19.12. Gruppe A, menn: Amerikansk western, italiensk mafia og BV i manesjen

DEADWOOD_WALLPAPER_1280X1024_1.JPG

Gruppe A i herreklassen er heilt klart ei av dei betre i denne turneringa, om ikkje den beste. Fjorårsvinnarane skal opp mot ei nyvinning med mykje erfaring i stallen. I tillegg kjem eit lag som Bjørn Vegard Bjåstad (etter alt å døme) står bak, men ikkje skal spele på sjølv. Og eit lag som trass namnet ”Lekent” neppe kan leike seg gjennom gruppespelet.

1. Deadwood

Påmelde spelarar: Lars Conradi Andersen, Kristian Angelsen, Dag Gøran Brandal, Jan Ove Hansen, Øystein Vik Myklebust, Alexander Paus, Peter Paus, Steffen Sjåstad Uldbæk

Deadwood er både namnet på tre forskjellige stader i USA og ein TV-serie laga av ingen andre enn HBO – utgitt midt på 00-talet. Handlinga derimot er henta frå 1870-talet, og er delvis basert på reelle hendingar. Grunnen til at lagnamnet Deadwood skal vere at eit par av spelarane skal vere lidenskapeleg opptekne av denne TV-serien. Så over til det sportslege. Eit nytt lag av året, men karane kjenner kvarandre godt frå før. Sjølv om ingen av spelarane kanskje er på toppen av sine fotballkarrierar, så skal her vore nok av kvalitet til at laget kjem seg eit stykke vidare i denne turneringa. Steffen Sjåstad Uldbæk har hatt seg eit kvileår etter to sesongar i Hareid, men er alltid i bra form. Dag Gøran Brandal fekk seg eit ufrivillig kvileår grunna eit ankelbrot i vinter, men skal ha trena bra i det siste. Øystein Vik Myklebust skal vere ein av dei betre keeperane i denne turneringa. Brørne Paus er gode inne, og i likskap med Lars Conradi, og for så vidt alle på dette laget, er dei fysiske og ekle å møte. Forma til Grendacup-general Angelsen og søskenbarnet Hansen kjenner vi ikkje til, men i alle fall Hansen kjem nok sikkert til å spele ein del.  Den påmelde troppen er kanskje ikkje så brei, men det bør halde lenge nok i puljespelet. Held P. Paus ryggen i sjakk er han god for over 10 mål i turneringa totalt.

X-factor: Fysikk og rutine hand i hand.

Stjerna: Alexander Paus. Ingen grunn til å setje nokon skrittmålar på denne mannen. Står planta i midten bak, og har ikkje fart i det heile. Men kompenserer mange hakk med si rutine og fotballforståing.

2. 'Ndrangheta

Påmelde spelarar: Audun Orten Trovåg, Henrik Bolstad Banne, Åge Møgster, Lars Andreas Folkestad, Kjetil Steinsvik Paulsen, Andreas Helvig, Håkon Orten Trovåg, Einar Orten Trovåg, Anders Gaustad

Medan Deadwood er amerikansk western, satsar dette laget for tredje år på rad på italiensk mafia. Vann turneringa som La Cosa Nostra i 2009 og Camorra i 2010. No har lagleiar AOT leita fram eit namn frå ein mafiagjeng frå støvelspissen av Italia; 'Ndrangheta (frå Calabria). Stiller noko redusert i høve fjoråret. Tore Bjørge Mjønes har meldt overgang til Sjukhejto. Inn kjem ein gammal kjenning; Henrik Bolstad Banne. Men i likskap med AOT, EOT og prestesonen begynner det å bli vel lenge sidan han var på toppen av sin karriere. Laget må basere seg på at Paulsen, Helvig og Gaustad held like bra stand som i fjor og året før om dette skal gå vegen, samt at Folkestad og HOT har tatt steg sidan i fjor. Men gruppespel har dette laget aldri takla så altfor bra. Fleire av spelarane kjem rett frå ei turnering i Herøy, om dei i det heile tatt kjem dag éin. Vi trur det går som det gjekk med Camorra under fjorårets gruppespel; tunge føter og 2.-plass i gruppa. Så får vi sjå om dei får opp dampen dag to – slik det gjorde i 09 og 10.

X-faktor: Kjetil Steinsvik Paulsen (”Mannen som elskar Grendacupen”), Anders Gaustad og Andreas Helvig har alle gode tekniske ferdigheiter som kan avgjere kampar. Keeper AOT er god med føtene.

Stjerna: Anders Gaustad er Grendacupen sin ”unsong hero”. Kanskje den viktigaste spelaren for dette laget både i 2009 og 2010, utan at han fekk årets spelar-tittelen. Har derimot hatt fotballpause i haust, og det skal bli spennande å sjå korleis det slår ut.

3. BV’s Tam IL

Påmelde spelarar: Thor-Erik Andersen, Anders Eidsvik, Arne Gunnar Nesset, Stian Garnes, Aslak Vikebakk, Magnus Angelshaug, Ole André Kragset

BV (Bjørn Vegard Bjåstad) elskar Grendacupen. Og i tillegg til å vere innlemma i HUS-stallen, er han truleg hjernen bak dette laget. I alle fall om vi skal tru lagnamnet. Når det er sagt er vi litt usikker på korleis vi skal tolke sjølve namnet på laget, men la gå. Gjengen på laget er ikkje ulik den Tam IL 2 hadde i fjor. Sjølv om dei (så vidt) rauk i åttandedelsfinalen gjorde dei då ein bra figur. Og vi fekk sjå at det framleis bur mykje fotball og pågangsmot i karar som Magnus Angelshaug og Aslak Vikebakk. I år har dei også fått med gras-spesialisten Ole André Kragset. Hareid-publikummet fekk i år sjå at Kragset var ein konge på gras, og etter kvart vart han også betre og betre på kunstgras. Men kva med parkett? Det står att å sjå. Elles er Eidsvik, Garnes og Nesset slett ikkje tame, og Thor-Erik Andersen har heldt seg i form ved å spele på Haddal i år. Om alt går vegen kan dette laget vinne pulje A, men i utgangspunktet skal dei her vere ein god nummer tre. Så spørst det om BV har nokre ess i ermet på tampen (les: ein Tam IL?).

X-faktor: Vikebakk og Angelshaug kan sjå så utrena og uinteresserte ut som dei berre vil. Fotball kan dei framleis.

Stjernene: Thor-Erik Andersen og Anders Eidsvik. BV sa ein gong at han ein vakker dag skulle lage eit Grendacup-lag utelukkande beståande av spelarar med raudt hår. Vi ventar framleis i spenning, men to er betre enn ingenting, BV!

4. Lekent

Påmelde spelarar: Erling Andreas Kirkenes, Robin Emdal Fure, Alexander Vattøy, Luis Venthan Ketheeswaran, John Steffen Vattøy, Ole-Johnny Westerås, Andreas Vatne

Også dette er eit av året nytt lag. Det er neppe det svakaste laget i årets turnering, men vi trur dessverre det skal halde hardt å avansere frå denne pulja. Vi kjenner ikkje like godt til alle på dette laget, men det ser ut til å vere ei blanding av juniorspelarar frå Hareid og Tjørvåg. Venthan er ein god juniorspiss så lenge on-knappen er på. Fure er stor og sterk, og ikkje lett å bryne seg på. Alexander Vattøy er kjapp som få – og Westerås kan også vere ei hard nøtt å knekke. Men det spørst om ikkje dette blir litt for ujamt.

X-faktor: Kan dra fordel av at langt frå alle veit kven alle på dette laget er (= undervurdering). Laget har også mykje fart i seg, og kan bli ei uheldig overrasking for tyngre og meir rutinerte karar. ”Lekent” kan det absolutt bli.

Stjerna: Luis Venthan Ketheeswaran. Hadde du hatt ambisjonar om det, Luis Venthan Ketheeswaran, hadde du vore i a-stallen til Hareid. God ballkontroll, bra fart og eit godt skot. Men vil du nok?

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar