22.12. Den ikkje spesielt høgtidlege "rankinga" i herreklassen del 1 av 3
los_pollos.png

Vi begynner med det vi trur blir botnsjiktet.


15. Miro og Co.
 
Lag med mange lovande Hareid-juniorar, pluss eit par frå Hødd. Vil tru vi finn dette laget i nedre mellomsjikt. Mykje kvalitet, men litt lite rutine. 
 
Profilen: Det må vel blir Honar "Miro" Alipoor. Såpass muslimsk at han droppa ei fotballturnering her ei helg for å fare på juleball i Ålesund - sjølv om han går på skule i Ulsteinvik. Skål, Miro!
 
16. Los Pollos Hermanos
 
For oss som har med påmeldinga å gjere er det alltid knytt spenning til kva lagnnamet til Øvrelid Hareide-klanen blir, og ikkje minst kva kallenamn spelarane får. I år betyr lagnamnet noko sånt som "Brørne kyllingar". Kallenamna derimot meiner vi stammar frå fleire forskjellige språk, inkludert tysk. Vi veit at vi stort sett undervurderer Øvrelid Hareide-gjengen år inn og år ut, men vi trur her skal vere mellom 10 og 15 lag som er betre.
 
Profilen: Skinny Pete Hareide. Kan dette vere Peter Hareide, ein av turneringas beste spelarar i fleire år på rad? Har han blitt skalla? Har han blitt tynn? Eller har han fått seg skinnjakke?
 
17. Bizim Takim
 
Har vore med kvart år sidan 2008. Har imponert ein del gonger, men likevel aldri nådd lengre enn 1/8-finalen. Har fylt opp stallen bra i år, med ein fin miks mellom unge og gamle spelarar, dei flest med tilknytning til Hjørby IL. Men sidan Hjørby ikkje stilte lag i år så er kanskje ikkje alle i tipp topp form?
 
Profilen: Evigunge Kurt Haddal blir SÅ glad når han scorar. La oss håpe han gjer det i år også. Verdt inngangsbilletten åline.
 
18. Arrangørlaget
 
Det einaste laget i årets turnering som får dømme kampane sine sjølve. Av ein eller annan grunn vart dei ikkje seeda, men det trengst kanskje ikkje når motstandarane likevel blir vekkdømde etter notar. Etter sigande har også Arrangørlaget førsterett på minst fire prisar i år, inkludert beste spelar og toppscorar. (Når det er sagt har Arrangørlaget eit heilt OK lag. Fleire av spelarane har vunne Grendacupen før. Men når først alt skal fiksast under sjølve turneringa kan det lønne seg å ligge lågt i terrenget i førjulstida.)
 
Profilen: Tommy Tusj er kaptein på dette laget, og ifølgje det nye spesialdesigna reglementet får han starte kvar kamp med tre gratis straffespark - slik dei har litt å gå på før lagets litt hanglande kondisjon treff inn.
 
19. Krædene
 
Litt usikkert i krædeleiren i år. Ein del faste innslag blir fråværande. Men kanskje får dei ein betre lagmix i år, etter å ha stilt berre med høgrebackar i fjor? 
 
Profilen: Søre Sunnmøres nest beste Fotball-Frank, Frank Robert, held framleis stand, sjølv om han ikkje klarte å tangere dei 257 inne- og ballbinge-øktene han møtte til i 2012. 
 
20. #i2
 
Eit lag vi ikkje veit allverda om, men Nikolai Hatløy var kaptein på Hareids gutelag i år om vi ikkje tek heilt feil. Mange unge spelarar her. Må innfinne seg i å kjempe med Hareide om 4.-plassen i si gruppe.
 
Profilen: Nicolas Masters. Eine og åleine fordi det er eit utruleg tøft namn. 
 
21. Hareide
 
Endeleg eit Grendacup-lag der alle har same etternamn. Skal bli artig å sjå den gamle Hareid-spissen Tore Hareide tilbake på parketten. Brørne Frode og Jan Ove var kanskje ikkje like gode i si tid, men vi minnest Jan Ove var viktig for "Tigergutta" på 90-talet. Elles har laget tre mann med fartstid på HIL 2 i år; Steffen, Emil og Arthur - førstnemnde son av Sindre og dei to siste søner av Tore. Laget Hareide blir nok ein publikumsfavoritt, men det blir nok maksimalt 1/8-finale.
 
Profilen: Arthur Hareide gjorde comeback i ein HIL 2-treningskamp i vinter. Valde sjølv å bli bytta ut etter seks minutt grunna dårleg treningsgrunnlag. Har heldigvis blitt betre sidan den gong.
 
22. F*** du skal jer me det?
 
Hamnar strengt tatt sist på denne lista fordi vi veit minst om dei. Men kva i f*** skal vi gjere med det? Melde seg på etter fristen, og har sendt inn dokumentasjon på at dei ikkje har meir enn tre utlendingar på laget. Etter det vi erfarer inkluderer laget nokre unge spelarar frå Hødd og Hasundgot. Eit lag som kan overraske?
 
Profilen: Philip Overvåg. Bror til Henrik Overvåg, ein av dei raskaste i Norge. Kanskje er veslebroren også kjapp i steget?
 
Neste kapittel: Lag 8-14.
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar