09.12. Få ledige plassar igjen

Per klokka 21.09 fredag kveld er det berre totalt fire ledige plassar igjen i årets Grendacup, fordelt på to i ungdomsklassen, ein i herreklassen og ein i dameklassen.

Totalt er 34 lag påmeldt så langt. 

09.12. Viktig info

(Absolutt) siste frist for påmeldingar: Torsdag 15. desember klokka 16.30

Trekning, som også går live her på Grendacup-sida: Torsdag 15. desember frå klokka 19.00 (i år utan tekniske problem)

Endringar på lagnamn av allereie påmelde lag må skje seinast onsdag 14. desember klokka 22.00. Dette for at styret skal spare sleppe for mykje arbeid. Merk at det etter påmeldingsfristen går ut ikkje går an å endre lagnamn. Etterpåmelding av spelarar er ingen problem. Det er dei du skriv ned på lagarket når du kjem ein time før første kamp som gjeld. Men med tanke på seeding håper vi at laga sine stallar er så oppdaterte som mogleg innan påmeldingsfristen. Endringar kan sendast til hareidsida@gmail.com

Turneringa vil i år gå live på mylivescore.no.

Kontrabeskjed: Vi opnar for fleire damelag

Vi hadde sett ei grense på seks damelag i år, sidan vi dei siste åra har kjempa for å i det heile få inn 3-4 lag. No har vi fått beskjed om at endå fleire damelag kan tenke seg å bli med. Derfor opnar vi får å ha med åtte damelag i år.

08.12. Største deltaking i dameklassen på seks år

Seks lag er klare for spel i dameklassen i årets Grendacup. Det er dobbelt så mange som i fjor. Vi må tilbake til 2005 for å finne at seks damelag deltok.

Les meir under 2011 i menyen til venstre.

07.12. Går mot kjempeoppslutning rundt Grendacupen

Grendacup-general Kristian Angelsen (til høgre) og påmeldingssjef Einar Orten Trovåg.
Grendacup-general Kristian Angelsen (til høgre) og påmeldingssjef Einar Orten Trovåg.

Onsdag kveld, vel ei veke før påmeldingsfristen går ut, er 28 lag påmelde Grendacupen (21 herrelag, fire damelag og tre ungdomslag). Det er like mange som var på parketten i 2010 og 2008. Vi veit at eitt eller to damelag er på veg inn, minst to ungdomslag - og Johs og Skotty har vel eit herrelag på gang? Så det spørst vel berre kor mange og 30 lag som til slutt blir med. I 2009 deltok 32 lag, og slår vi det blir det ny Grendacup-rekord "i nyare tid". 

Meir info rundt påmeldingsfriste og trekninga (som sjølvsagt går live, i år utan datatrøbbel) kjem snart.

29.11. Vagn Scheide Mork: - Vi er favorittar

Vagn Scheide Mork har ikkje vunne Grendacupen sidan 1994, men 17 år seinare er han heilt sikker på gull.
Vagn Scheide Mork har ikkje vunne Grendacupen sidan 1994, men 17 år seinare er han heilt sikker på gull.

Det 11. laget som har meldt seg på herreklassen i årets Grendacup er "Tunnelkameratane". Lagleiar Vagn Scheide Mork er ikkje i tvil om at dette laget kjem til å stikke av med den gjevaste pokalen i 2011. - Vi er klare favorittar, seier Scheide Mork i ein kommentar, og legg til at dei også kjem til å tåle favorittstempelet. Sett vekk frå Per Ståle Nykrem har han fått med seg alle dei sentrale brikkane på laget som tok sølv i fjor. I tillegg har dei forsterka med ungfolane Christian Mork og Kristoffer Sætrenes. Så får vi sjå om dette laget kan gå heile vegen i år. 

Alle dei tre laga som tok medalje i herreklassen i fjor er påmelde, men alle har skifta namn. "Camorra" har blitt til "'Nrangheta", og stiller noko reduserte i og med at Tore Bjørge Mjønes har skifta beita. "Il Tulipo Nero" har altså blitt til "Tunnelkameratane", og fjorårets bronsevinnarar "Brokj" har skifta namn til "Hoy" - og stiller minst like sterkt som i fjor. Merk også at eit stjernegalleri med namnet "Drammensveien 39" har meldt seg på. Den gjengen kjem neppe til å seie seg nøgde med anna enn gull og grøne skogar.

22.11. Premiar til ein verdi av fleire tusen kroner

Som vanleg blir det eit stort prisdryss etter at finalane i Grendacupen er ferdigspelte. Vi kan røpe at vi i år har bestilt inn pokalar og medaljar for fleire tusen kroner. Her er premiane som blir delt etter årets cup:

- Pokalar til gull, sølv og bronse i herreklassen.
- Pokalar til gull og sølv i ungdomsklassen og dameklassen.
- Medaljar til alle på vinnarlaga.
- Pokal til beste spelar i kvar klasse, kåra ev ein lokal jury.
- Pokal til toppscoraren i kvar klasse.
- Pokal til laget med dei flottaste draktene.
- Pokal til vedkommande som gjer "årets prestasjon". 
- Pokal til "årets tribuneslitar".
- Pokal til vedkommande som scorar turneringas finaste mål. 

31.10. Alt klart for påmelding til Grendacupen 2011

Då er det berre å klikke seg inn bort i menyen til venstre og melde på sitt lag. Det er ingen regelendringar i høve 2010. Det betyr at det framleis er lovleg å nytte tre "utlendingar", og "utlendingsregelen" er den same. Denne regelen gjeld berre for herreklassen. Det einaste nye du treng å hugse på er at i år er det ikkje lagkontingent, men spelarkontingent for å delta. 

- Målsetjinga er 24 herrelag, 8 ungdomslag og 6 damelag. Klart det er ei hårete målsetjing, men no som Hareid endeleg har fått på plass igjen damelag skulle i alle fall det kunne føre til ein auke i talet på damelaget. Uansett er det viktig å hugse på at dette først og fremst er ei mosjonsturnering. Ingenting er artigare enn at "inaktive" spelarar knyt på seg fotballskorne igjen i romjula, fortel Grendacup-general Kristian Angelsen. 

Som også kan fortelje at Grendacup-komiteen har eit par overraskingar på lur som skal finne stad mellom kampane i Hareidhallen. Men at det er for tidleg i prosessen til å røpe meir.

PS. Påmeldingsfristen går ut 15. desember, men har du laget ditt noko lunde klart er det berre å melde det på. Det er ingen problem å etterpåmelde spelarar.
PS 2. Det har faktisk alt komme inn ei påmelding. Les meir under 2011 i menyen til venstre. 

27.10. Grendacup-styret er klart

Årets styre i Grendacupen blir slik:

General: Kristian Angelsen
Kasserar: Jon Arne Haram
IT-ansvarleg/sekretær: Einar Orten Trovåg
Styremedlem: Kim Lillebø
Styremedlem: Arthur Bakke Garnes
Styremedlem/speaker: Robert "Bobo" Breivik
Styremedlem/speaker: Tommy "Tusj"Torsvik

Reglane som gjeld for årets Grenadacup blir offentleggjort i løpet av få dagar. Frå då av blir det også opna for påmelding. 

14.10.2011. Grendacup også i år

Like sikkert som at det blir jul og nyttår denne vinteren, skal Hareid IL også i år arrangere Grendacup.

Etter det vi erfarer har Kristian Angelsen teke på seg å vere Grendacup-general for tredje år på rad. Resten av styret begynner også å komme på plass. 

Vi opnar for påmelding frå ca. 1. november. Innan då vil reglane for årets cup bli offentleggjorte. 

Følg med på denne sida framover.

01.01. Scoringsstatistikken er oppdatert

No er vi endeleg ferdige med å legge inn alle årets mål i statistikken. Gå til Historikk og deretter Samandrag.

Gjer vel i å sei frå dersom du skulle oppdaga feil.

30.12. Bileta er no på plass

Lagbilete av Gårsdagens fotballhelta. Det stoppa i 1/8-finalen i år for dette Argentina-liknande laget.
Lagbilete av Gårsdagens fotballhelta. Det stoppa i 1/8-finalen i år for dette Argentina-liknande laget.

Du finn dei under 2010 i menyen til venstre.

Takk til Per Inia Brekke, som har tatt dei fleste bileta!

29.12. Takk for i år

Vi kjem med fleire bilete i morgon.

Og statistikken etter kvart.

Vel blåst!

29.12. Finalane

Så har vi komne til dei o store finalane:

Ungdom: El Diablos - Boksebretten Han K 3-6

Mål ED: Benjamin Mork (2), Alexander Eksund (1)
Mål BHK: Fredrik Aursnes (3), Kristoffer Hasfjord (2), Torvald Ringstad (1)

- El Diablos leia 2-1, men utover i kampen tok Boksebretten meir og meir over kampen. Både Aursnes og Hasfjord scora fine mål for vinnarlaget.

Damer: Holemix - Carro e? 0-7

Carro e? viste seg som det beste laget og vann enkelt. Kristin Haddal vart finalens store spelar med tre mål.

Bronsefinale menn: ;) - Brokj 2-4

Med siger her er Brokj sikra seeding til neste år. Det var knytta spenning til kven som skulle bli toppscorar i turneringa denne kampen, fordi det stod mellom Morten Moldskred på ;) og Ruben K. Brandal på Brokj. Ruben scora eitt, men Morten hadde to å gå på, så det vart Morten.

Finale menn: Il Tulipo Nero - Camorra 2-5

Mål ITN: Trond Haugland, Ivar André Aadland
Mål Camorra: Andreas Helvig 4, Einar Orten Trovåg

Il Tulipo tok leiinga ved Ivar André Aadland, men Andreas Helvig scora fire (!), og dermed gjekk Camorra opp i 4-1. Trond Haugland reduserte, før Einar Orten Trovåg fastsette sluttresultatet til 5-2 eitt sekund før slutt. God og velspelt finale, der Helvig var den store forskjellen.

Einar Orten Trovåg, Audun Orten Trovåg, Åge Møgster, Kjetil Steinsvik Paulsen, Anders Gaustad og Andreas Helvig har no vunne herreklassen to år på rad.

Sjå under Kåringar under 2010 i menyen til venstre for å sjå kven som fekk ymse utmerkingar.

29.12. Semifinalar ungdom og menn

* Ungdomssemifinalane følgde det same sporet som gruppespelet i går; Lag nummr 1 slo lag nummer 4, og lag 2 slo lag nummer 3. Resultat:

- Boksebretten han k - Solgutane 4-0
- El Diablos - Hareid 97 9-1

* Semifinalar menn:

- ;) - Camorra 1-2. Dette vart akkurat så tett og spennande som ein semifinale skal vere. ;) fekk frispark frå kort hald før minuttet var spelt, og Morten Moldskred scora. Litt etter litt jobba Camorra seg inn igjen i kampen, og dei vart berre giftigare og giftigare. Mål av Andreas Helvig og Kjetil Steinsvik Paulsen fiksa til slutt italiensk mafia-siger.

- Brokj - Il Tulipo Nero 1-2 etter sudden death. Nok ein ekstremt spennande semifinale. Brokj tok leiinga ved Oskar H. Gunnarstein. Spelet bølgja fram og tilbake, og gode Thor K. Eide utlikna for Il Tulipo. Brokj var fleire gonger nære å gå opp i leiinga igjen, men Vagn Scheide Mork heldt "Ruud Gullits" inne i kampen. Så gjekk det til sudden death, og kven andre enn Per Ståle "Pers" Nykrem vart matchvinnar? Og han tok seg ein sigersrunde rundt omkring på bana, akkurat som då han var på vinnarlaget i 2008. Så spørst det om Pers går heilt til topps i år?

29.12. Kvartfinalar menn

* ;) - Jalle 6-4. Jalle fekk skadd Martin Haanes kampen før, og stilte med berre Ingar Liaset på benken. Men anført av ein svært god Jørund Johansen slo Jalle bra frå seg. Det var spennande då dei utlikna til 5-4 på slutten, men Morten Moldskred sørgja for at dei siste 10 sekunda ikkje vart spennande då han sette inn 6-4. Takk for Jalle for svært god innsats og mykje bra spel denne turneringa. ;) ser vi igjen både i semifinale og bronsefinale/finale.
* Camorra - Bazinga! 8-1. Roleg start, men utover i kampen vart Camorra berre betre og betre. Mykje fint spel. Innbytar Håkon Orten Trovåg imponerte med tre nettkjenningar. Takk til Bazinga!, som var veldige gode dag 1 då dei vann den sterke gruppe B. Camorra får reprise av fjorårets finale då dei skal møte ;) i semien. Ein kamp det er god grunn til å sjå fram til. 
* Holemix - Brokj 1-2 etter sudden death. Jamt og tett i ordinær tid. Holemix spelte veldig rutinert. Svært dramatisk mot slutten av første ekstraomgang. Hallvar Møller låg nede på motsett banehalvdel då Ørjan Engen Grimstad sette inn den avgjerande 2-1-scoringa. Uansett, vi takkar Holemix for deira bidrag i årets cup. Dei spelte veldig rutinert, og var gode til å tette igjen bakover. Både keeper Stig Engen og spiss Hallvar Møller har vore av dei klart betre spelarane til no i turneringa.
* Il Tulipo Nero - The Flood 4-1. Vagn og co henta inn to forsterkningar før kampen; Georg Aursnes og Per Ståle Nykrem. Dermed hadde dei endå fleire strengar å spele på enn dei hadde før i turneringa. Og Il Tulipo Nero spelte bra denne kampen og vann greitt. Vi takkar The Flood for i år, der dei best utmerka seg med eit par gode kampar dag éin.

Dermed blir semifinalene slik:

* ;) - Camorra
* Brokj - Il Tulipo Nero

Tre av desse laga (alle sett vekk frå Il Tulipo, var i semifinale også i fjor)

29.12. Åttandedelsfinalar herrer

* ;) - Tam IL To 5-4. Morten Moldskred scora på avsparket, men Tam IL-ane jobba seg inn i kampen etter kvart. Like før slutt stod det 4-4 etter at Aslak Vikebakk hadde scora tre for Tam IL To. Men 20 sekund før slutt scora Morten M.
* Jalle - Tam IL En 2-1. Tett og spennande kamp. Joachim Moldskred gav Tam IL En leiinga, før Martin Haanes kjempa ballen i mål til 1-1. Berre sekund før slutt vart gode Jørund Johansen matchvinnar. Dermed var dagens første "storlag" ute i Tam IL En.
* Bazinga! - Dryppenasene 2-1 etter sudden death. Bazinga! var store favorittar til kampen, ikkje minst sidan Dryppenasene berre kom med fire mann til hallen i dag. Men så fekk dei Atle Moldskred som keeper, og gav Bazinga! veldig god kamp. Ikkje før i siste sudden death-omgang, då det berre var to utespelararar på kvart lag, avgjorde "Wimbledon". 
* Camorra - Småstressa 4-2. Småstressa mangla Vegard Heltne, men Småtressa var uansett ikkje svake. Tok leiinga, men Kjetil Paulsen fekk etter kvart rista av seg ein strekk, og var god då Camorra snudde til 4-1. Då EOT kom inn for Camorra reduserte Småstressa.
* Gylne Tider - Holemix 2-1 etter sudden death. Ein skikkeleg gysare. Holemix nytta ikkje ein einaste innbytar, medan GT bytta mykje. Eiliv-Tore Howlid gav Holemix leiinga, før Kim-Tore Husøy utlikna minuttet før slutt. Joar Møller avgjorde liggjande (!) i første ekstraomgang. Dermed var endå ein storfavoritt ute.
* Where`s Waldo - The Flood 0-2. "Waldos" var hardtarbeidande aggressive, kanskje litt i overkant også. Men André Skotheim heldt fram den gode forma frå i går og scora to mål.
* Brokj - Zagros FC 6-1. Zagros gav alt, men var aldri nære å true gode "Brokj".
* Il Tulipo Nero - Gårsdagens fotballhelta 2-1. Nok ein dramatisk åttandedelsfinale. Trond Haugland gav "Neros" leiinga, før Robin Jackson Indreflø utlikna til 1-1. 20 sekund før slutt vart Ivar André Aadland matchvinnar for Neros. Etter det igjen vart Ole Magnus Melchior (G. H. )utvist.

28.12. Lita oppsummering av dag 1

Med tanke på arrangementet var det ein stort sett knirkfri dag i dag. Sjølvsagt eit stort skår i gleda at Even Hansrud rauk akillesen, men uhell kan alltid skje.

Sportsleg sett var det svært mange underhaldande og kampar. Dei store bombene fekk vi derimot ikkje oppleve i år. Nokre lag var litt betre enn venta, nokre litt svakare enn venta. Laget som kanskje har imponert mest er "Brokj". Dei vil vi tippe går langt. "Gyldne tider" møtte berre antatt klart svakare lag, og det er derfor vanskeleg å vurdere dei. Men dei gjorde jobben. "Tam IL En" tippa vi også høgt oppe. Men dei enda på tredjeplass i den svært tøffe gruppe B, som gode "Bazinga" vann. Fjorårsvinnarane på "Camorra" tapte ikkje ein einaste kamp, men vart nummer to bak "Il Tulipo Nero" på målskilnad. Camorra hadde fem spelarar som kom rett frå cup i Fosnavågen, men det skal nok uansett mykje til om Paulsen og co tar medalje i år. At Carsten Grüner manglar er ei vesentleg svekking. Il Tulipo Nero mangla både Are og Sturla Pilskog. Men Sturla skal kanskje spele i morgon. Dermed blir Vagn og co ein tittelutfordrar.

Det blir svært mange gode kampar i morgon, og det kan godt hende at eit lag vi ikkje har nemnt stikk av med bøtta. Vi viser elles til reportasjane under, samt bileta under 2010 i menyen til venstre.

Toppscorarar herreklasen dag 1: Vegard Heltne (9), Lars R. Holstad (8), Ruben-Kenneth Brandal (8)
Ungdom: Nils-Erik Engen (8), Benjamin Mork (7)
Damer: Caroline Overvåg (8)

28.12. Jamt i toppen av gruppe C

Som venta var det dei "italienske" laga Camorra og IL Tulipo Nero som gjorde opp om sigeren i gruppe C. Her var det målskilnaden som avgjorde, sidan laga spelte uavgjort mot kvarandre. "Kræda" rauk ut utan å score eit mål.

Tabell:

1. Il Tulipo Nero, 7 poeng
2. Camorra, 7 poeng
3. Dryppenasene, 3 poeng
4. Kræda, 0 poeng

28.12. Gylne Tider vann gruppe D

Vann for så vidt overlegent, men fekk grei motstand mot "Waldos" i siste kamp. Tabell:

1. Gylne Tider, 9 poeng
2. Waldos, 6 poeng
3. Zagros FC, 3 poeng
4.  A-team, 0 poeng

Forhånd.1...1112131415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar