Så var dag 1 over

Mykje folk, veldig mykje folk - i hallen. God steming. Spennande kampar. Positive overraskingar, lag som underpresterte. Kort sagt ein kjempedag, objektivt sett. Vi tar ei kjapp oppsummering - reint sportsleg.

Skuffelsane:
* André Skotheim har tatt Harald Ås sin scoringsrekord, og har den truleg til neste år, minst, men det kladda verkeleg for "T. kRiise" i dag. Tok 2. plassen i gruppa, men sleit med å spele god fotball mot antatt langt svakare motstand. Skal bli spennande å sjå om dei hevar seg når det hardnar til i morgon.
* Holemix fekk det ikkje skikkeleg til i dag. Skal seiast at dei ikkje toppa laget til kvar kamp, men tapte både mot "Slå å gå" og "Eit brukbart lag". Får det tøft i 1/8-finalen mot Attrus i morgon, sidan Stig Engen må sone karantene.
* Dei som vann i fjor kom i ei kanontøff gruppe, men vi hadde venta å sjå dette laget også dag 2. Forlot hallen med eit brøl.
Dei positive overraskingane:
* The Invictus var noko betre enn antatt, men det skal seiast at dei har henta inn fire nye spelarar etter vi analyserte dei til ein 4. plass i si gruppe. Uansett, Invictus spelte bra fotball, og mange spelarar verkar å vere i form. Kan nå langt.
* Vi tar av oss hatten. Eit brukbart lag vann alle sine fire kampar i gruppespelet. Og det utan ein einaste innbyttar - og med Sturla Pilskog i mål. Skal visst nok forsterke laget før morgondagen. Det kan bli meeeget spennande.
* Av og til tar vi berre heilt feil. Som med Bizim Takim, som vi rangerte som nummer 20 av 22 lag. Vel, dei vann si gruppe framfor lag som T. kRiise og Eiliv og gutta. Kurt Haddal kan både score og feire det, og Sujanthan er i storform.

PS. Vi skulle gjerne lagt ut mange bilete frå cupen. Men det er eit kvart gale med denne nettsida som gjer det umuleg. Vi tar det igjen når systemet er oppe og går igjen.

Oppdatert kampplan for dag 2

Ligg under 2009 i menyen til venstre.

Scoringar herre

Dei som har flest etter dag 1:
Ivar Aadland 9
André Skotheim 8
Sujanthan 6
Morten G Moldskred 6
Åge Møgster 5
Joachim Fiksdal 5

I kveld: Gruppe B og C: Bomber og granatklikk

Mange overraskingar i gruppe B og C. Sjekk alt under her:

Gruppe C bolk 1:

* Slå å gå - Eit brukbart lag 1-5 (med Sturla Pilskog som keeper)
* Kræda - Steik kor go vi e 1-0 (Brandaldominerte SKKVE fekk smake eigen medisin. Brandølingen Peter Andreas Brandal avgjorde til fordel Kræda)

Gruppe B bolk 1:

* TFF? - Invictus 0-3 (Dødens gruppe er i gang. Ingen spesielt sjanserik opningskamp, men spenning var det nok av. TFF begynte med Svein Inge Nesset i mål, før Kim Vågeskar dukka opp etter 5 minutt. Marius Slettebakk scora to mål på kort tid fem minutt før slutt. Patrick Undli plussa på fem sekund før slutt. TFF verkar ikkje sterke. Men vi kan nemne at Invictus har supplert med Jalle Urke og Andreas Johann Kurseth)
* Reina - Dei som vann i fjor 4-4. (DSVIF putta umiddelbart på eit fint Nupen-skot. Men like etter utlikna Peter Paus. Midtvegs i kampen gjorde Marius Mathia Hareide ei defensiv tabbe som gjorde at Preben Hestad kunne spasere inn 2-1. 5 minutt før full tid utlikna Fredrik Bøe. 20 sekund seinare sette Sondre Åkervik inn 3-2 for DSVIF etter å nettopp ha blitt bytta inn. Med to minutt igjen å spele la Pers Nykrem på til 4-2. 50 sekund før slutt var keeper Magnus Runde med fram og avslutta via nokon og i mål. Og med berre 18 sekund att utlikna Olav Haug Vikebakk. Veldig veldig spennande kamp.)

Gruppe C bolk 2:
* Holemix - Slå å gå 0-1. (Denne kampen blir truleg best hugsa for at Magnus Holstad to gonger bomma på keeperreglementet. Først gløymte han at tilbakespelsregelen vart innført i 1992. Deretter brukte han hendene langt utanfor keeperfeltet. Georg Gaasø avgjorde forøvrig på eit kjempetreff. Tørr vi spå Stig Engen i mål neste kamp?)
* Eit brukbart lag - Steik kor go vi e 7-0. (Dei brukbare kan bli årets overrasking. Ikkje mykje motstand, men spelar fin fotball på ein touch - framleis utan innbyttarar og med Sturlis i mål. Skal visst nok få både keeper og toppspelarar anten i kveld eller i morgon)

Gruppe B bolk 2 - kamp 1 av 2:
* Reina - TFF? 3-2 (Reina siglar mot avansement med 4 poeng på 2 kampar. Det ser verre ut for poenglause TFF?).

Gruppe C bolk 3:

* Holemix - Kræda 5-0. (Som forventa revansje for Holemix. Kræda måtte fullføre med ein i manko etter at Robert Flø vart vist ut.)
* Slå å gå - Steik kor go vi e 1-1 (SÅG klarte ikkje å følgje opp Holemix-sigeren. Oddis utlikna for brandølingane på tampen, og sikra dei eit litt uventa poeng. No er gruppa vidopa)

Gruppe B bolk 2 - kamp 2 av 2:
* Dei som vann i fjor - The Invictus 1-4 (Knalltøff og intensiv kamp. Imponerande av Invictus. Er no vidare før siste runde. Dei som vann i fjor MÅ ha poeng mot TFF?)

Gruppe C bolk 4:

* Brukbart lag - Kræda 4-1 (Enkelt og greitt for "Brasil". Liknar på gruppesiger)
* Holemix - Steik kor go vi e 8-2 (Det mest minnerike frå denne kampen var dei to måla til Oddis Brandal på Hole-keeper Oddy Urke - begge på langskot. Holemix kjempar om gruppesiger med Eit brukbart lag, medan vi må takke Steik kor go vi e for i år)

Gruppe B bolk 3 av 3:
* TFF? - Dei som vann i fjor 3-2 (Svein Inge Nesset opna kampen forrykande og sende TFF opp i 2-0 i løpet av dei fire første minutta. Per Ståle Nykrem ville også markere seg positivt, og sette inn 1-2 etter 6 minutt og 2-2 etter 9 minutt. Så fann Robin J. Indreflø eit smutthol, og skaut inn 3-2 til TFF to minutt før slutt. Ampert på slutten, Dei som vann i fjor fekk ein trippelsjanse, men klarte det ikkje. Dei er ute, sensasjonelt nok, medan TPP tar 3. plassen)
* The Invictus - Reina 1-2
Forsvarskløning av Erdal Aydin  gjorde at Olav Haug Vikebakk fekk setje inn 2-1. Dermed gruppesiger til Reina.

Gruppe C bolk 5 av 5:
* Kræda - Slå å gå 2-1
Kræda tar 3. plassen - mest sannsynleg.
* Holemix - Eit brukbart lag 1-2
Dermed er dei brukbare gruppevinnarar, utan å ha brukt ein einaste innbyttar - og med Sturla i mål.
NB. Stig Engen vart utvist med få sekund igjen å spele, og må stå over 1/8-finalen mot Holemix.

Dameklassen: Matprat.no mot Alle Skal Få i finalen

Resultat:

Alle skal få - Julejentene 6-1
Fast Inventar - Matprat.no 2-1

Alle skal få - Matprat.no 3-1
Fast Inventar - Julejentene 1-2

Matprat.no - Julejentene 4-2
Fast Inventar - Alle skal få 1-5

...

Alle Skal Få er soleklar gruppevinnar med 9 poeng. Alle dei tre andre laga har 3 poeng, men med eitt minusmål har Matprat.no best målforskjell - og tar den andre finaleplassen.

Scoringar i dameklassen dag 1:

Annika Lisa Brandal 1
Andrea Rødseth 1
Gunhild Feiring 1
Ragnhild Ertesvåg 2
Veronica Mork 1
Erika Skarbø 2
Ellen Holm Roppen 1
Maren Moldskred 2
Cecilie Skeide 3
Heidi Saur 1
Elisabeth Sunde 2
Camilla Ervik 1
Martha Helvig 2
Mari Vikanes 1
Caroline Overvåg 5
Andrea Sævik 3

Herrer, gruppe E: Som forventa

Ingen overraskingar i denne gruppa. ;) imponerte ikkje sånn voldsomt, men hadde får problem med å ta gruppesigeren.

I første kamp tok Attrus ein relativt trygg siger mot Null Stress.

I andre kamp gjekk storfavorittane ;) opp i ei 3-0-leiing mot Tam IL, men Tam kom sterkt tilbake og reduserte to gonger. Gunnar Johann Ringstad var på tampen nær å utlikne. Ein god og underhaldande kamp. Det må nemnast at ;) stilte i dresskjorter.

I tredje kamp tok Tam IL revansje, og dei er no på veg til 1/8-finalen.
Det same er ;), som tok ein grei 4-0-siger mot Attrus i fjerde kamp.

Det vil i siste kamp bli spennande av den grunn at Attrus og Tam IL kjempar om 2. plassen i gruppa (kamp 6).

I femte kamp heva Null Stress seg etter to strake tap. Dei henta inn ;) si tidlege 2-0 leiing. Men to minutt før slutt tåa Arthur Garnes inn 3-2 til ;), og fire sekund før slutt la Morten G. Moldskred på til 4-2. Dermed gruppesiger for ;).

I siste kamp i denne gruppa viste det seg fort at Tam IL hadde brukt opp kruttet. Attrus var klart betre, og leia 5-0 tre minutt før slutt. I eit siste desperat forsøk for å ta igjen forspranget sende TamIL-lagleiar Bjørn Vegard Bjåstad inn på seg sjølv, og det førte til ei redusering ved Anders Eidsvik. Men nærare kom ikkje TamIL-gjengen, som må nøye seg med tredjeplass.

Alle resultat i gruppe E:

Null Stress - Attrus 2-4
;) - Tam IL 3-2

Null Stress - Tam IL 3-5
Attrus - ;) 0-4

Null Stress - ;) 2-4
Attrus - Tam IL  5-1

Ungdomsgruppene er ferdige

Ungdom gruppe A:

G4m3rz - Gutta fra Vik 7-1
Gutta fra Vik - Papp og papir 3-4
G4m3rz - Papp og papir 5-2

Det betyr at "Gamers" er gruppevinnarar. Dei går vidare til semifinalane saman med Papp og papir.

Ungdom gruppe B:

No skal mot spele mot - Tyggis 7-0
No skal mot spele mot - Goalgetters 1-4
Goalgetters - Tyggis 17-0

Det betyr at "Goalgetters" er gruppevinnarar. Dei går vidare til semifinalene saman med No skal mot spele mot.

Lurer du på oppsettet for semfinalane, velg 2009 og kampoppsett dag 2.

Mål ungdom dag 1:

Gutta fra Vik: Rafat Ghazi (1), Benjamin Mork (2) + sjølvmål
G4m3rz: Kjetil Knotten (4), Lars Mork (3), Pål H. Skeide (2), Eirik Mjønes (1), Henrik Grimstad (1), Mikal Haanes (1).
Papp og papir: Nils-Erik Engen (2), Håvard Strand (1), Martin Breivik (3).
No skal mot spele mot: Joachim Pedersen (2), Andreas Emdal Fure (1), Thadshayyonan (4), Lars Bastian Reite (1)
Goalgetters: Sjur Gjerde (3), Audun Øvrelid (2), Fredrik Aursnes (3), Hallbjørn Hasund Thorseth (3), Håkon Orten Trovåg (4), Ådne Andersen (4), Markus Hatløy (2)

Sensasjon i gruppe D

Bizim Takim var rangert som nummer 20 av 22 lag i herreklassen før cupen. Men dei overraska enormt - og gjekk heilt til topps i gruppe D. Dei hadde betre målforskjell enn T. kRiise. Begge lag fekk 8 poeng.

Resultat så langt:

Random Select - ^^ 1-3
Eiliv og gutta - Bizim Takim 1-1

T.kRiise - random Select 5-5
^^ - Eiliv og gutta 0-0

Bizim Takim - T.kRiise 2-2
Random Select - Eiliv og gutta 0-3

^^ - Bizim Takim 0-5
T. kRiise - Eiliv og gutta 2-0

Random Select - Bizim Takim 2-4
T.kRiise - ^^ 4-2

Eiliv og Gutta tok 3. plassen. ^^ vart nummer 4, og må vente og sjå i kveld om dei kjem vidare som beste firar.

La Cosa Nostra vann gruppe A

Herrer, gruppe A:

La Cosa Nostra - Glade guttar 3-2
AC Kings - Krympegasskollektivet 1-11
La Cosa Nostra - AC Kings 8-0
Glade Guttar - Krympegasskollektivet 5-4
La Cosa Nostra - Krympegasskollektivet 5-2
AC Kings - Glade Guttar 1-2

GRUPPE FERDIG

La Cosa Nostra er gruppevinnar. Glade Guttar nummer 2, Krympegasskollektivet nummer 3 og AC Kings enda poenglause på sisteplass.

Vi er i gang

Då er klokka 11.45, og vi er på nett.

Vi kjem med resultat og andre oppdateringar sånn litt etter litt.

27.12. Velkomne til Grendacupen

Espen Beiermann og Morten Gisle Moldskred var toneangivande då Temporiddarane vann Grendacupen i 2007.

Espen Beiermann og Morten Gisle Moldskred var toneangivande då Temporiddarane vann Grendacupen i 2007.

I morgon tidleg klokka 08.30 brakar det laust, den 16. utgåva av julas vakraste eventyr: Grendacupen. Vi har i år fått på plass 32 lag, noko vi må seie oss godt nøgde med. Utvidinga av utlendingsregelen kan ha vore med på å auka talet på herrelag frå 19 til 22, men uansett viser påmeldinga at Grendacupen er populær som aldri før.
Til denne cupen er det komme eit nytt styre på plass. Harald, Odd, Stein med fleire som styrte showet i 9 år gav seg etter fjoråret, og nye og yngre krefter er på plass. Det skal seiast at fleire av oss har hatt ulike roller under Grendacupen tidlegare, så heilt ferske er vi ikkje. Grendacupen 2008 vart ein megasuksess med uoffisiell tilskodarrekord under finalespelet. Årets styre har tatt mål av seg å prøve å gjere ting endå betre - om det er mulig. Vi har mellom anna fått på plass fleire premiar enn tidlegare. I år skal til dømes "årets mål", "årets prestasjon" og "årets drakter" kårast. Vi har også kjøpt inn pokalar til spelarar som når 100 mål i Grendacupen si historie. Harald Åsland Riise (107) og André Skotheim (101) har alt nådd det, men fleire kjem bak som kan passere den magiske grensa i år. Til dømes Morten Gisle Moldskred med sine til no 87 nettkjenningar, og eit par mann som spelar på laget hans i år: Stig Haugland (85) og Stian André Slotterøy (82).
Dette er berre eitt av mange spenningsmoment denne cupen. Kvar kamp lever sitt eige liv - og det har skjedd store sensasjonar der Goliat har lidd nederlag mot David tidlegare. Vi ønskjer alle spelarar, motspelarar, dommarar og tilskodarar velkomne til cup på det skinande nye golvet vårt. Og hugs, vi har kiosk.

Snakkast seinast 08.00!

PS: Vi har i år ein pris som heiter "Årets tilskodar". For å seie det slik, vedkomande som vil vinne den prisen bør ikkje vere mange minutta vekke frå hallen.
PS 2. Vi satsar på å ha ei slags liveoppdatering på nett frå turneringa, på den måten av vi legg ut resultata på sida her. Men kor ofte og kor grundig er det blir er vi noko usikre på før cupen har begynt.

Vurdering av gruppe E: Tid for å blonke, Morten!

MORTEN_GISLE_MOLDSKRED.JPG

Det blir neppe den alvorlege Morten "Gisle" Moldskred vi får sjå i aksjon under Grendacupen for laget ;).

Vurdering av gruppe D: Krise, Riise?

KRIISE.JPG

Er det verkeleg kriise i Riise-leiren i år? Nei. Trur vi.

Vurdering av gruppe C: Grei skuring for holingane

VASKING.JPG

Truleg problemfritt for Holemix i denne gruppa, men det skal bli spennande å sjå kva "Eit brukbart lag" kan tilby.

Vurdering av gruppe B: Her luktar det død

TSJERNOBYL_ULYKKEN.JPG

Tradisjonelt har dag 1 av Grendacupen vore ein slags oppvarmingsdag til dag 2. Slik blir det ikkje i år. Gruppe B blir eit drama frå A til Å - frå 18.42 til 21.55.

Vurdering av gruppe A: Mafioso eller glede?

LA_COSA_NOSTRA.JPG

Gruppe A er langt frå den skarpaste. Her står det mellom to lag; La Cosa Nostra og Glade Guttar 10. Les analysen.

Damelag inn på overtid

Seint onsdag kveld fekk vi inn ei påmelding av eit fjerde damelag. Lang etter fristen, og vi vurdere fram og tilbake om vi skal godta det. Men for dameklassen sin del så er det positivt, så vi valte å la det gå.

No er kampoppsetta i venstremargen oppdaterte.

Gruppene

Herrer:
A: AC Kings, Krympegasskollektivet, Glade Gutta 10, La Cosa Nostra
B: Tapt finale før?, Invictus, Reina, Dei som vann i fjor
C: Brukbart lag, Slå å gå, Steik kor go vi e, Kræda, Holemix
D: Random Select, Eiliv og gutta, Bizim Takim, ^^, T.kRiise
E: Null Stress, Attrus, Tam IL, ;)

Ungdom:
Gruppe A: Papp og Papir, G4m3rZ og Gutta Fra Vik.
Gruppe B: Goalgetters, No skal mot spele mot og Tyggis.

Kvinner:
Alle i ei gruppe

Kampoppsettet ligg no ute i venstremargen under 2009.

LIVE-trekning

Det blir live-trekning av gruppene klokka 18.30 onsdag! På denne nettsida.

Eitt lag inn på overtid

Tysdag formiddag fekk vi inn eit sjette ungdomslag. Det betyr at dei får spele i to innleiande grupper.

Forhånd.1...1415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar