06.12. Alle vil ha med "Fjern den pilsen" på Grendacupen

Fjorårets utgåve av "Fjern den pilsen". Bak frå venstre: Alexander "Ugla" Hagen, Ole Kristian "Hauken" Liaset, Ørjan "Bohemen" Røyset, Daniel "Rottehalen" Pedersen, Robert "Skinnjakka" Øvrelid, Vegard "Jivra" Røyset. Framme: Anders "Slakky" Hjelle Øiestad, Bjørn Magnus "Burney" Andersen.

Mange hugsar kanskje laget "Fjern den pilsen" frå fjorårets Grendacup. Ikkje det at dei gjorde det så godt sportsleg. Men laget var eit perfekt døme på at Grenacupen er for alle, og at godt humør og ei sporty innstilling kan vege opp for mange baklengsmål. Skjønt. Periodevis sat spelet deira bra. Ingen gløymer superspissen Anders "Slakky" Hjelle Øiestad sitt frekke mål mot Holemix.

Hittil har ikkje "Fjern den pilsen"-gjengen meldt seg på. No medan fristen nærmar seg har mange kontakta webredaksjonen for å høyre om dei ikkje har tenkt å melde seg på i år. Etter press frå publikum la vi ut ein status på Hareid IL sin facebookprofil med beskjeden "Trykk liker om du ønskjer at Fjern den pilsen skal stille lag på Grendacupen i år". På under tre kvarter (klokka er no 19.47) har 19 personar likt statusen. Det betyr at interessa for at "Fjern den pilsen"-gjengen skal stille på Grendacupen i år er svært stor.

Så det spørst det. Tek dei utfordringa?

Etter det vi forstår melder dei seg garantert på om statusen får over 70 likes.

dm.jpg

          Generalsponsor

             Sponsorar