27.12. Alt klart for Grendacupen 2013

Om lag 20 personar har heldt på i fleire timar i dag for å gjere alt klart til Grendacupen. No trur vi det meste er i boksa før turneringa blir sparka i gang klokka 08.25 i morgon. Vi ønskjer alle vel møtt til Hareidhallen. Dørene blir opna ca. 07.45.

Om du ikkje kan vere til stades heile tida så følg turneringa her.

PS. Hugs også fyrverkerisalet 10.00-18.00 dei tre neste dagane + 10.00-14.00 nyttårsaftan.

26.12. Ungdomsklassen: Alt er berre super(t)?

I fjor var det voldingane på "Superstars FC" som gjekk til topps i ungdomsklassen for gutar.

26.12. Dameklassen: "Carro e?" endå ein gong?

Det same laget har vunne dameklassen fire år på rad. 

23.12. God jul til alle Grendacup-venner

Vi satsar på å kome tilbake med litt meir førehandsstoff andre eller tredje dag jul. Inntil vidare: God jul!

23.12. Viktig informasjon til lagleiarane før cupen

* Dei påmelde spelarane blir no lagt inn på kvart lag i Mylivescore. Eventuelle nye spelarar må meldast på i hallen seinast ein halvtime før lagets første kamp (kan godta 20 minutt for dei laga som spelar før 09.00 28. desember). (Med andre ord er det ikkje vits i å sende oss mail om nye spelarar frå og med i dag og fram til 28. desember.)
* Det kostar 100 kroner per spelar å delta. Lagleiaren betalar samla for laget seinast 30 minutt før lagets første kamp. Kjem det nye spelarar til undervegs i cupen må lagleiar melde på dei på i sekretariatet og ta med 100 kroner per stykk. Ingen får lov til å spele utan å ha betalt på førehand. Hugs også at dette berre er lovleg å bruke maks. 10 spelarar per lag gjennom turneringa.
* Hugs også at lagleiarane må følgje med på om laget går vidare eller ikkje, og lese kampoppsettet for 29. desember nøye.
* Når det gjeld den beste firaren frå herreklassen som går vidare blir resultatet mot lag 5 i gruppa strokne i dei gruppene med 5 lag.
*Velkomne til Hareidhallen 28. desember. Dørene blir opna seinast 07.50. Lykke til!

22.12. Rankinga i herreklassen del 2 av 3
la_furia_azul.jpg

Her kjem vi til midtsjiktet. Mange gode lag her, men vi trur ingen av dei går heilt til topps.

18.12. Dei tradisjonelle Grendacup-vurderingane

Om enn ikkje i like stort format som enkelte tidlegare, så vil vi også i år kome med nokre svært uhøgtidlege Grendacup-vurderingar. Kanskje i løpet av helga?

17.12. Kampoppsettet

skal no vere endeleg for dag 1. Det kan bli nokre få justeringar for dag 2, men det får vi heller kome tilbake til.

Heile 37 lag deltek i Grendacupen i år. Det er ikkje rekord, men det er eitt av dei aller beste åra påmeldingsmessig (det tredje beste, trur vi). Så det er ei utfordring å få alle nøgde med oppsettet for dag 1. Men med korte pausar (to minutt) så trur vi at dette skal gå bra.

16.12. Nytt lag II

Då har vi for andre og siste gong under sterk tvil godkjent eit lag som ikkje melde seg på etter fristen. Dette er "F*** du skal jer me det?" i herreklassen. Det betyr at det blir to herrepuljer med fem lag. Dei spelar litt kortare kampar, men til saman fleire minutt i gruppespelet enn dei som er i grupper med fire lag.

Nytt og endeleg kampoppsett kjem i morgon.

Ang. kampoppsettet i Mylivescore gjer vi alle merksame på at gruppenummera der ikkje er det same som dei offisielle (som ligg her på Grendacup-sida).

16.12. Nytt lag

Grenacup-styret har under sterk tvil bestemt å ta inn eit ekstra ungdomslag som melde seg på etter at fristen er gått ut. Vi ser at det let seg gjere ved å setje "Den heilage ande" inn som eit fjerde lag i den andre pulja i ungdom gutar. Justert kampoppsett kjem måndag kveld eller tysdag.

14.12. Kampoppsettet

Vi har no laga eit kampoppsett. Det er rett nok ikkje "endeleg" før vi har fått kvalitetssikra om det er rett tidsavstand mellom kampane. Det skal vi få gjort i løpet av helga.

14.12. Kamptider

Også i år blir det litt forskjellige kamptider i det innleiande spelet, grunna eit ulikt tal lag i gruppene/klassane.

14.12. Gruppene er klare

13.12. Kåring av tidenes Grendacup-lagnamn

I høve at Grendacupen blir arrangert for 20. gong skal vi kåre tidenes beste lagnamn i Grendacup-samanheng. Ein jury beståande av EOT har plukka ut 20 lagnamn. I parentes ser du namnet på året laget var med (eventuelt første året laget var med). Du røystar ved å skrive i kommentarfeltet på Hareid IL sin facebook-profil.

13.12. Trekninga

går truleg laurdag føremiddag slik det ser ut no.

13.12. Sluttspeloppsettet for herreklassen

1/8-finalar:
 
1. Vinnar gruppe A - Beste firar
2. Vinnar gruppe B - Trear gruppe E
 
3. Vinnar gruppe C- Trear gruppe B
4. Toar gruppe D - Toar gruppe E
 
5. Vinnar gruppe D - Trear gruppe A
6. Toar gruppe B - Toar gruppe C
 
7. Vinnar gruppe E- Trear gruppe D
8. Toar gruppe A - Trear gruppe C
 
Kvartfinalar:
1. Vinnar kamp 1- Vinnar kamp 2

etc.

12.12. Fristen er ute (men berre eit lite men)

I det påmeldingsfristen er gått ut har vi 20 herrelag, fem damelag, seks gutelag og tre jentelag.

Sidan det alltid er greiast med partal held vi døra på gløtt til klokka 15.00 i morgon (fredag) om det skulle dukke opp eit jentelag og/eller damelag til.

Trekninga går etter alt å dømme allereie i morgon kveld.

10.12. Påmeldingsfristen er utsett

Grunna tekniske problem.

Den nye fristen er torsdag klokka 21.30.

Send mail med lagnamn, klasse og spelarar til hareidsida@gmail.com.

Kontakt Einar Orten Trovåg ved spørsmål.

Forhånd.1...567891011...18Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar