26.12. Ungdomsklassen: Alt er berre super(t)?

I fjor var det voldingane på "Superstars FC" som gjekk til topps i ungdomsklassen for gutar.

Dei blir nok å finne i favorittsjiktet i år også. 

Vi trur dei får størst konkurranse frå Hareid-laget "Stars and stripes", som også har fått med Hødd-spelaren Bendik Rise (som rett nok har mykje slekt frå Hareid) og "Galaxy". Sistnemnde lag har mange lovande gutespelarar frå Hødd, mellom anna tvillingane Haanes (yngre brør av Martin og Mikke).

Det har forresten blitt ein trend at alt er så supert i denne klassen. Men "Superboys" er ikkje i det fremste favorittsjiktet. Ei heller "i gåsauget", Underdogs United eller Den heilage ande. Men ein spennande klasse å følgje blir det definitivt. 

*

Blant jentene var det veldig jamt i fjor. Og dei tre laga som var med i fjor er alle med i år. Goldplay gjekk då til topps, og kan gjere det igjen. Men denne klassen er så open at det like gjerne kan bli Smårips eller Eit jentelag (Tigers).

*

Forresten mange artige lagnamn blant dei ti ungdomslaga i år. Og det blir heilt sikkert mange tette og spennande kampar. Dette er jo morgondagens heltar...

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar