Grendacupen 2009 - ei slags oppsummering

Den gjeve pokalen står no på rommet til La Cosa Nostra-oppmann Audun Orten Trovåg.

Den gjeve pokalen står no på rommet til La Cosa Nostra-oppmann Audun Orten Trovåg.

Då er den 16. utgåva av Grendacupen historie. Vi må få kalle turneringa nok ein kjempesuksess. Hallen for proppfull av folk - som vanleg. Og i endå større grad enn tidlegare fekk vi mange spennande kampar - og mange overraskingar

Kanskje noko uventa for nokre var det La Cosa Nostra som gjekk til topps i herreklassen. Trovåg x 2, Grüner x 2 og Banne stilte lag saman for femte år på rad, med Åge Møgster med for fjerde gong og Kjetil Steinsvik Paulsen på tredje året. Laget har blitt betre år for år, og sjølv om ikkje Vegard Heltne og Emil Viddal fekk bli med så var laget i år svært solid. Gode defensivt og kreative og kraftige offensivt. La Cosa Nostra gjekk gjennom turneringa utan poengtap, og med 7-2 i semien og 4-1 i finalen var det aldri tvil. Kjetil "Mannen som elskar Grendacupen" Paulsen vart kåra til turneringas beste, og det var vel heller aldri tvil om det. Han var svært tonesetjande i finalen med sine tre mål. Ni mål totalt let seg også høyre, spesielt sidan Kjetil berre spelte dag 2. Dei som scora nest mest på laget var forresten Åge Møgster (6) og Einar Orten Trovåg (5), til tross for at den duoen var oftare på benken enn i scoringsposisjon.
;) var favorittar før cupen, men klarte ikkje å innfri. Morten Moldskred vart årets toppscorar i turneringa, men var ikkje like god som i 2007. Kanskje var ikkje medspelarane hans av same kvalitet som den gong? Uansett gjorde ;) ei bra turnering. Vi hugsar kanskje spesielt godt dei mange redningane til Martin Løseth i semien.
Av dei andre favorittane var det ikkje mange som leverte som venta. Gruppe B var knalltøff dag 1, men ingen av dei tre laga som gjekk vidare frå gruppa kom lengre enn til kvartfinalen.
- Reina var gode heilt fram til dei høgst overraskande tapte mot Krympegass i kvarten.
- The Invictus må vi seie imponerte oss, men dei møtte hard mostand i ;) i kvarten, og dermed var det eventyret over.
- Tapt finale før? tapte denne gongen ein kvartfinale - mot La Cosa Nostra.
Holemix og T. kRiise rauk alt i 1/8-finalen. Det kladda for dei to laga i dei fleste kampane.
Eit brukbart lag var artige å sjå på og gjekk gjennom gruppespelet utan tap - og det utan innbyttarar og med Sturla Pilskog i mål. Men i 1/8-finalen var TFF? så vidt for sterke.
- Dei som vann i fjor vart som kjent sist i gruppe B. Det har neppe skjedd tidlegare at dei regjerande meisterane går ut alt dag 1.
Om det var mange som underpresterte, så var det fleire lag som var betre enn vi trudde.
- Krympegasskollektivet gjekk vidare som 3. lag i si gruppe, men gjekk heilt til semien. Ikkje mykje å seie på at dei fekk pokal for "årets prestasjon".
- Attrus visste vi hadde mykje inne, og dei heldt det gåande heilt til semien. Tyngde og ungdom er ein bra kombinasjon viste det seg, og tyngst av alt var skotet til Oskar Gunnarstein i semien som vart kåra til årets mål.
- Tam IL var det ingen som hadde heilt trua på før cupen, men dei var langt betre enn venta. Sjølv om dei hadde fleire gamle heltar som ikkje har spelt aktivt dei siste åra, klarte TamIL-ane å nå kvarten ved hjelp av god innsats og lagmoral. Dei var heller ikkje langt unda semien.
- Bizim Takim var den store overraskinga dag 1, då dei vann gruppa si framfor T. kRiise og Eiliv og Gutta. Men dag 2 var det stopp i 1/8-finalen. Uansett fekk vi mange minnerike stunder med Kurt Haddal, Sujanthan og co.
- Ein av dei store prestasjonane fekk vi frå tilskodarhald. Verken Christian Mork eller Kurt Brandal var ute av hallen under turneringa, og heilt fortent vart begge kåra til årets tribuneslitarar. Kurt stod att på til på same plassen samtlige sekund.
I ungdomsklassen vart det i år Hareid mot Ulstein i finalen. Og Ulstein, i form at "Gamers", trekte det lengste strået. Dei hadde ikkje innbyttarar dag 2, men vart eit godt lag. Hareidslaget "Goalgetters" fekk likevel ein pokal, i form av toppscorartittelen til Håkon Orten Trovåg. I dameklassen var det vel eigentleg aldri nokon tvil om kvar pokalen skulle hamne. Det var hos "Alle skal få". Men det var fleire enn Alle skal få som fekk. Keeper på sølvlaget matprat.no, Aina Kvamme, imponerte såpass at ho vart årets spelar. Alle skal få-lagleiar Caroline Overvåg fekk toppscorartittelen.
PS. I siste liten har vi laga ei ny kåring, dog utan pokal: Årets "Alt var så mykje betre i 2008": Per Ståle Nykrem.

Vel blåst.

I løpet av nokre dagar kjem vi med oppdatert statistikk og mange bilete.

dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar