22.12. Rankinga i herreklassen del 2 av 3
la_furia_azul.jpg

Her kjem vi til midtsjiktet. Mange gode lag her, men vi trur ingen av dei går heilt til topps.


8. Holemix

Stiller lag for 11. året på rad. Med andre ord det lengstlevande laget av dei alle. Bronse i 2011, men rauk ut overraskande tidleg (1/8) i fjor. Er omtrent same gjengen som alltid. Mykje rutine + talentfulle Mathias Holstad Grimstad (omtala som Mathias G. Holstad i påmeldingsskjemaet av patriotiske grunnar vil vi tru?). Vil tippar dette laget vil kjempe opp i der, men at dei ikkje kopierer gullbedrifta frå 2006.

Profilen: Hallvar Møller har vel ikkje spelt ein offisiell fotballkamp på mange herrens år, men klarer på mystisk vis å prikke inn forma til Grendacupen kvart år likevel. Har det hardaste skotet i årets turnering?

9. HVBS FK

Vi kjenner ikkje til kva forkortinga tyder, men graveredaksjonen vår er på saka. I alle tilfelle er det ikkje så mange aktive her. Likevel er det mange gode spelarar her. Erdal held framleis stand vil vi tru, og Benjamin S og Robin vil nok også levere varene. Eit lite spørsmålsteikn ved kondisjonen hos enkelte når det hardnar til.

Profilen: Sjølvsagt Nicolai Øyehol. Tidlegare aktiv turnar og fotballback som på sine eldre dagar har satsa på kickboksing - med kjempehell. Er no ein av dei beste idrettsutøvarane frå øya, skal vi tru lokalavisa. Under Grendacupen står Nico i mål, eller?

10. Rota Swetchka

Eit spennande lag. Havtor Skeide vann jo 3.-divisjon med Herd i år. HG har speletid for Hødd a-lag. Mjønes gjorde eit bra inntrykk for Hareid i sommar. Hagen har spelt 3.-divisjon for Bergsøy. Litt meir breidde, så hadde vi tippa dei eit par hakk høgre opp.

Profilen: Martinus Røyset Bakken, ein av dei få på øya mellom 10 og 85 utan mobiltelefon. Eller kanskje har han telefon, men han klarer ikkje å bruke den?

11. La Furia Azul

Også ein mørk hest som kan kjempe blant dei tre-fire beste laga på ein god dag. Litt usikker med evig kneskadde Niko R., men har gode namn i broren Joa R., Goggen Olsen, Jørund Johansen, Torgeir Skeide og Lasse Leirstad - for å nemne nokre. Ingen ønskjer å møte dette laget.

Profilen: Denne mannen har blitt ein gjengar i denne spalta, men vi klarer ikkje å la vere i år heller. Har du for åttande året på rad tenkt å stå Grendacup i NC-genseren frå 2006 og den gråkvite fløyelsbuksa di, Kaffi Hestholm?

12. Boca Juniors

Fire påmelde spelarar er ikkje mykje grunnlag å skrive ei vurdering på. Men trass i at to av namna er Venthan og Kajan har dei ikkje meldt på ein einaste utlending enno. Så med det gode kontaktnettverket til Venthan kan det kanskje bli eit bra lag, vil vi tru. Både Audun og Martin er gode innespelarar.

Profilen: Venthan. Hareid IL Fotball a-lag skulle på historisk treningsleir til Asia, og då kunne kanskje mykje gå gale. Men å ikkje rekke snøggbåten frå Hareid til Valderøya burde du ha klart, Venthan.

13. Walk it off!!

Oj. Denne gjengen legg ikkje noko i mellom i duellane. Nesten alle på laget har drive med rugby. Når det gjeld fotball er dei heller ikkje så verst. Kan vere ein kvartfinalekandidat. 

Profilen: Magne Kjell Wingsternes profilerer seg gjerne som ein hardtspelande kar. Men 1 gult kort i 6.-divisjon i år vitnar om ein mjuk og snill spelar. Eller så har han tatt ballen og ikkje mannen. 

14. The Waldos

Mange tidlegare Hareid-juniorar pluss eit par Hasundgot-spelarar. Minst ein av spelarane (la oss kalle han MM) har varsla at han skal på Fantehuset tredje dag jul. La oss håpe at alle waldoane kjem seg opp i tide fjerde dag jul. For den innleiande pulja dei har hamna i er ganske så tøff.

Profilen: Hadde vore typisk å nemne Waldo (M. Hatløy), men vi tek i staden ein annan, la oss kalle han MM - verdas største fan av Kontrollert Kaos. 
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar