13.12. Kåring av tidenes Grendacup-lagnamn

I høve at Grendacupen blir arrangert for 20. gong skal vi kåre tidenes beste lagnamn i Grendacup-samanheng. Ein jury beståande av EOT har plukka ut 20 lagnamn. I parentes ser du namnet på året laget var med (eventuelt første året laget var med). Du røystar ved å skrive i kommentarfeltet på Hareid IL sin facebook-profil.

1. Vagnsgutane (1994)
(Dei fleste har vel frå før høyrt om Vangsgutane? Vagn spelte på dette laget, og vann cupen for første og einaste gong.)
2. Ozonlaget (1994)
3. Grimsby (1995)
(Berre grimstingar med her. Og Grimsby er altså eit brukbart engelsk fotballag.)
4. Yeboahs vitner (1996)
(For unge lesarar kan vi minne om at Tony Yeboah var spiss på Leeds på denne tida. Jehovas vitner er dei som bankar på døra di ein gong i blant og vil lese nokre bibelvers.)
5. Spies Girls (1997)
6. Dolly Partonkirchen (1998)
(Freidig mix av Dolly Parton og Garmisch-Partenkirchen)
7. Fucking Småmål (1999)
(Kanskje juryens favoritt. Alle hugsar vel filmen Fucking Åmål som kom ut på den tida?)
8. Bli med på do? (2001)
(Sjølve lagnamnet kvalifiserer ikkje til ein nominasjon. Men sidan dei var i gruppe med "Meina du det?" og "Nonstop" så let vi tvilen kome til gode.)
9. NedreLeeds (2002)
(Jepp. Eit lag frå Nedrelid.)
10. Systembolaget (2002)
11. Bend It Like Bobo (2002)
(Alle hugsar vel Bend It Like Beckham?)
12. The Very Best of the Pogues minus Oddbjørnatoren (2006)
13. ØvreLeeds (2008)
(Sjå lagnamn 9.)
14. Folk å minnjast (2008)
(Jepp, det var ein viss Hestholm som stod bak dette.)
15. Liggeunderlaget (2008)
16. BordEllen (2008)
(Ja, dei hadde ei som heitte Ellen på laget.)
17. No skal mot spele mot (2009)
(Smått irriterande for speakerane.)
18. Tam IL (2010)
19. Kim Jong IL (2012)
20. Goldplay (2012)
(Jamfør Coldplay.)
Det er sjølvsagt lov å seie frå om nokon gode namn er gløymde.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar