23.12. Rankinga i herreklassen del 3 av 3: Familiefesten er ikke over.
familieselskap.jpg

Det er kake igjen.

1. Familieselskap

Vann turneringa greitt i fjor, utan innbytarar i store delar av turneringa. Sjølv om Asgeir Aursnes er skifta ut med ein flygekeeper som snart skal spele for Vålerenga (Sivert), og Eirik Heltne visst nok kan bli skifta ut med ikkje heilt like familiære Mads André Værnes (som også har vunne cupen før), så må nok Familieselskap sjåast på favorittar til å bli det tredje laget som vinn herreklassen to år på rad. Det er jo lag som har vunne klassen før med utespelar i mål (Kimmen 2008). Men spesielt mange skadar tåler ikkje dette familielaget.
 
Profilen: Vanskeleg å kome utanom Fredrik Aursnes, turneringas beste i fjor. Har ikkje blitt noko dårlegare sidan den gong. 
 
2. Are og Sildestimen
 
Når same laget har blitt nummer to tre gonger på rad er det vanskeleg å tippe dei verken høgre eller lågare i år, sjølv om det hadde vore god karma om Vagn Scheide Mork hadde slutta ringen med å vinne i 20-årsjubileet. Han har jo ikkje vunne sidan opningsåret i 1994. Elles er det bra med kvalitet i dette laget, Femmaren Mork - Pilskog, Pilskog, Eide, Aadland held bra innenivå.
 
Profilen: Fem tapte finalar i Grendacupen, Vagn. Dette må vel på æra laus? (Lagets profil i sterk konkurranse med Ivar André "Sjukhejto" Aadland og kunstnar-hjelpetrenar Anders "Slakky" Øiestad.)
 
3. Halen frå Holen
 
Har kvitta seg med nokre utlendingar sidan i fjor, men det treng ikkje om å vere noko negativ. 1990-modellane frå Hareid er svært samspelte, og treng vel strengt tatt ikkje eksterne forsterkingar for å vere ein klar gullkandidat. Er vel det laget som har skuffa i Grendacupen flest år på rad. Ikkje éin einaste finale har dei spelt, same kor mange cupmeistrar og andre formspelarar dei har hatt. Noko seier oss at dei vil kjempe heilt opp i der i år.
 
Profilen: Det må vel bli Halen frå holen; rottehalen frå Holstad: Preben Nedrelid.
 
4. Pers
 
Bronse i fjor, gull i 2011. Ikkje alle er på toppen av sine karrierar, men Nupen x 2, Beiermann, Nykrem, Brandal og Ytre-Hauge har til saman nesten 30 Grendacup-gull, så her manglar det ikkje akkurat rutine. Ein potensiell gullfavoritt, men ikkje den aller største.
 
Profilen: Det må vel vere Pers. Har sagt han kanskje droppar Grendacupen for å fare på hytta i ferien. Tru det den som vil...
 
5. La Stidda
 
Den nest lengstlevande Grendacup-laget. EOT og AOT sitt mannskap stiller for niande året på rad. Lågast rangert av dei ranka. Gull i 2009 og 2010, men har i begge dei to siste turneringane blitt slått ut av laget som i år kallar seg Pers. Litt tynnare tropp enn vanleg, men pluss at Helvig er tilbake. Mange kjappe ungdommar her. I utfordrarsjiktet.
 
Profilen: Kvilande hjelpetrenar (skadd no igjen, ser det ut som) Sondre "Hiawata" Åkervik sin enorme sveis kompenserer for nokre ein del litt andre tynne luggar på laget.
 
6. Steed
 
Har Morten Moldskred, og det skal åleine bety avansement ein del rundar. Elles er det mange spelarar mellom 40 og 50 år på dette laget. Det er bra med rutine, men kan dette laget ha litt vel mykje rutine? Usikkert.
 
Profilen: Vi har avskrive Harald Ås før, så gjer det ikkje igjen. Vann vel ikkje akkurat Fair Play-prisen etter innsatsen i 2008-finalen, men knepa hans var heilt avgjerande for at "Kæm lede?" gjekk til topps den gongen. Har han fleire på lur?
 
7. Hus
 
Etter kvart eit tradisjonsrikt lag dette også. Ein del av spelarane er forbi toppen av karrierane sine, medan andre enno held stand. Som Kim-Tore Husøy (Hareid og Lokomotiv Oslo i år), og Ola Marius Grønmyr Rise - som bøtta inn mål i lågare divisjonar i Trøndelag i år. Gunnar Johann Ringstad hadde ein ny bra sesong for Haddal. Joachim Moldskred ikkje spelte i haust - men heldt forma ved like gjennom mykje fisking (god måte å trene overkropp på). Hus bør vere ein semifinalekandidat.
 
Profilen: Det er knytt mykje spenning til kor mange lag med klede Kjell Roger "Kjellis" Skarshaug skal spele med under årets turnering. Ei god og varm brokj er i alle fall bankers.
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar