17.12. EOTs GC-tips

EOT har lada opp til Grendacupen med å slå eit slag for den tradisjonelle innandørsballen. Bjørn Oskar Haukeberg i fotballkrinsen har ikkje uventa ei anna meining.
EOT har lada opp til Grendacupen med å slå eit slag for den tradisjonelle innandørsballen. Bjørn Oskar Haukeberg i fotballkrinsen har ikkje uventa ei anna meining.

Takka vere Lefdal og butikksjef Eiliv-Tore Howlid har redaktør for Grendacup-sida EOT no fått seg ein låne-PC til å ha i jula. Og dermed er det snart klart for dei tradisjonsrike GC-tipsa til EOT. Programmet ser slik ut:

17. desember (litt ut på kvelden ein gong): Herre-gruppe A
18. desember: Herre-gruppe B
19. desember: Herre-gruppe C
20. desember: Damer og ungdom
21. desember: Herre-gruppe D
22. desember: Herre-gruppe E

Dette er faktisk 7. året på rad med EOTs GC-tips. Konseptet går ut på å tippe rett plassering på laga i puljespelet. I 2007 fekk EOT 19 av 21 rette i herreklassen (hadde hans eige lag komme på 2.-plass og ikkje 1-.plass i den gruppa hadde det blitt 21 av 21). Men i år er det så mange gode og jamne grupper at det skal svært godt gjerast å få eit slikt resultat igjen.

17.12. Ny rekord i brukarar innom Grendacup-sida

I løpet av onsdagen var 1764 PC-ar innom Grendacup-sida. Av dei 1299 etter klokka 20.00, då trekninga meir eller mindre vart liva på sida. Det slår fjorårets rekord, då 1097 unike brukarar følgde trekninga. Applaus!

17.12. Kampprogrammet er no klart

Det ligg under 2010 i menyen til venstre. Å lage kampprogram er ingen dans på roser, faktisk, men no har vi komme i mål. Merk at vi gjer det på same måten som i fjor i gruppespelet; 15 minutts kampar i puljer med fire (eller tre lag), 12 minutt i pulja med fem lag.

15.12. Kampoppsett

Vi satsar på å ha kampoppsettet klart i løpet av torsdag ettermiddag. Gruppene finn de som kjent under livetrekninga.

Vi satsar også på at første utgåve av dei tradisjonelle GC-tipsa til EOT blir lagt ut fredag.

15.12. LIVE-trekninga

Trekninga er no ferdig.

13.12. LIVE-trekning av Grendacup-puljene onsdag klokka 20.00

I fjor hadde vi på det meste 1097 unike brukarar som følgde trekninga LIVE. Kan vi slå det i år?

Minner om påmeldingsfristen klokka 18.00 onsdag. Lag som melder seg på etter det får ikkje bli med...

11.12. Dersom du har fått nye spelarar på laget ditt...

som ikkje du har meldt på, kan du gjere det ved å sende ein mail til hareidsida@gmail.com. Endeleg påmelding er som vanleg ikkje før ein halvtime før første kamp. Men med tanke på seedinga som blir gjort 15. eller 16. desember kan det vere lurt å ha sendt inn namn på alle ein har skaffa til laget sitt. Ein kan også fjerne spelarar frå laglista.

10.12. Presisering om utlendingsregelen

Det står i utlendingsregelen at ein spelar som har spelt for Hareid i år og framleis står i klubben ved sesongen utløp blir rekna som hareidsdølar, sjølv om dei ikkje oppfyller dei vanlege krava. Men når det gjeld dei som har vore prøvespelarar no i haust og har spelt treningskampar for a-laget, så er det ikkje hareidsdølar med mindre dei har meldt seg inn i Hareid.

10.12. Hugs påmeldingsfristen

Onsdag 15. desember klokka 18.00

01.12. Status påmelding

Det er no 14 dagar til påmeldingsfristen går ut, og påmeldinga er i rute og vel så det, spesielt i herreklassen. Vi har på plass:
- 16 herrelag (altså gode utsikter for 24 med litt mobilisering)
- 2 damelag (her bør vi ha fire)
- 3 ungdomslag (bør ha fire eller seks)

22.11. Skal premiere fleire i år

Grendacup-styret jobbar kontinuerleg med å gjere årets turnering så god, kjekk og publikumsunderhaldande som mogleg. Derfor har styret bestemt at det i år blir utdelt både gull og sølv i dame- og ungdsomsklassane, og gull, sølv og bronse i herreklassen.
- Eg må først presisere at det viktigaste med Grendacupen er å delta og å ha det moro. Det går over alt. Men det er sjølvsagt også fleire lag som går for å vinne dei ulike klassane. Og vi har sett dei siste åra at for nokre lag kan det vere ein nedtur dersom dei ryk ut i semien eller taper finalen - sjølv om det er ein god prestasjon dei har gjort. Derfor vil vi år premiere fleire lag. For å seie det slik, det er jo veldig bra å bli nummer 2 eller 3 av 22-24 lag i herreklassen, seier Grendacup-formann Kristian Angelsen i ein kommentar til Hareid-sida.

Denne nyvinninga gjer at det vil bli spelt bronsefinale i herreklassen, truleg like før sjølve finalen. Kor lang ein slik kamp blir er ikkje bestemt. Elles blir kåringane omlag dei same som i fjor. Det vil seie pokal for
- beste spelar (ein for kvar klasse)
- toppscorar (ein for kvar klasse)
- årets mål
- årets prestasjon
- finaste/beste drakter
- tribuneslitaren
+ evt. spelarar som når 100 mål gjennom Grendacup-historia

Kven som vann dei ulike kategoriane i fjor finn du her.

- Er det elles noko nytt frå Grendacup-komiteen, Kristian Angelsen?

- Vi jobbar kontinuerleg med å gjere cupen så god og underhaldande som mogleg. Eg kan ikkje røpe meir enn kva eg alt har gjort no, men det kjem nok til å dukke opp ei overrasking eller to når det lid på.

11.11. Status påmelding

Vi har no hatt ope for påmeldingar i vel 10 døgn. Status er 6 herrelag og 1 damelag så langt. Vi reknar med å fylle opp dei fleste klassane etter kvart, så det lønner seg å melde på laget sitt innan november er over.

01.11. Då er påmeldinga i gang

Første lag har alt meldt si teneste, og det er eit lag som liknar fjorårets vinnarar av herreklassen. Men dei har skifta ut eit par spelarar, samt bytta namn. Gå inn på 2010 i venstremargen og les meir.

29.10. Gjesteboka er opna

Etter eit par år utan gjestebok på Grendacup-sida, er ho no opna igjen. Gjesteboka kan brukast til det meste; debattar, mimring, eller for å finne spelarar til ditt GC-lag. Køyr debatt!

29.10. Ope for påmelding frå måndag av, utlendingsregelen er endra

 

Då har det vore styremøte i Grendacup-komiteen, og vi kan meddele at prøveordninga for 2009 med fire utlendingar ikkje får fornya tillit. Utlendingsreglane for 2010 blir slik:
* Eit herrelag kan nytte inntil tre "utlendingar"
* Ein utlending er ein spelar som ikkje har budd minst tre år i Hareid kommune.
* Eller ikkje har spelt minst 50 kampar (a og/eller b) for Hareid (jamfør adelskalenderen).
* Dei som har spelt kampar for Hareid a-lag, Hareid 2 eller Hareid junior i inneverande sesong, og står framleis i Hareid IL Fotball ved sesongens utløp blir rekna som hareidsdølar.

 

Trykk deg vidare og les intervju med Grendacup-formann Kristian Angelsen.

18.10. Grendacup også i år

For 17. året på rad.

Det skal bli halde eit styremøte om ikkje lenge i GC-komiteen, og etter det kjem vi tilbake med reglane for 2010 og mykje anna.

Følg med, folkens.

24.01. Bileta

frå køppen er no lagt inn under 2009.

Grendacupen 2009 - ei slags oppsummering

Den gjeve pokalen står no på rommet til La Cosa Nostra-oppmann Audun Orten Trovåg.

Den gjeve pokalen står no på rommet til La Cosa Nostra-oppmann Audun Orten Trovåg.

Då er den 16. utgåva av Grendacupen historie. Vi må få kalle turneringa nok ein kjempesuksess. Hallen for proppfull av folk - som vanleg. Og i endå større grad enn tidlegare fekk vi mange spennande kampar - og mange overraskingar

Grendacupen 2009: Vinnarar og premiar

Vinnar herreklassen: La Cosa Nostra
(Carsten Grüner, Sebastian Grüner, Audun Orten Trovåg, Einar Orten Trovåg, Henrik Bolstad Banne, Åge Møgster, Kjetil Steinsvik Paulsen, Andreas Helvig, Torgeir Skeide, Anders Gaustad)
Vinnar dameklassen: Alle skal få
(Synne Ryan, Elisabeth Sunde, Camilla Ervik, Martha Helvig, Mari Vikanes, Caroline Overvåg, Andrea Sævik)
Vinnar ungdomsklassen: G4mr3rz
(Henrik Grimstad, Lars Mork, På Skeide, Mikal Haanes, Kjetil Knotten, Eirik Mjønes)

Toppscorar herrer: Morten Moldskred - 12 mål
Toppscorar damer: Caroline Overvåg - 6 mål
Toppscorar ungdom: Håkon Orten Trovåg 7 mål
Beste herrespelar: Kjetil Steinsvik Paulsen
Beste damespelar: Aina Kvamme
Beste ungdomsspelar: Lars Mork
Tribuneslitarane: Kurt Brandal og Christian Mork
Beste drakter: Holemix
100 mål: Harald Åsland Riise og André Skotheim
Beste mål: Oskar Gunnarstein
Årets prestasjon: Krympegasskollektivet

Meir om turneringa kjem.

Vi beklagar at det per no ikkje går an å legge ut bilete frå turneringa.

Resultat dag 2

1/8-finalar menn:
1. La Cosa Nostra - Kræda e færdi jåtta 4-0
2. Reina - Slå å gå 5-1
3. Tapt finale før? - Eit brukbart lag 2-1 (Dei brukbare framleis utan innbyttarar, men no med Rikk Hunstad i mål. Leia 1-0, men det siste minuttet snudde Kjellis Skarshaug og Svein Inge Nesset.  TFF? møter La Cosa Nostra i kvarten)
4. Bizim Takim - Krympegasskollektivet 3-4 (To avgjerande mål av Vegard Øvrelid. Lenge leve Wimbledon)
5. ;) - Eiliv og gutta 4-0 (Enkel siger. Morten G Moldskred oppe i 95 mål. Martin Løseth sora 4-0 på straffe)
6. Glade Guttar 10 - Tam IL 1-3 (Eit aldri så lite skrell)
7. The Invictus - T. kRiise 2-1
8. Holemix - Attrus 3-5 (Holemix med Tommy Walaunet i mål med overraskande tidleg exit)

Klare kvartfinalar:

1. La Cosa Nostra - Tapt finale før? 4-2
(Jamn og tett kamp. Kjetil Paulsen begynner for alvor å finne forma, og var toneangivande for mafiosaen)
2. Reina - Krympegasskollektivet 4-5
(Litt av ei bombe. Det samansette gamle Hareid-heltar/unge Herd-gutar-laget er klare for semifinale. Joachim Fiksdal avgjorde like før slutt)
3. ;) - The Invictus 4-3 (Meget spennande kamp. ;) leia 2-0 etter to Stig Haugland-mål, før Marius Slettebakk stal showet og scora 2-1 og 2-2. Så sette Simen Rasmussen inn 3-2 til Invictus på eit vakkert skot, før Stig Haugland utlikna. Til slutt vakna Morten Moldskred og sende ;) til semi)
4. Tam IL - Attrus 1-2 (Nok ein ulideleg spennande kamp. Tam IL har overraska positivt i år, men kom knapt til kort)

Semi ungdom:

1. G4mr3rz - No skal mot spele mot 4-0
2. Goalgetters - Papp og papir 4-0

Semifinalar menn:
1. La Cosa Nostra - Krympegasskollektivet 7-2
(Jamn start, men klasseforskjell siste halvdel. Krympelaget sleit med skadar, men skal ha all ære for ein kjempebra og overraskande turnering)
2. ;) - Attrus 6-3 (Attrus begynte å gå tomme, og klarte ikkje å følgje med heile vegen.

Turnoppvisning

Finale, ungdom:

G4mr3rz vs Goalgetters 2-0
(Henrik Grimstad vart den store finalehelten med sine to mål. "Gamers" vann turneringa utan å bruke innbyttarar. Vi gratulerer med tittelen)

Finale, damer:

Alle skal få vs Matprat.no 5-2
(Fortent siger)

Finale, herrer:

La Cosa Nostra vs ;) 4-1
;) tok leiinga på eit sjølvmål av Anders Gaustad, men han og La Cosa Nostra kom meisterleg tilbake. Gaustad scora eitt og Kjetil Paulsen tre.

Forhånd.1...131415161718Neste
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar