23.12. Gruppe F: Blonk, blonk. Drypp, drypp.

BLUNKEFJES.JPG

;) har lagt litt av eit press på seg sjølv. Frå før av hadde dei tidenes nest mestscorande spelar i turneringa i stallen. No har dei også henta inn den mestscorande. Kan ;) endeleg blunke kjappast etter årets turnering? Det skal vi komme tilbake til. I dag tar vi føre oss gruppe F i herreklassen, som også inkluderer eit lag med ein kommande lege i stallen. Og: Eit lag med ein spelar som slit med ei dryppande nase. Men det betyr ikkje at ”Dr. Snipsøyr & The Funky Bunch” kan hjelpe ”Ho dryppe enda”, reint fotballmessig.

|

23.12. Menn, gruppe E: Ikkje så mykje sjukhejto, eller?

Sjukhejto på Halloween-fest. Blir det også sjukhejto i Hareidhallen, Georg Rise Gaasø?
Sjukhejto på Halloween-fest. Blir det også sjukhejto i Hareidhallen, Georg Rise Gaasø?

”Tunnelkameratane” er det kreative lagnamnet Vagn Scheide Mork sitt stjernegalleri skjuler seg bak. Men kan det slå rein og skjer ”sjukhejto”. Ja. Det trur vi. 

|

22.12. Gruppe D, menn: Endeleg murhusfest?

MURHUS.JPG

Gruppe D i herreklassen er langt frå den svakaste i årets turnering. Her kan det bli både eitt og to gode lag som må pakke saman etter dag éin. "Murhusfest" sitt stjernegalleri blir naturlege favorittar. 2.-plassen blir det hard kamp om. 3.-plassen også for så vidt.

|

22.12. Dameklassen: Mange om beinet denne romjula

Tidlegare Hareid-spelar og landslaggspelar Anita Waage er påmeldt Grendacupen.
Tidlegare Hareid-spelar og landslaggspelar Anita Waage er påmeldt Grendacupen.

Grunna ekstraarbeid med kampoppsettet tysdag kveld, blir presentasjonane av gruppe A og B i dameklassen slått saman.

Heile åtte lag vart med i denne klassen til slutt. Det er fem fleire enn i fjor. Og det er mange år sidan ikkje alle dei deltakande damelaga gjekk vidare til sluttspelet. I år får berre halvparten den gleda. Det gjer interessa rundt denne klassen større enn på lenge.

|

21.12. Gruppe C, menn: Nissemix, pilseballett, huspils, ballettmix...

RHINO.JPG

Ja, deler vi opp dei ulike lagnamna i gruppe C er det i beste Nytt på nytt-stil mykje artig ein kan lage. Men over til det sportslege:

Holemix og HUS smilte nok litt då dei såg årets trekning. Men kan alt skje når nissane dansar ballett og ein viss gjeng har fjerna pilsa?

|

20.12. Viktig melding: Endå eit lag, faktisk

Grendacup-styret har takka ja til å ta inn eit åttande damelag. Påmeldingsfristen var for lengst ute, og eigentleg skulle dette laget fått avslag. Men sidan det no blir to grupper i dameklassen med fire lag i kvar, let vi dei få bli med likevel.

Dette betyr små justeringar for herreklassane som går på ettermiddag og kveld, med tanke på tidspunkt. Heile gruppe B i dameklassen blir flytta seinare ut på dagen.

Nytt kampoppsett er lagt ut.

20.12. Oppmoding: Still med drakter på Grendacupen

Slike skal/kan det gjerast. Laget "Attrus" i 2009 med kledelege gulldrakter.
Slike skal/kan det gjerast. Laget "Attrus" i 2009 med kledelege gulldrakter.

Arrangørane bak årets Grendacup håper så mange lag som mogleg stiller med like drakter, eller skjorter/drakter i like fargar. Det gjer det heile litt meir stas!

Dersom ditt lag ikkje har skaffa drakter til årets turnering, ta gjerne kontakt med oss på hareidsida@gmail. Fotballgruppa har fleire draktsett (som ikkje er i bruk, men heller ikkje er meir enn 2-4 år gamle) som vi kan låne ut til dei som ønskjer det i romjula.

Og hugs: Beste (det vil seie mest kreative eller finaste) draktsett vil bli premierte under premieutdelinga.

20.12. Gruppe B, menn: Null stress i Drammensveien

Espen Beiermann (til venstre) har vunne Grendacupen fire gonger. Tommy Tusj Torsvik ingen.
Espen Beiermann (til venstre) har vunne Grendacupen fire gonger. Tommy Tusj Torsvik ingen.

Den rutinerte gjengen bak laget ”Drammensveien 39” treng ikkje om å stresse for mykje for å vinne gruppe B i herreklassen. ”Stressa” er næraste utfordrar, medan to lag med orientalske namn kjempar om 3.-plassen.

|

20.12. Gruppe B, ungdom: Lag med høg sjølvtillit

Reint statistisk skal det vere lettare å avansere frå gruppe B enn gruppe A i ungdomsklassen. For her deltek berre tre lag – og to av dei får vi sjå at dag to. Vi er nesten heilt sikre på kven det eine av dei to laga blir. Det andre er vi noko meir usikre på. Men vi let oss begeistra av lagnamn som kan tyde på høg sjølvtillit.

19.12. Gruppe A, menn: Amerikansk western, italiensk mafia og BV i manesjen

DEADWOOD_WALLPAPER_1280X1024_1.JPG

Gruppe A i herreklassen er heilt klart ei av dei betre i denne turneringa, om ikkje den beste. Fjorårsvinnarane skal opp mot ei nyvinning med mykje erfaring i stallen. I tillegg kjem eit lag som Bjørn Vegard Bjåstad (etter alt å døme) står bak, men ikkje skal spele på sjølv. Og eit lag som trass namnet ”Lekent” neppe kan leike seg gjennom gruppespelet.

|

19.12. Gruppe A, ungdom: Team Søre?

I gruppe A i ungdomsklassen finn vi lag frå både Hareid, Ulsteinvik og Volda. Vi vil tippe at vi finn mange noverande, tidlegare eller framtidige Team Søre-spelarar i denne gruppa. Vi veit heilt klart meir om herrelaga enn om ungdomslaga, men vi gjer eit forsøk på ei rangering: 

16.12. Små endringar i kampoppsettet

Sidan eitt lag må vere ute av hallen til 21.00, er det gjort små endringar i kamoppsettet for dag éin. Endringane gjeld berre siste del av kvelden, og er no oppdaterte i oppsettet som du finn under 2011 i menyen til venstre.

15.12. Rekord!

38 deltakande lag i Grendacupen er ny rekord. Turneringa vart først arrangert i 1994, og rekorden fram til i år var 37 deltkande lag i 2000 (24+7+6). Det blir strevsamt for arrangørane dette, men samtidig utruleg artig.

15.12. NB. Lag kom inn på overtid, små endringar i kampoppsettet

Eit lag som hadde tenkt å melde seg på ungdomsklassen hadde misforstått påmeldingsfristen, noko dei sa frå om like etter at trekninga var ferdig. Grendacup-generalen let tvilen komme dette laget til gode, så dei får bli med.

Dette fører til nokre endringar i kampoppsettet tidleg om morgonen. I ungdomsgruppe A får no kvart lag tre kampar a 10 minutt i staden for to kampar a 15 minutt. Det nye kampoppsettet ligg no ute.

15.12. Dei tradisjonelle Grendacup-vurderingane

Også i år blir det rom for dei tradisjonelle Grendacup-vurderingane til EOT her på Grendacup-sida. Programmet i år ser slik ut:

Måndag 19. desember: Menn gruppe A og ungdom gruppe A
Tysdag 20. desember: Menn gruppe B og ungdom gruppe B
Onsdag 21. desember: Menn gruppe C og damer gruppe A
Torsdag 22. desember: Menn gruppe D og damer gruppe B
Fredag 23. desember: Menn gruppe E og menn gruppe F
2. juledag: Rankinga 

Det var vel for tre-fire år sidan at EOT prikka inn 19 av 21 rette i gruppespelet. I år er det så mange jamne og tøffe puljer at det neppe skjer. Eller?

15.12. Kampoppsettet er klart

Du finn det under 2011 i menyen til venstre. Grunna den høge påmeldinga i år blir det 12 minutts kampar i puljene med fire lag, og 15 minutts kampar i puljene med tre lag. Dermed unngår vi at dette blir ein nattcup, samtidig som alle laga får spele om lag like mykje dag éin. 

Når det gjeld oppsettet for dag 2, så vart det lagt ut for nokre dagar sidan. Men vi har i kveld flytta fram starten for den dagen til klokka 09.30.

Finn du tekniske feil i kampoppsetta, gjer vel i å kontakt oss på hareidsida@gmail.com

15.12. Trekninga LIVE

Trykk deg vidare for å komme til live-trekninga.

15.12. Påmeldingsfristen er ute, fantastisk påmelding

Heile 37 lag melde seg på i år. Det er ni fleire enn i fjor. Eit sjette ungdomslag melde seg på i siste liten. Det gjer at vi får to grupper også i ungdomsklassen - og det er bra!

Då går styret i gang med å førebu trekninga som startar klokka 20.00.

15.12. Siste sjanse for påmelding

Vi stengjer for påmeldingar klokka 16.30 i dag (torsdag). Vi er kjempenøgde med påmeldingane i år, men skulle gjerne hatt eit sjette lag med i ungdomsklassen. Så det er berre hive seg rundt om du har eit lag!

PS 1. Live-trekninga er utsett til klokka 20.00. Trekninga følgjer du på denne nettsida.

PS 2. Kampoppsettet for dag 2 er alt klart. Det ligg ute under 2011 i menyen til venstre. Oppsettet for dag 1 kjem kanskje seint torsdag kveld - eller fredag.

12.12. Status for påmeldingar

Joachim Røyset er ein av mange spelarar som er påmeldt Grendacupen.
Joachim Røyset er ein av mange spelarar som er påmeldt Grendacupen.

Heilt mot slutten av denne måndagen er statusen slik for påmelde lag.
* Herreklassen har 24 lag. Det vil seie at klassen i utgangspunktet er full. Dei som melder seg frå etter dette blir sett på venteliste.
* Ungdomsklassen har fire lag. Her håper vi på seks. Vi håper ungdommen i Ulstein kommune kan mobilisere og melde på eit par lag. Hugs at utlendingsregelen ikkje gjeld i denne klassen.
* Dameklassen har sju lag. Det er vi nøgde med, men vi tar gjerne imot eit åttande lag.

35 påmelde lag så langt er sju fleire enn totalt i fjor. 

Hugs påmeldingsfristen tordag klokka 16.30.

 

Forhånd.123456789101112131415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar