13.12. Angåande kampoppsettet

Så har vi fått inn nokre meldingar om feil som har vore lette å endre. Verre er det at to av kampane i eine damegruppa ikkje har komme med i det heile.

Det skal vi få retta opp i løpet av fredagen. Denne feilen fører då til at det kjem nye tidspunkt på ein del kampar.

13.12. Kampoppsettet

er no klart. Det ligg på Mylivescore. Oppsettet er delvis laga automatisk og delvis manuelt, så ser du feil gjer vel i å seie frå (trovaag@gmail.com).

Som vi ser blir dag 1 svært hektisk med 42 lag i aksjon. Vi startar klokka 08.10 og er ikkje ferdige før klokka nærmar seg 22.30.

Kamptider dag 1: 12 minutt (menn A-E, kvinner). 16 minutt (ungdom). 10 minutt (menn F). Sidan det er berre er to minutt pause mellom kvar kamp er det viktig at alle lag er klare til å spele nokre minutt før oppgitte tidspunkt. Her er det ikkje rom for forseinkingar. Frist for å melde inn endeleg lag, samt betaling, er 35 minutt før lagets første kamp. Når det gjeld laga som startar før klokka 09.00 første dagen er 20 minutt nok. Hallen opnar klokka 07.40. 

Kamptider dag 2: 16 minutt (1/8-finalar, kvartfinalar, semifinalar). 12 minutt (bronsefinale). 18 minutt (finalane). 

12.12. Alle dei 11 gruppene

Finn du ved å trykke deg vidare.

Arbeidet med kampprogrammet startar onsdag kveld og blir vonleg ferdig torsdag. Programmet blir då lagt ut på Mylivescore. (Det som er lagt ut onsdag kveld er ikkje eit ferdig oppsett).

12.12. Trekninga LIVE

Følgjer du her.

12.12. Trekning i kveld LIVE

I kveld klokka 20.00 møtest Grendacup-komiteen for å trekke gruppene. Følg med her på sida frå ca. klokka 20.15. Vi legg ut alt fortløpande, gruppe for gruppe - lag for lag.

11.12. Turneringa er fullbooka

Grendacupen er no fullbooka. Vi landar på 25 herrelag, åtte damelag og ni ungdomslag (seks gutelag, tre jentelag). Det betyr 42 lag totalt, noko som er ny bestenotering. Den gamle rekorden på 39 lag vart sett i fjor. At så mange lag skal delta i år gir sjølvsagt utfordringar for arrangørane, men dette skal vi klare. 

Trekninga går etter alt å døme klokka 20.00 onsdag. Meir info seinare.

10.12. VIKTIG INFORMASJON

Påmeldingsfristen er no ute.
* MEN: Vi har bestemt oss for å halde ope for påmeldingar fram til klokka 22.00 i morgon (tysdag). Dette i håp om at det skulle dukke opp eitt lag til i ungdomsklassen. Til no har åtte ungdomslag meldt seg, fem gutelag og tre jentelag. Får vi inn eitt lag til blir det ein mykje enklare klasse å arrangere.
* Herre- og dameklassane er fullbooka. Vi bestemte oss for å ta imot 25 herrelag, fordi det er usikkerheit rundt kor vidt eitt av dei tidlegare påmelde laga kan bli med. Åtte påmelde lag i dameklassen er heilt perfekt.
** Vi minner om fristen for å komme med endringar på lagnamn. Den er sett til onsdag klokka 16.00. Har du endringar i stallen send dei også til trovaag@gmail.com. Om alt går etter planen blir det seeding og trekning onsdag kveld. Følg med her på sida vidare for meir informasjon. 

09.12. 24 timar til påmeldingsfristen går ut

Klokka er no 23.00 søndag kveld. Om 24 timar går påmeldingsfristen ut. Status per no er:
* 23 herrelag. Her håper vi nokon hiv seg rundt på tampen, slik vi får 24 lag.
* 8 damelag. Noko som er heilt perfekt.
* 6 ungdomslag. Av desse er fire gutelag og to jentelag. Om vi får eitt eller to jentelag til får dei spele i si eiga pulje, noko som hadde vore fint. Kjem vi i tillegg opp i seks gutelag skal vi seie oss godt nøgde.
** Oppfordringa er dermed gitt. 

06.12. Pilsen er framleis fjerna

Tre timar etter at oppmodinga frå Hareid IL sine facebook-brukarar vart lagt ut melde Daniel Pedersen på sitt "Fjern den pilsen"-lag. Dermed er vi oppe i 23 herrelag. Det er då éin ledig plass både i herre- og dameklassen. Framleis går det treigt med ungdommane. Der er det fire ledige plassar. 

06.12. Alle vil ha med "Fjern den pilsen" på Grendacupen

Fjorårets utgåve av "Fjern den pilsen". Bak frå venstre: Alexander "Ugla" Hagen, Ole Kristian "Hauken" Liaset, Ørjan "Bohemen" Røyset, Daniel "Rottehalen" Pedersen, Robert "Skinnjakka" Øvrelid, Vegard "Jivra" Røyset. Framme: Anders "Slakky" Hjelle Øiestad, Bjørn Magnus "Burney" Andersen.
Fjorårets utgåve av "Fjern den pilsen". Bak frå venstre: Alexander "Ugla" Hagen, Ole Kristian "Hauken" Liaset, Ørjan "Bohemen" Røyset, Daniel "Rottehalen" Pedersen, Robert "Skinnjakka" Øvrelid, Vegard "Jivra" Røyset. Framme: Anders "Slakky" Hjelle Øiestad, Bjørn Magnus "Burney" Andersen.

Mange hugsar kanskje laget "Fjern den pilsen" frå fjorårets Grendacup. Ikkje det at dei gjorde det så godt sportsleg. Men laget var eit perfekt døme på at Grenacupen er for alle, og at godt humør og ei sporty innstilling kan vege opp for mange baklengsmål. Skjønt. Periodevis sat spelet deira bra. Ingen gløymer superspissen Anders "Slakky" Hjelle Øiestad sitt frekke mål mot Holemix.

05.12. Påmeldingsfrist 10. desember, eventuelle endringar innan 12. desember

* Påmeldingsfristen til Grendacupen er som tidlegare skrive 10. desember. Vi tek då imot lag fram til klokka 23.00.
* Innan 12. desember (klokka 16.00) må alle ha sendt inn eventuelle endringar på lagnamn eller spelarmateriale. Dette fordi vi skal legge inn alt i Mylivescore.
* 12. eller 13. desember blir gruppene trekte. Deretter kjem kampoppsettet.
* Ein kan som før komme med nye spelarar på kampdagen (innanfor reglementet sjølvsagt), men med tanke på seeding og spelarregistering vil vi helst vite mest mogleg før trekninga. 
** Så då står det berre att å fylle opp klassane...
(Status per klokka 10.46 i dag er 21 herrelag, sju damelag og fire ungdomslag. Totalt 32 lag. I fjor sette vi rekord med 39 lag).

01.12. Vi treng fleire ungdomslag

Då er det ni dagar att til påmeldingsfristen. Herreklassen er i rute med 19 lag. 20 og 21 er fine tal med tanke på eit enkelt kampoppsett, men vi ser sjølvsagt aller helst at vi får 24 lag i denne klassen. Og det går fint an om alle som vurderer å melde seg på gjer det. Dameklassen er også i rute med fem lag. Her kan vi ha åtte lag, noko vi trur er mogleg. Når det gjeld ungdommane har dei vore treige i år. Berre tre lag er melde på så langt, av dei eitt jentelag - som helst vil spele mot andre jentelag. Så vi oppmodar med dette alle ungdommar om å pratast og danne lag den kommande veka.

01.12. Stille med drakter på Grendacupen!

"Murhusfest" vann draktprisen i 2011.
"Murhusfest" vann draktprisen i 2011.

Å leige inn eller kjøpe inn eigne drakter til Grendacupen er ein lang tradisjon for mange, medan andre ikkje legg like mykje arbeid i å stille så så veldig like. Vi oppmodar alle om å stille i draktsett av eitt eller anna slag. Og hugs fotballgruppa har eit lite ekstralager om ditt lag ønskjer å låne. Kontakt eventuelt EOT for booking. Vi minner om at laget (uavhengig av klasse) med dei finaste eller mest kreative draktene blir premiert med pokal etter Grendacupen. Tidlegare vinnarar: Holemix, ;) og Murhusfest - alle frå herreklassen. Kanskje på tide at eit dame- eller ungdomslag slår på stortromma?

27.11. No må ungdommen mobilisere!

Påmeldingfristen nærmar seg, og status er 21 påmelde lag. Dei er fordelte på 15 herrelag, fire damelag og to ungdomslag (eitt for jenter, eitt for gutar). Det skal altså ikkje bli noko problem å få gode herre- og dameklassar, men ungdommen må mobilsere inn mot påmeldingsfristen.

Som er sett til 10. desember.

17.11. Eiga jentepulje for ungdommar?

Vi har fått påmeldt eit ungdomslag beståande av jenter i 13- og 14-årsalderen. Dei ønskjer helst å møte jenter på noko lunde same alder. Derfor har Grendacup-styret bestemt at vi kan lage ei eiga gruppe med jentelag i ungdomsalder med eigen finale og tilhøyrande pokal dersom vi får med minst tre lag i denne kategorien. 

Hugs at "utlendigsregelen" ikkje gjeld i ungdomsklassen. Ei heller i damelklassen.

15.11. Status påmeldingar

* Det har gått treigare med påmeldingar den siste veka. Tre nye herrelag har komme inn, og to er nye i høve fjoråret: Det Heltne og Aursnes-baserte laget "Familieselskap" - og "TBA", som truleg vel å komme med eit anna lagnamn seinare. Det er vel forresten første gong gjennom Grendacup-historia at Johs Riise er påmeld eit lag i november. Oftast er han sjølv lagleiar og melder på sine menn fire og eit halvt minutt før fristen. Men i år har Are O. Riise tatt over styringa. Fredrik Aursnes er forresten sakna på det niande laget; "Where's Fredrik?". 
* Vi oppmodar framleis alle om å melde på laga sine så kjapt som mogleg. Det går rykte om ein del nye lag i herreklassen i år, og det kan gjere at det blir kamp om å komme med i denne klassen. Grensa er på 24 lag.
* Vi ønskjer åtte lag i både ungdom- og dameklassane. Men ingen damelag har meldt seg på så langt...

07.11. Status for påmeldingar

Vi har per klokka 18.47 onsdag 7. november fått inn seks herrelag og eitt ungdomslag. Vi håper alle er tidleg ute med påmeldingane i år. I fjor vart det arbeid med kampoppsettet fram til kyrkjeklokkene ringte inn, og det vil vi helst unngå i år. 
Absolutt siste frist: 10. desember
Helst: Så fort som mogleg

Etterpåmelding av spelarar skjer til trovaag@gmail.com fram til 10. desember.

01.11. Då er det berre å melde på lag

12 minutt etter at vi opna for påmeldingar hadde vi alt fått inn to lag. Dette er to lag du ikkje skal spøke med, om vi ser på lagnamna. 

31.10. Straks klart for påmeldingar

* 1. november opnar vi for påmeldingar til årets Grendacup. Frå klokka 10.00 skal påmeldingsfunksjonen i menyen til venstre vere funksjonell.
* Reglane er akkurat som i for. Du finn dei i menyen til venstre.
* Og om du skulle vere i tvil; målet i år er 40 lag. Vi tok rekord i fjor med 39. 
I år ønskjer vi 24 herrelag, åtte kvinnelag og åtte ungdomslag.

25.10. Grendacup i år også

Også i 2012 arrangerer Hareid IL Grendacup i Hareidhallen 28. og 29. desember. Det blir opna for påmelding av lag 1. november. Vi kjem tilbake med informasjon om eit par dagar, men det blir neppe regelendringar i høve fjoråret.

Forhånd.1...891011121314...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar