21.12. Vurdering av Grendacup-gruppe D
Gruppe D er ei ujamn gruppe. Mimregjengen på Gylne Tider er store favorittar, kanskje tidenes største favorittar, til å vinne ei innleiande pulje. Bak dei kjem tre unge lag som skal gjere opp om to ledige plassar i 1/8-finalane. Så spenning blir her for all del - bak GT.
1. Gylne Tider
Påmelde spelarar: Kim-Tore Husøy, Lars Roar Holstad, Espen Beiermann, André Egset Nupen, Peter Paus, Svein Inge Nesset, Gunnar Johann Ringstad, Roy Inge Brandal, Arve Haugland
Vurdering av laget: Juniorlaget til Hareid som tok KM-bronse ute i 2001 (og slo Hødd i NM året etterpå), pluss sørlendingen Arve Haugland, som etter alt å døme ikkje hadde høyrt om Hareid i 2001. GT er det desidert beste laget i denne gruppa. Om Gylne Tider veljer ut før turneringa kven dei vil skal bli toppscorar i årets Grendacup, så får dei det mest sannsynleg til. Styrken til laget er at dei har gode innespelarar i alle ledd. Av dei på laget er det vel berre Kim-Tore Husøy som kan seiast å vere betre utandørs enn på parkett.
Spørsmålsteiknet: Arve Haugland har ein Hareid 2-kamp som keeper på samvitet, og har stått i mål under Grendacupen tidlegare, men når det begynner å dra seg til utover dag 2 så er det truleg andre lag som har betre sisteskanse. Sett vekk frå dette er det svært få svakheiter å finne ved GT.
Profilen: Roy Inge "Skjora" Brandal. Det nest verste spelaren eg (EOT) har spelt mot, etter Martin Molnberg. Skjora er stor og sterk og har spissa albogar over alt på kroppen. Ei uhyggje å møte han. Vart kåra til årets GC-spelar i 2008.
2. Where`s Waldo?
Påmelde spelarar: Aksel Røyset Bakken, Ådne Andersen, Sjur Gjerde, Lars Mork, Mikal Haanes, Kjetil Knotten, Markus Waldo Hatløy, Marton Muren
Vurdering av laget: Her er det 16-åringar over heile linja. Og vi snakkar om gode 16-åringar. Manglande rutine vil hindre dei i å gå langt i denne turneringa, men bør ta 2.-plassen i denne gruppa. Lars Mork imponerte i ungdomsklassen i fjor. Ådne Andersen er vel ein av dei to-tre raskaste som deltar i cupen. Og Sjur Gjerde kan bli ein bra keeper.
Spørsmålsteiknet: Kjem dette laget til å spele i t-skjorter med Farstad-logoar på?
Profilen: Markus Waldo Hatløy. Sikkert ikkje den beste fotballspelaren på øya, men ein likandes kar. Sikre kjelder seier at Waldo møtte opp til trening med gutelag midt i januar i 21 minusgrader - i shorts!
3. A-team
Påmelde spelarar: Torstein Holstad Sivertsen, Arthur Hareide jr., Stian Brandal, Anders Jensen, David Røren, Ahilen Thuraisingam, Kasi Jogarajah, Venthan Ketheeswaran, Joe Kijjarak, Bjørn Magnus Andersen
Vurdering av laget: Blanda drops dette. Vil tippe at dei må kjempe med Zagros FC om 3.-plasen i gruppa. Har ein del bra juniorspelarar, pluss nokre eg aldri har høyrt om. Venthan må levere framfor kassa om det skal bli avansement for dette laget. Stian Brandal og Kasi sørgjer for at forsvarer blir noko lunde bra.
Spørsmålsteiknet: Kven fann på at dette laget skulle kalle seg A-team?
Profilen: Joe Kijjarak. Veit ikkje kven han er. Men han høyrest ut som ein profil.
4. Zagros FC
Påmelde spelarar: Hiwa Alipoor, Honar Alipoor, Omed Alipoor, Yasin Hajizadeh, Omar Sayda, Ali Khawari, Mustafa Sakhizadeh, Asadullah Azad
Vurdering av laget: Heller ikkje her kan eg seie med handa på hjartet at eg veit kven alle mann alle er. Men Hiwa er ein bra spelar, og brørne hans er ikkje så aller verst dei heller. Men mindre dei andre her er folk dei har henta inn frå andre bygder, så trur eg ikkje det held til avansement. Men om eit par av dei "ukjende" er OK, så kan ein aldri vite.
Spørsmålsteiknet: Mange. Har dei til dømes keeper?
Profilen: Hiwa har i løpet av året blitt ein bra spelar for Hareid 2. Bra fart og grei teknikk, og er i tillegg ein likandes kar.