26.12. Dameklassen: "Carro e?" endå ein gong?

Det same laget har vunne dameklassen fire år på rad. 

Først under lagnamnet "Alle skal få" i 2009 og deretter tre gonger på rad under namnet "Carro e?". 

Dette laget stiller også i år, med omtrent akkurat dei same spelarane som vanleg. Det inkluderer mange tidlegare Hødd-spelarar, Byåsen-spelar Martha Helvig og Fortuna-kaptein Camilla Ervik.

Men vinn dei for femte gong på rad?

Det kan godt vere. Dei er nok favorittar. Størst konkurranse får dei truleg frå "Prinsessene og erta", som har med fleire av dei sentrale spelarane frå Hødds noverande damelag, mellom anna Åslaug Helvig og Ragnhild Ertesvåg.

Merk at den same gjengen tok sølv i både 2011 og 2012. Kan det vere eit regimeskifte på gang?

Vi får sjå. Dei tre andre laga (Stokeman Ladies, Oss frå Hareid, Stjerner i sikte) må nok i utgangspunktet bli rekna som utfordrarar.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar