Vurdering av gruppe B: Her luktar det død

TSJERNOBYL_ULYKKEN.JPG

Tradisjonelt har dag 1 av Grendacupen vore ein slags oppvarmingsdag til dag 2. Slik blir det ikkje i år. Gruppe B blir eit drama frå A til Å - frå 18.42 til 21.55.

Her deltar fire så sterke lag at vi like gjerne kunne trekt lodd. Vi prøvar oss likevel på ei rangering.

1. Dei som vann i fjor

Spelarar: Kim-Tore Husøy, André Egset Nupen, Roy Inge Brandal, Roger Johansen, Per Ståle Nykrem, Preben Alexander Lillenes Hestad, Harald Åsland Riise, Geir Televik, Sondre Åkervik.

Lagleiar: André Egset Nupen

Antatt beste spelar: Harald Åsland Riise

Vurdering: Det var ikkje venta at fjorårets "Kæm lede?" skulle stikke av med sigeren. Dei meldte på få spelarar, og Harald Åsland Riise og Preben Hestad dukka ikkje opp før semifinalen. Det var derimot då det løsna for laget, som vann knapt i semien og slo ein spennande finale mot Holemix. Det same laget som dei tapte 6-0 mot i gruppespelet...
Det er alltid vanskeleg å gjenta ein suksess. Men fakta er at dei har eit godt lag. Harald Ås har vel kome opp i 44 sommarar, men kan berre stå oppe på topp og halde kven som helst vekke frå ballen. Geir Televik er ny av året på dette laget. Han har også mykje rutine, men han slit med ryggen og det spørs kor mykje han spelar.
Elles har Kim-Tore Husøy vist seg å vere ein solid keeper, om det er han som tar på seg handskane. Roy Inge Brandal vart årets spelar i fjor, Roger Johansen viste seg å vere mykje betre enn vi trudde, Per Ståle Nykrem er solid inne som ute, Preben Hestad er målgarantist, og tru det eller ei var det Sondre Åkervik som var tunga på vektskåla då Kæm Lede sleit seg gjennom 1/8-finalen i fjor - sjølv om det neppe er han som skal drage det tyngste lasset. Vi trur Dei som vann i fjor har så mykje kvalitet i laget, og ikkje minst rutine, at dei ikkje kjem til å feile i gruppespelet. Men dei får motstand om førsteplassen.

2. Reina

Spelarar: Ruben-Kenneth Brandal, Peter Paus, Espen Beiermann, Aslak Vikebakk, Roger Hauknes, Marius Mathia Hareide, Olav Haug Vikebakk, Thomas Hareide, Fredrik Bøe, Magnus Maggen Runde, Knut Arve Nærø.

Lagleiar: Espen Beiermann

Antatt beste spelar: Olav Haug Vikebakk

Vurdering: Reina har i år utvida dekningsområdet til Ytre Hareid + Volda. Det styrkar dei nok ganske mykje. Noko usikkert om Ruben-Kenneth Brandal spelar, men han står framleis på laglista. I fjor rauk Reina i kvarten, då sleit dei med skadar utover i cupen. No er Aslak Vikebakk med frå starten av - og nesten-Reinarane Fredrik Bøe og Marius Mathia Hareide er signerte. Innhenta Volda-keeper Maggen har vunne Grendacupen før. Og sambygdingen Knut Arve Nærø er så sterk at han skapar vanskar for dei fleste, sjølv om han ikkje har spelt aktivt på ei stund. Trioen Espen Beiermann, Peter Paus og Olav Haug Vikebakk er gode innespelarar, og det er først og fremst på grunn av dei at vi føler at Reina kan hevde seg godt i denne cupen. Både Paus og Vikebakk er potensielle toppscorarar. Det skal seiast at dei har 11 mann på laglista og altså må ta vekk ein, men utan å fornærme nokon så blir dei ikkje sånn veldig svekka om det er Thomas Hareide det går utover. Reina kan gå heilt til topps i Grendacupen, men utan skjerping kan dei også ryke i gruppespelet. Det trur vi derimot at dei er for gode til å gjere.

3. Tapt finale før?

Spelarar: Kim René Vågeskar, Ola Marius Rise, Kjell Roger Skarshaug, Joachim Moldskred, Bendik Holstad, Magnus Angelshaug, Svein Inge Nesset, Robin Jackson Indreflø.

Lagleiar: Ola Marius Rise

Antatt beste spelar: Kim René Vågeskar

Vurdering: Ja, noko lunde den same gjengen tapte finalen både i 2005 og 2006. Etter to år med det ikkje heilt vellykka spleiseprosjektet HUS er dei tilbake igjen. Det er nokre år sidan Ola Marius Rise, Joachim Moldskred, Robin Jackson Indreflø og Kjell Roger Skarshaug vann inne-KM med Hareid junior. Vi har ei kjensle av at det skrantar litt på kondisen i leiren til "Tapt finale før?". Magnus Angelshaug er i utgangspunktet ein veldig god innespelar, men kor godt trent er han?. Det same kan vi seie om eit par av dei andre. Då er det bra Svein Inge Nesset er på laget. Om han tok seg ein joggetur i dag tidleg har vel han ikkje kome heim enno. Det kanskje aller sterkaste kortet til TFF? er Bergsøy-keeper Kim René Vågeskar. Han er muligens endå betre inne enn ute, og var svært viktig i finaleåra 2005 og 2006.
For å konkludere er vi litt usikre på kor TFF? står. Dei kan gjerne hevde seg eit stykke ut på dag 2, men då må dei kome seg gjennom gruppespelet. Vi trur dei gjer det, i hard konkurranse med laget under.

4. The Invictus

Spelarar: Marius Slettebakk, Erdal Aydin, Ronny Jørgensen, Simen Rasmussen, Jon Erik Ertesvåg, Ole Magnus Melchior, Patrick Undli, Benjamin Reite

Lagleiar: Marius Slettebakk

Antatt beste spelar: Erdal Aydin

Vurdering: Det følest litt rart å sette opp eit slikt lag sist i ein analyse. The Invictus har mykje kvalitet å fare med. Erdal Aydin har vore blant herreklassens beste spelarar i fleire utgåver av cupen, og er nok ein kandidat igjen om The Invictus kranglar seg gjennom rundene. Ronny Jørgensen har vi ikkje sett innandørs før, men det er vel ikkje grunn til å tru at han er spesielt dårleg. Marius Slettebakk har også mykje å fare med, sjølv om han ikke spelte aktivt i 2009. Elles er det fylt opp med nokre tidlegare Hødd-spelarar i Melchior, Ertesvåg og Rasmussen, der dei to første også har spelt for Hareid. Benjamin Reite er også ein stirrig spelar, men det laget hittil har heldt hemmeleg er kven dei skal ha som keeper. Kven dei får inn der kan vere avgjerande for om dei endar først eller sist i gruppa. Skaffar dei tak i Anders Lindegaard, så er det litt forskjell på det og å bruke ein utespelar, for å seie det slik. The Invictus kan gjere det bra dei, for all del, men dei er kanskje ikkje dei mest samspelte. Og så var det det med keeper. Tvilen kjem dei ikkje til gode i denne analysen.

I morgon: Gruppe C

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar