29.10. Ope for påmelding frå måndag av, utlendingsregelen er endra

 

Då har det vore styremøte i Grendacup-komiteen, og vi kan meddele at prøveordninga for 2009 med fire utlendingar ikkje får fornya tillit. Utlendingsreglane for 2010 blir slik:
* Eit herrelag kan nytte inntil tre "utlendingar"
* Ein utlending er ein spelar som ikkje har budd minst tre år i Hareid kommune.
* Eller ikkje har spelt minst 50 kampar (a og/eller b) for Hareid (jamfør adelskalenderen).
* Dei som har spelt kampar for Hareid a-lag, Hareid 2 eller Hareid junior i inneverande sesong, og står framleis i Hareid IL Fotball ved sesongens utløp blir rekna som hareidsdølar.

 

Trykk deg vidare og les intervju med Grendacup-formann Kristian Angelsen.

Skal arrangere tidenes Grendacup

 

For 17. året på rad blir Grendacupen avvikla i Hareidhallen 28. og 29. desember. Og for 11. året på rad står Hareid si fotballgruppe som arrangørar. Grendacup-formann Kristian Angelsen vil ikkje røpe alt no, men påstår at årets Grendacup blir tidenes beste.

- Det er sjølvsagt vanskeleg at eit så populært arrangement som Grendacupen skal bli betre og betre år for år, for hallen har vore proppfull kvart einaste år, men vi har ein del ting på lager som skal gjere cupen endå meir underhaldnande enn tidlegare, seier Angelsen.
- Kva legg du i dette?
- Eg viser til slagordet vårt; "Grendacupen - meir enn ein cup", som betyr at dette er eit arrangement som til og med folk utan den minste interesse for fotball likar. Men akkurat kva ekstra krydder vi skal ha i grauten i år kjem vi ikkje til å røpe før det nærmar seg jul, smiler Kristian Angelsen.
I fjor deltok 22 herrelag, 6 ungdomslag og 4 damelag i cupen. I herreklassen vart det gjort ei prøveordning som gjekk på at fire "utlendingar" (dvs. budd mindre enn tre år på Hareid, eller med tilstrekkeleg tal Hareid-kampar, les meir om reglane på GC-sida), kunne delta per lag. Men det vart med det eine året med denne ordninga, fortel Angelsen.
- Målet med prøveordninga var å sjå om vi kunne bli endå fleire lag. Men det gjorde det ikkje. Det var også svært få lag som nytta seg av prøveordninga, og derfor går vi tilbake til den gamle malen med tre utlendingar. Men det er framleis slik at om du har 50 Hareid-kampar (a og/eller b), eller har vore aktiv på a-lag, HIL 2 eller junior i år, så går du for å vere hareidsdøl, forklarer Angelsen.
- Men likevel satsar de på 24 lag i herreklassen?
- Det håper og trur eg at vi skal klare. Vi var nære i fjor. Det typiske er at folk ikkje får fingeren ut tidsnok og får laga seg eit lag saman med kompisar, sjølv om dei har lyst. Men vi ser at sosiale medium som facebook blir meir og meir populære, og derfor skulle det vere enklare enn før å lage seg eit lag. Så eg oppmodar folk alt no om å finne ein gjeng kompisar og lage seg eit lag. Hugs, dette er ikkje eit turnering der du må vere proff for å delta. Cupen er for alle på alle ferdigheitsnivå. Og det er ingenting som er artigare enn om det er ein mann eller ei dame som ikkje har spelt fotball på 10-15 år som plutseleg knyt på seg fotballskorne igjen, avsluttar ein optimistisk Grendacup-general.
Som henviser til Hareid IL si Grendacup-side for meir informasjon. Den blir oppdatert i desse dagar med infoen for 2010. Det går an å melde på lag frå 1. november. Er de uklarheiter rundt reglar eller påmelding, må Kristian Angelsen eller internettsjef Einar Orten Trovåg kontaktast.

 

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar