19.12. Vurdering av Grendacup-gruppe C

Gruppe C byr på ein ekte italiensk duell mellom Il Tulipo Nero og Camorra. Det er også ein slags futsal-duell med Ivar André Aadland på det eine laget og Andreas Helvig på det andre. Ironisk nok er også begge lag representert med fleire store futsal-motstandarar.

Men ein skal heller ikkje kimse av dei to andre laga i gruppe C; tradisjonelle "Kræda" og bohemane på "Dryppenasene".

1. Il Tulipo Nero

Påmelde spelarar: Vagn Scheide Mork, Sturla Pilskog, Are Pilskog, Ivar André Aadland, Thor K. Eide, Øyvind Kjerstad, Cato Hansrud, Trond Haugland

Vurdering av laget: Imponerte i fjor så lenge kreftene rakk. Var svært nære å nå kvartfinalen, sjølv om dei verken hadde skikkeleg keeper (Sturla dag éin, Rick Hunstad dag to) eller brukte ein einaste innbyttar i løpet av turneringa (!). No har dei fått inn Vagn i mål, samt Cato og Trond for å utvide troppen. Dei andre spelarane er typiske futsal-folk. Spelar nesten berre på fot. Ikkje mange feilpasningar innan dette laget. Maksar Il Tulipo Nero ut kan dei gå heilt til topps i turneringa.

Spørsmålsteiknet: Alle veit at om det funkar for Sturla, Are, Ivar og co så er det flott og effektivt. Men kan møte lag som kjempar dei ut av stilen.

Profilen: Går vel ikkje an å unngå å nemne Vagn her. Er sjølve symbolet på Hareid a-lag. I vårkampen mellom Norborg og Hareid gjorde Vagn ei viktig redning på stillinga 2-1 til Hareid, og ropte ut "Ej e Hareids gud". Akkurat det er det ingen diskusjon om...

2. Camorra

Påmelde spelarar: Audun Orten Trovåg, Åge Møgster, Tore Bjørge Mjønes, Anders Gaustad, Andreas Helvig, Einar Orten Trovåg, Håkon Orten Trovåg, Kjetil Steinsvik Paulsen, Lars Andreas Dahlen Folkestad

Vurdering av laget: Fjorårets vinnarlag har mista fire spelarar. Av dei blir nok saknet av store og sterke Carsten Grüner det største. I staden har ein del ungdommar (HO Trovåg, Folkestad, Mjønes) komme inn. Ikkje dårlege spelarar det, men har ikkje all verda med rutine. I gruppespelet manglar som vanleg Kjetil Paulsen, og dermed er 2.-plass i innleiiande spel fokuset for mafia-klubben. Når "Mannen som elskar Grendacupen" så dukkar opp dag to kan det meste skje...

Spørsmålsteiknet: Laget som vann herreklassen i 2008 (Nupen, Nykrem m. fl) gjekk på ræva og vart nummer fire i si gruppe i 2009 - og rauk ut før moroa starta. Kan 2009-vinnarane gå i den same fella?

Profilen: Åge Møgster. Imponerte då han scora seks mål i Grendacupen i fjor, nest flest av dei på vinnarlaget. Møgster har nok ikkje like gode minne frå 3.-divisjonskampen mellom Hareid og Volda hausten 2008. Møgster var mildt sagt i svært dårleg form (les: trillrund), og det første han gjorde då han kom inn som høgreback ti minutt før slutt var å falle opp på ballen - upressa. Publikum braut ut i latter. Trenar André Skotheim vart stum som ein østers...

3. Stækt kræde-rogn

Påmelde spelarar: Karl Johan Fjelle, Håkon Elias Frøysa Hansen, Kim Lillebø, Frank Robert Moldskred, Ørjan Yri, Tor Arne Langnes, Robert Flø, Rolv Pilskog

Vurdering av laget: Vi trur "Kræda" og Dryppenasene vil gjere opp om 3.-plassen i denne gruppa. Krædene kan både vere svært gode og svært svake i enkeltkampar, men på det jamne er dei som regel ganske middelmåddige. Mange av spelarane er ganske bra, men kanskje ikkje like gode som det såg ut til at dei skulle bli då dei var 15 og 16?

Spørsmålsteiknet: Kondisen hos ein del av spelarane har vore betre (men innleiande er kampane berre 15 min:-).

Profilen: Her er det mange å velje mellom. Men trur vi må gå for Kræda sjølv, Frank Robert "Fotball-Frank 2" Moldskred. Er så fotballgal at han tidlegare i år fekk andreplassen i Hareid-sida si kåring av "Tidenes beste Fotball-Frank". Det var berre Frank Sverre Skorpen frå Bergsøy som kom før han på kåringa.

4. Dryppenasene

Påmelde spelarar: Joakim Rødven, Antoni Gardshol, Martinus Warholm, Jan Kristian Korsnes, Tony Rasmussen, Henrik Roppen, Bjørnar Sunde Gjerde

Vurdering av laget: Det er vel ikkje feil å kalle dette for blanda drops. Ikkje dårleg, men ujamt. Tony Rasmussen skyt vel hardare enn alle andre i Hareidhallen i romjula, Antoni "Dryppenasa" Gardshol tacklar like hardt, og Bjørn Sunde Gjerde svekkar ingen lag som er med i Grendacupen. Uansett seier nok dette laget seg nøgde om dei går vidare til 1/8-finalen vil vi tru. Og med maks innsats og bra flyt kan dei fort komme dit.

Spørsmålsteiknet: Sunde Gjerde er den einaste typiske matchvinnaren her. Ramsussen er god, men som regel berre i små drypp om gongen.

Profilen: Det må sjølvsagt bli Dryppenasa sjølv; Antoni Gardshol. Minnest då han debuterte for Hareid a-lag, som stilte eit svekka lag mot eit toppa Hødd-mannskap vinteren 2009. Antoni visste knapt kven han spelte saman med, men gjekk inn i kvar duell som om det var hans siste. Dei meriterte Hødd-spelarane lurte veldig på kven han tynne vesle klin galne stopparen der var. Kampen enda 4-4. Antoni Gardshol var banens beste spelar.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar