12.12. Trekninga LIVE
Følgjer du her.
19.17. Det nærmar seg trekning. Grendacup-komiteen møtest på Hareid drosjesentral om vel ein halvtime.
19.18. Det folk veit er vel at dei tre beste laga frå herreklassen i fjor blir seeda. Det blir då Bra cup, Alegria do Povo og Holemix.
19.44. Då har vi logga oss på nettet ved Hareid drosjesentral. No skal vi straks lage klart utstyret vi treng til trekninga.
19.46. "Ej veit kenj du e!!" har forresten skifta namn til "WHÆ" og deretter til "Rett å slett Dyr". No er fristen gått ut med tanke på skifte av lagnamn.
19.52. Ni lag skal delta i ungdomsklassen. Desse vil bli inndelte i tre grupper. Grendacup-styret har bestemt at ei av gruppene blir ei rein jentegruppe. Dei to andre blir gutegrupper. Gruppevinnarane pluss den beste toaren går til semifinalane og vinnarane der til finalen. Beste jentelag vil få ei lita påskjønning.
20.02. No blir det diskutert kven som skal seedast av ungdomslaga.
20.13. I ungdomsklassen blir Katastrofe (lag 1) og Max uflaks (lag 3) seeda.
20.17. Gruppe A: Katastrofe, Victorious Secret, Superstars FC.
Gruppe B: Max uflaks, Gutta krutt, FC Allstars.
Gruppe C: Smårips, The Losers, Goldplay.
20.21. I dameklassen blir Las Locas og Carro e?, dei to finalistane frå i fjor, seeda.
20.26. Gruppe A: Carro e?, Dei som vinne banketten, Bad to the bone, Einar! VI kan å sentre.
Gruppe B: Las Locas, Kleppe og Co., No Mercy, Bon Millesime
20.28. No skal det bestemmast kva lag som skal seedast i herreklassen.
20.32. Vi orienterer forresten om at sluttspeltreet ligg ute under Kampoppsett i menyen til venstre, slik det ikkje blir diskusjon om det i etterkant.
20.33. Det er bestemt av styret at det blir to seedingsnivå, sidan det er mange påmelde lag i år.
20.34. Så trekk vi kva gruppe det blir fem lag i.
Det blir gruppe F.
20.35. Så er det bestemt at desse laga blir på seedingsnivå 1:
Rett å slett Dyr, Alegria do Povo, Holemix, Deadwood, Bra cup, Sacra Corona Unita.
Dei er trekte i grupper frå A til F, i rekkjefølgja over.
20.42. Vi har tatt oss ein liten pause.
20.45. Grunnen til pausen er ein ekstra taxitur for Grendacup-generalen.
20.50. Vi er i gang igjen. Seedingsnivå 2: StressLess, Familieselskap, TBA, HUS, Kim Jong-IL, Dr. Snipsøyr.
20.51.
Då trekkjer vi.
Gruppe A: Rett å slett Dyr, Hus, Krædene, Alipoor & Khawari FA.
Gruppe B: Alegria do Povo, Stressless, Barbarians, Bizim Takim.
Gruppe C: Holemix, Kim Jong-IL, Bandidos, Hoftun IL.
Gruppe D: Deadwood, Dr. Snipsøyr, Where's Fredrik?, Verdilause menn.
Gruppe E: Bra cup, TBA, Tam IL, Norsk + Venthan.
Gruppe F: Sacra Corona Unita, Familieselskap, Ho stoppakje å dryppe, Fjern den pilsen, Torstein og Co.