniel Reite er ikkje noko fyrtårn, men bør vere ein bra keeper på sjuarmål. Og Bromlemann, ja han kan. Det same kan seiast om Ørjan (det rima). Har også bra breidde i troppen i og med at Nedrelid og Sundgot også er med, godt over middels spelarar det også. Vil påstå at Brokj blir favorittar i årets herreklasse saman med Gylne Tider.

Spørsmålsteiknet: Skal bli spennande å sjå kva taktikk dei legg opp til, og korleis dei disponerer speletida mellom seg. Om Bromle får fritt spelerom er han ustoppeleg. Men dersom motstandarlaget markerer han ut så er det plutseleg verre.

Profilen: Christer Adrian "Bromle" Mork er ei av mange legender her. Kanskje ikkje fordel han at gruppe E går tidleg om morgonen. For Bromle har vel ymse dataspel han skal gjennom i jula, og då går fort natta med til det. Noko som igjen kan gå utover kreftene hans. Men utover dag 2 i cupen reknar vi med at Bromle finn storforma. Og då kan det bli mange susarar.

2. Gårsdagens fotballhelta

Påmelde spelarar: Marius Slettebakk, Ole Magnus Melchior, Jon Erik Ertesvåg, Patrick Undli, Benjamin Reite, Nicolai Øyehol, Magnus Snipsøyr, Kevin Seljeseth, Robin Jakson Indreflø, keeper ?

Vurdering av laget: Slettis og co nådde kvarten i fjor. Det bør vel bli noko liknande i år. Ein del av desse spelarane er ikkje så veldig aktive lenger. Men med ein god keeper så er dette eit godt lag. Knapp favoritt til å ta 2.-plassen i gruppa.

Spørsmålsteiknet: Som det står over så har dei ikkje meldt på keeper. Men reknar med Slettis har eitt eller anna ess i ermet der. Har han det ikkje så kan alltids Nico stå i mål, men ei veldig ideell løysing er det vel neppe. I tillegg kan det stiljast spørsmålsteikn ved kondisen til tre ikkje namngitte spelarar på laget. 

Profilen: Benny Reite er kanskje ein lite typisk innespelar. Men han nyttar seg av "Benny-finta" både inne og ute. Den går ut på å finte ut motstanderen ved å trakke i bakken; men problemet er at det er snakk om ein motstandar som er ca. 20 meter frå ballen. Det gjer Benny-finta til ei av dei minst effektive eg har sett. Men publikum har begynt å forstå det, så finta blir nok ein attraksjon under cupen.

3. Jalle

Påmelde spelarar: Nils Kristian Pilskog, Ingar Richardsen Liaset, Jørund Johansen, Martin Haanes, Vegard Moltubakk, Bjarne Snipsøyr, Christoffer Rekdal, Vegard Karlsen, Alexander Jackson Indreflø

Vurdering av laget: Overraska og kom til kvarten i 2008. Lite tilbakesteg i fjor då dei rauk ut i 1/8-finalen. I år kan det fort gå veldig bra. Haanes har no komme seg opp i a-stallen til Hødd, Moltubakk var Lokomotiv Oslo sin redningsmann i 4.-divisjon i haust, og Johansen avslutta sesongen bra på Hareid (og han er tradisjonelt sett også veldig god inne). I tillegg kan Bjarne Snipsøyr gjere ein grei nok jobb. Og minstemann Rekdal var bankers på Larsnes-laget som rykte opp i år. 

Spørsmålsteiknet: Er det Pilskog eller Karlsen som skal stå i mål? Begge er greie nok, men ikkje på topp fem-lista over keeperar i cupen. Også lite spørsmålsteikn ved breidda i troppen.

Profilen: Det må bli godaste mister Moltubakk. Er på tå hev i alle samanhengar, og tyt i eitt sett som han aldri skulle ha gjort noko anna. Neida, ein hyggeleg kar han Moltubakk. Og no har han visst nok fått alvor fått smaken på det gode liv i Oslo.

4. Tam IL To

Påmelde spelarar: Andreas Rise, Jan Endre Rise, Ola Marius Rise, John André Bjåstad, Bjørn Vegard Bjåstad, Tommy Notøy, Aslak Vikebakk, Anders Eidsvik, Magnus Angelshaug, Kjell Roger Skarshaug, Stian Berge Myrene

Vurdering av laget: No kan det jo hende at BV og co flyttar folk herifrå opp på førstelaget i siste liten. For til dømes Ola Marius ("Inne-KM-kongen") bør vel ha noko der å gjere? Elles er Tam IL To eit heilt OK lag, kanskje litt tungt. Så blir overraska om Tam IL-ana klarer å komme seg heilt opp i toppen av denne gruppa.

Spørsmålsteiknet: Her er mange spelarar som var betre for fire-fem år sidan enn kva dei er no. O2-opptaket på dei fleste har vel truleg også vore høgare (men heldigvis er det jo 12-minuttskampar denne gruppa).

Profilen: Ingen tvil om at det er BV Bjåstad. Har aldri vunne Grendacupen, så for å auke sjansane har han sett seg opp som lagleiar på to lag i år. Vinn ingen av laga hans i år, doblar BV innsatsen til fire lag neste år (ifølgje sikre kjelder vi har snakka med). Elles så kan eg ikkje unngå å nemne då vi møtte Vålerenga sitt andrelag på Norway Cup i 2002 i guteklassen. Klanen var på plass og full pakke. Vi leia med tre-fire mål, og trenarane sette inn på reservane på tampen, som mellom anna inkluderte BV. Med få minutt igjen å spele fekk han ballen ca. 20 meter frå VIF sitt mål. BV hadde tre heilt ledige medspelarar i gode posisjonar som det hadde vore naturleg å spelt ballen til. Men i staden valde BV degt overraskande; å skyte sjølv, og ballen gjekk like over tverrleggjaren. Eit fantastisk lompeskot. Etter kampen gjekk BV rett bort til trenar Kenneth Moldskred og erklærte seg ferdig som spelar i denne turneringa, sjølv om vi ikkje ein gong hadde starta på sluttspelet. Og VIF-kampen var faktisk den siste 11-arkampen BV nokon gong spelte. Like greitt å avslutte på topp.

5. Bizim Takim

Påmelde spelarar: Kajan Anton, Murat Aydin, Emrah Aydin, Ole Markus Pilskog, Vidar Pilskog, Kurt Haddal, Lars Henrik Hasund, Sujanthan Visagesan

Vurdering av laget: Overraska stort og vann ei gruppe med fem lag i fjor. Vegen til kvartfinalen låg open, men så tapte dei overraskande i 1/8-finalen. Og det kan jo godt hende at Bizim Takim overpresterte litt i fjor. For dei spelte betre enn kva spelarlista deira tilsa. Men ein skal aldri undervurdere det å vere samspelte (dei fleste her spelar på Hjørby), og det å ha ein scoringshungrig spiss langt opp i 40-åra (Kurt Haddal). Likevel trur vi at Bizim må sei seg nøgde om dei går vidare frå denne gruppa.

Spørsmålsteiknet: Har alltid lurt på kva Bizim Takim betyr for noko. Så eg tok meg eit søk på google translate. Og Bizim Takim er tyrkisk, og det betyr "Vårt team". Kreativt.

Profilen: Blir Kurt Haddal berre betre og betre år for år? Det kan nesten sjå slik ut. Bøtta inn mål som ein 18-åring i fjor. No er han 44. Ingen alder det heller. Var ikkje Lars Pedersen nesten 50 då han vart kåra til årets Grendacup-spelar?

Det var tipsa for i år. Kanskje det blir tips neste år også. Kven veit. God jul. Helsing EOT

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar