17.12. Vurdering av Grendacup-gruppe A

Gruppe A er faktisk ikkje så verst. Eit over snittet rutinert lag i ;), eit også ganske rutinert lag i Holemix, eit ganske ungt lag i Småstressa og eit lag med mange spørsmålsteikn: Pina d grætt!

Vi trur rutine blir viktig i denne gruppa. I alle fall om Morten Moldskred dukkar opp...

1. ;)

Påmelde spelarar: Thomas Vik Myklebust, Stig Haugland, Stian André Slotterøy, Rune Husø Johansen, Arthur Bakke Garnes, Jon Arne Gardshol Haram, Robert André Breivik, Steinar Egset Nupen, Tommy Pettersson Torsvik, Morten Moldskred

Vurdering av laget: Har berre gjort ei endring frå fjorårets tropp. Thomas Vik Myklebust kjem inn som keeper i staden for Martin Løseth. Mange av spelarane på laget har passert toppen av middagshøgda, men det var godt nok til finale i fjor. Trur dei er hakket betre enn næraste utfordrar Holemix i denne gruppa.

Spørsmålsteiknet: Får Morten Gisle lov til å spele Grendacup no som han er Rosenborg-spelar? Vi håper på det for cupen sin del. Men kjem ikkje Morten så blir ;) plutseleg ganske middelmådige.

Profilen: Robert André "Bobo" Breivik. Den store profilen på dette laget er sjølvsagt Bobo. Ikkje på grunn av det fotballmessige, men av to andre grunnar: 1. Fotballstrømpene sine: blir det ei rosa og ei blå i år også, eller blir det ei raud og ei grøn? 2. DJ-jobben i boda. Ser av og til ut som han søv der oppe, men det er fordi han har blitt så rutinert. Disk jockey-arbeid kan Bobo betre enn dei fleste.

2. Holemix

Påmelde spelarar: Stig Andor Engen, Hallvar Møller, Joar Møller, Odd Sverre Urke, Tommy Walaunet, Svenn-Erik Warholm, Magnus Holstad, Eivind Michael Myklebust, Eiliv-Tore Howlid

Vurdering av laget: Etter eit par svake sesongar er nok Hole-gjengen revansjelystne i år. Må klare seg utan Even Hansrud og Lars Roar Holstad, men har fått inn Eivind Michael Jackson Myklebust og Eiliv-Tore Howlid. Er Møller-karane og Warholm i form så kan dette gå veldig bra. Myklebust scorar på bestilling. Så vi har ganske god tru på Holemix, bør i alle fall halde til 2.-plass her.

Spørsmålsteiknet: Lite fart i denne troppen (Myklebust den klart kjappaste, og Stig Engen på 51 er vel den nest raskaste). Skrik også etter fornying, men der kan Myklebust vere svaret.

Profilen: Eiliv-Tore Howlid. Hadde vore på sidelinja i eit halvt år då han vart banens beste i Hareids siste seriekamp i år. "Headeleiken" kan Eiliv betre enn dei fleste. Men det er vel heller ingen spelarar som er treigare enn han under Grendacupen. Trivest best når laget ligg bak på eigen 16-meter, men kvar ligg 16-meteren i Hareidhallen?

3. Småstressa

Påmelde spelarar: Nikolai Røyset, Lasse Leirstad, Torgeir Skeide, Vegard Heltne, Arild Hånes, Thomas Østrem, Magne Møgster, Ørjan Røyset, Marius Kwame Mathia Hareide

Vurdering av laget: Niko har gått hen å forsterka laget faktisk, noko som gjer dei til ein mørk hest i denne gruppa. Vegard Heltne er ei svært god signering. Å hente tilbake Torgeir Skeide frå fjorårets vinnarlag er heller ikkje noko dumt trekk. Men elles er laget relativt ujamt. Kan sjølvsagt overraske og gjere nokre gode resultat dag 1, men går neppe mange hakk vidare dag 2.

Spørsmålsteiknet: Klarer Niko å gi lagkameratane sine rett tidspunkt for når dei ulike kampane skal gå?

Profilen: Ørjan Røyset. Var faktisk ein heilt OK midtstoppar som gutespelar. Hadde ikkje noko som likna på teknikk, men gjekk inn i kvar duell som om det var hans siste. No blir neppe "Røyset-bohemen" nokon berebjelke på dette laget, men artig om han får spele eit minutt eller tre.

4. Pina d grætt!

Påmelde spelarar: Magnus Sveen, Even Hansrud, Bertil Kristiansen, Trygve Aaslid, Håvard Nedrelid

Vurdering av laget: Even har starta opp sitt eige lag, og klart å få med seg heile fire kompisar. Derfor er det noko vanskeleg å vurdere dei. Sett vekk frå Even er det ei stund sidan dei fleste av dei påmelde har spelt fotball på eit noko lunde nivå. Men kanskje har han nokre ess i ermet? Ikkje grætt å seie...

Spørsmålsteiknet: Skulle vel vere meir enn nok av dei... Pina d ikkje so grætt ditte!

Profilen: Trygve Aaslid. Ser ofte veldig trøytt og slapp ut. Men denne karen var i si tid ein habil fotballspelar. Fekk to a-kampar i 1999. Ikkje verst berre det, faktisk pina d grætt!

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar