20.12. Gruppe B, menn: Null stress i Drammensveien

Espen Beiermann (til venstre) har vunne Grendacupen fire gonger. Tommy Tusj Torsvik ingen.
Espen Beiermann (til venstre) har vunne Grendacupen fire gonger. Tommy Tusj Torsvik ingen.

Den rutinerte gjengen bak laget ”Drammensveien 39” treng ikkje om å stresse for mykje for å vinne gruppe B i herreklassen. ”Stressa” er næraste utfordrar, medan to lag med orientalske namn kjempar om 3.-plassen.

1. Drammensveien 39

Påmelde spelarar: Kim René Vågeskar, Espen Beiermann, Roy Inge Brandal, André Egset Nupen, Steinar Egset Nupen, Tore Johan Ytre-Hauge, Per Ståle Nykrem, Olav Haug Vikebakk, Tommy Tusj Torsvik, Stig Haugland

Tidenes Grendacup-konge, den einaste som har blitt kåra til beste spelar i herreklassen to gonger (2000 og 2005), heiter André Egset Nupen. Ikkje mindre enn fem gonger har han spelt på vinnarlaget. Storebror Steinar kan skilte med fire gull. Det same kan kongen innehavar av bustaden på adressa Drammensvegen 39; Espen Beiermann. Roy Inge Brandal kan skilte med to gull, medan Per Ståle Nykrem , Tore Johan Ytre-Hauge og Olav Haug Vikebakk (tilbake i 1998) kan skilte med eitt kvar. Men her er ikkje berre ”metta” spelarar på dette laget. Tommy Tusj Torsvik og Stig Haugland skal visst nok vere dei einaste spelarane som har delteke i alle år mellom 1994 og 2010 utan å vinne turneringa. Og både i 2005 og 2006 var Kim René Vågeskar målvakt på laget som tapte finalen – ein situasjon Per Ståle Nykrem (som utespelar vel å merke) var i seinast i fjor. Er det i år det skal skje for dei tre sistnemnde? Og skal ”Drua” Nupen ta sitt sjette gull?

Det kjem vi tilbake til seinare. I dag skal det handle om gruppe B. Og sjølv om det ryktast at Vågeskar kanskje ikkje dukkar opp før dag 2, trur vi det blir ni poeng for Drammensveien 39 i denne gruppa. Sjølv om ikkje alle på laget har spelt like mykje fotball denne sesongen er gjengen så rutinerte og teknisk og taktisk gode at det må store kanonar til på motsett banehalvdel for å felle dei.

X-faktor: Held ballen i laget og dreg ned tempoet når det trengst. Set full fart og køyrer på når det trengst.

Stjerna: Kjem ikkje utanom Per Ståle ”Pers” Nykrem. Ingen kan vel gløyme æresrundane han sprang rundt om kring i Hareidhallen i 2008. Då ”Dei som vann i fjor” overraskande rauk ut i gruppespelet året etter var ikkje tonen heilt den same. Med Pers blir det show – uansett!

2. Stressa

Påmelde spelarar: Kristoffer Riise, Nikolai Røyset, Torgeir Skeide, Lasse Leirstad, Thomas Østrem, Vegard Heltne, Arild Hånes

Niko har stilt lag sidan 2006, og det er omtrent same gjengen som går igjen år etter år. Gjennomgangsmelodien har vore få spelarar, eit litt avslappande forhold til kampoppsettet og som oftast over og ut i 1/8-finalen. Med andre ord: Null stress. Sjølve kroneksempelet kom i 2008, då ";)" stod på motsett banehalvdel i 1/8-finalen. Niko og co. hadde eit godt lag, men Andreas Rekdal og Torgeir Skeide hadde ikkje fått med seg når kampen skulle starte, og kom først då det var att sju minutt. Då leia ;) alt med mange mål. Men etter at det vart fem mot fem på bana var faktisk laget som då kalla seg ”Care Bears” best.

Det skal gå an å lage ein veldig bra førstefemmar av det Stressa har meldt på i år. Sjå berre her: Riise – Røyset, Skeide, Leirstad – Heltne. Men om dei ikkje sankar inn nokre ekstra spelarar på tampen går det nok som det brukar å gå: Bra første dagen, men over og ut i 1/8-finalen.

X-faktor: Samspelt gjeng. God førstefemmar.

Stjerna: Det må vel vere Hødd-profilen Vegard Heltne. Men har han fått fri til å spele begge dagane i år?

3. Jawanan

Påmelde spelarar: Hiwa Alipoor, Honar Alipoor, Omed Alipoor, Ali Khawari, Reza Khawari

Fem mann er litt lite, men Alipoor/Khawari-gjengen har endå ikkje brukt ein einaste spelar av utlendingskvota. Så her kan det komme overgangar på overtid. Eit tilsvarande lag møtte også i fjor eit lag som tilsvarar ” FC Kurwaompalumpa”. Då vann Hiwa og co. Og det trur vi dei gjer i år også. Hiwa vart toppscorar på Flø IL i år, og heile denne gjengen skal angjeveleg halde forma ved like på ”kommunetrimmen” torsdagskveldane. Blir uansett i beste fall avansement som eitt av dei fire laga som går vidare som trearar frå sine grupper.

X-faktor: Tilhøyrer berre to familiar. Ergo; samspelte.

Stjerna: Hiwa Alipoor vart toppscorar på Flø i år framfor sjølvaste EOT. Det fortener stjernestatus.

4. FC Kurwaompalumpa

Påmelde spelarar: Torstein Holstad Sivertsen, Arthur Hareide jr., Emil Hareide, Åge Karlsen, David Røren, Anders Jensen

Verke ei kjapp brainstorming eller eit googlesøk gir oss svar på kva lagnamnet betyr for noko. Dersom dei har valt dette namnet berre for å lage kvalm for sekretæren i Grendacup-styret betyr det minuspoeng... Reint kvalitetsmessig kan dette i beste fall bli ein tredjeplass i gruppa. Men sjølv om vi ikkje kjenner så godt til dei to sistnemnde i stallen, så har vi ein mistanke om at dei blir gruppejumboar. Torstein og Arthur har så vidt vore innom juniorlaget til Hareid, og Emil har vore bankers på gutelaget. Kva så med stefar Åge? Var i si tid ein profilert Hjørungavåg-spelar, og har også a-kampar for Hareid. Men det begynner å bli 20 år sidan. Beklagar, Torstein. Artig lagnamn. Men vi trur speakeren slepp å lese det opp dag to.

X-faktor: Også her høyrer halve laget til same familie. Det kan vere eit pluss.

Stjerna: Vanskeleg å komme utanom Torstein Holstad Sivertsen her. Kanskje ikkje den som legg igjen flest meter i Hareidhallen denne romjula. Men teknikken er det ingenting i vegen med. 

|
dm.jpg

          Generalsponsor

   

           

             Sponsorar