23.12. Gruppe F: Blonk, blonk. Drypp, drypp.

BLUNKEFJES.JPG

;) har lagt litt av eit press på seg sjølv. Frå før av hadde dei tidenes nest mestscorande spelar i turneringa i stallen. No har dei også henta inn den mestscorande. Kan ;) endeleg blunke kjappast etter årets turnering? Det skal vi komme tilbake til. I dag tar vi føre oss gruppe F i herreklassen, som også inkluderer eit lag med ein kommande lege i stallen. Og: Eit lag med ein spelar som slit med ei dryppande nase. Men det betyr ikkje at ”Dr. Snipsøyr & The Funky Bunch” kan hjelpe ”Ho dryppe enda”, reint fotballmessig.

1. ;)

Påmelde spelarar: Martin Løset, Marius Rise, Arthur Bakke Garnes, Are Olav Riise, Robert André Breivik, Rune Husø Johansen, Cato Hansrud, Stian André Slotterøy, André Skotheim, Morten Moldskred

Stilte lag første gongen i 2008, og har heldt på om lag dei akkurat same spelarane. I år er det derimot gjort nokre vesentlege forandringar. Berebjelkane (bokstavleg tala) Tommy Torsvik, Jon Arne Haram og Steinar Egset Nupen har skifta beite. Det same har Stig Haugland gjort. På keeperfronten har dei henta tilbake igjen Martin Løset i staden for Thomas Vik Myklebust. Nye utespelarar er André Skotheim, Cato Hansrud, Are Olav Riise og Marius Rise. Det skulle kort fortalt bety at ;) stiller sitt sterkaste lag nokon gong. I fjor vart det fjerdeplass. Året før tapt finale. Det kan veldig bra denne gongen også. Spesielt sidan dei truleg slepp å møte ’Ndrangheta (før eventuelt eit godt stykke opp i rundane) - gjengen som har slått dei ut tre år på rad. Det største spenningsmomentet med dette laget er eigentleg kven som skal spele midtspiss. Vi tippar at tidenes Grendacup-toppscorar André Skotheim får den æra, medan Morten Moldskred må nøye seg ein kantplass. Det nest største spenningsmomentet er om desse to kjem til å sentre til kvarandre under turneringa. For det hadde vel vore kjekt å gått inn i endå eit nytt år som tidenes toppscorar, Skotty?

X-faktor: Brei stall med mange ulike kvalitetar, sjølv om gjennomsnittsalderen er godt over 30 år.

Stjerna: Robert André ”Bobo” Breivik. Kjem aldri med to heilt like fotballstrømper. Er som regel ei oransje og ei blå, eller noko sånt. Stjernenykkar. Definitivt.

2. Dr. Snipsøyr & The Funky Bunch

Påmelde spelarar: Marius Mathia Hareide, Nicolai Øyehol, Magnus Giske Snipsøyr, Benjamin Reite, Patrick Skeide Undli, Marius Slettebakk, Robin Jackson Indreflø, Georg Eikrem Olsen, Kevin Seljeseth, Erdal Aydin

Lite nytt her. Det einaste nye er faktisk at Georg Eikrem Olsen er henta inn. Det bør slå positivt ut. Dette laget har aldri fått det heilt til i Grendacupen, same kor samspelte dei bør vere. Kvartfinale er bestenotering. Litt av problemet er at nokre av spelarane ikkje er like lette og godt trena som dei ein gong var. Men med Eikrem Olsen inn, og ein doktor Snipsøyr i bra fotballform – kan gamle sår ha blitt lega. Det optimale hadde vore om også Erdal Aydin prikkar inn forma i tida. Men held det å starte opptreninga 21. desember? Kanskje. Veit aldri med den mannen.

Usikkert kor godt doktor Snipsøyr og vennene kan gjere det utover dag 2. Men i gruppespelet spår vi ein soleklar andreplass.

X-faktor: Skulle ikkje mangle på fart framover i bana.

Stjerna: Kanskje ikkje den største fotballstjerna, men mest stjernestatus totalt sett har Nicolai Øyehol – som er i norgeseliten i kickboksing. I årets Grendacup tippar vi han prøvar seg som keeper. Kan gå bra, det også.

3. Ho dryppe enda

Påmelde spelarar: Henrik Roppen, Antoni Gardshol, Martinus Warholm, Tony Rasmussen, Bjørnar Sunde Gjerde, Eirik Brandal, Audun Scheide, Tore Rantapelkonen

Ja denne nasa sluttar aldri å dryppe. Har ho endå meir på lager? Visst nok. Og kva med fotballmessige kvalitetar? Joda. Det står heilt greitt til der også. Henrik Ropsky Roppen har samla saman eit typisk åttandedelsfinalelag, vil vi tørre å påstå. Ny av året er Audun Scheide, sist sett som notorisk målscorar på Hødd sitt juniorlag i 2008. Skal bli spennande å sjå kva han kan utrette i dette selskapet. Elles er Bjørnar Sunde Gjerde ein god allroundspelar, og Tony Rasmussen skyt så hardt at sjølv dei opp i kiosken ikkje kan føle seg trygge denne romjula. Alt i alt er spelarmaterialet heilt på det jamne. Vi lurer på om ikkje det er sjølvaste Ranta som tar på seg keeperhanskane for dryppenasene. Sjølv om ikkje det skulle medføre så mange scoringar (rett veg) synest vi at speaker Tommy Tusj kan ta ein runde med Ranta-songen – også i år. På ein god dag kan Ho dryppe enda klare 2.-plass i denne gruppa. I verste fall blir det 4.-plass og tidleg heim. Vi trur mest på ein usikker 3.-plass!

X-faktor: Her er det plass til både skrinne og korpulente. Flott mix av spelarar.

Stjerna: Det kan vel ikkje vere andre enn dryppenasa sjølv; Antoni Gardshol. Er faktisk ein habil fotbalspelar. Og var i si tid ein ganske god ein. Vart sett på som eit stort talent og var innom Hareid sitt a-lag i 2009. Debuten hans mot Hødd a-lag den vinteren kan ingen gløyme (Erik Sandal har neppe blitt takla så hardt verken før eller seinare). Etter at fotballkarrieren til Dryppenasa vart øydelagt av skadar 2010 har han brukt fritida si til... Ja, du veit. Nok om det.

4. Bizim Takim

Påmelde spelarar: Kajan Anton, Kurt Haddal, Emrah Aydin,  Murat Aydin, Sujanthan Visagesan,  Remi Kvalsvik, Venthan Ketheeswaran, Joe Kijjarak

Denne Hjørungavåg IL-baserte gjengen har blitt ein ekte gjengangar i Grendacupen. Har stilt lag under dette (tyrkiske) namnet sidan 2008. Leverte eit uforgløymeleg gruppespel i 2009, då dei vann si innleiande gruppe etter å ha slått fleire sterke lag. Men så rauk dei overraskande ut i åttandelsfinalen. I fjor hadde dei henta inn både Georg Eikrem Olsen og Lars Henrik Hasund, og skuffa då stort med ein sisteplass i si pulje. Kva med årets lag? Venthan er påmeldt fleire lag, men seier i ein kjapp kommentar at det mest truleg blir Bizim Takim han representerer. Erdal Aydin var inne på tanken med å spele på dette laget, men valde Dr. Snipsøyr & Co. Men to av hans fire brør er med her. Det same er veteranen Kurt Haddal, samt ein del andre spelarar på Hjørungavåg sitt sjuarlag. Det inkluderer også Sujanthan, som kunne blitt ein veldig bra spelar om han i si tid hadde satsa (Ja, vi veit det kan seiast om mange). Vi må innrømme at vi er litt skeptiske – totalt sett, og set derfor Bizim Takim opp på ein fjerdeplass her.

X-faktor: Kunne like gjerne ha kalla seg Hjørungavåg IL. Omtrent alle spelar jo der. Ergo: Samspelt gjeng. Spesielt samarbeidet mellom Sujanthan og Kurt H. ryktast å vere godt.

Stjerna: Evigunge Kurt Haddal. Ifølgje skattelistene er han 45 år, minst. Men i ”sin andre ungdom” har han blitt toppscorar for Hjørungavåg fleire år på rad. Og det er framleis krut att i støvlane. 

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar